Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om eBehandling

Kva er eBehandling?

eBehandling tilbyr og utviklar veileda internettbehandling for vanlege psykiske lidingar.

Kva er eBehandling?

eBehandling er veileda internettbehandling som inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv atferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Med denne behandlingsmetoden kan ein nå pasientgrupper som elles har høg terskel for å søke hjelp, og behandlingskapasiteten til kvar enkelt terapeut aukar.​

  • Behandlinga varar inntil 12 veker. 
  • Behandlinga er nettbasert, og du får vekentleg kontakt med behandlar via meldingar i programmet. 
  • Behandlinga er inndelt i kapittel med tekst du skal lese og oppgåver du skal gjere. 
Med internettbehandlinga slepp du reiseveg til behandlinga, og du får moglegheit til å jobbe med behandlinga når det passar best for deg. Du kan sjølv ta direkte kontakt med eBehandling. Du treng ikkje henvisning frå fastlegen. Vi anbefalar at du leser informasjonen du finner under «Behandlingsprogramma» før du startar med eBehandling. Der finn du også første kapittel i kvart av behandlingsprogramma.
 
Våren 2024 vart behandlingsprogramma oppdatert med nytt innhald, og i denne samanhengen endrar vi også navn frå eMeistring til eBehandling.

Historia

Tidlegare eMeistring i Helse Bergen har behandla angstlidingar sidan 2013 og depresjon sidan 2015. I 2014 blei det oppretta ei eiga eMeistring-avdeling ved Solli DPS i Bergen, og ved Sykehuset i Vestfold. I 2018 blei tilbodet tilgjengeleg også ved Nidaros DPS​, og i Helse Fonna​, Helse Førde og i Helse Stavanger​ i 2020. I løpet av hausten 2021 blei eMeistring også starta i heile helseregion Sør-Øst​.  

eBehandling tilbyr behandlingsprogram for panikkliding, sosial angst og depresjon. Våre tenester er tilgjengelege, fleksible og har høg kvalitet. Behandlingsmetoden vi brukar vert kalla veileda internettbehandling. I 2019 vart terapeutveileda internettbehandling godkjent som metode av Beslutningsforum for nye metodar i spesialisthelsetenesta.

Beslutningsforum - Metodevurdering eMeistring

Sist oppdatert 16.04.2024