Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandlingsprogramma

eBehandling byggjer på kognitiv atferdsterapi, som har vist seg å være effektiv behandling av depresjon og angstlidingar.

eBehandling nyttar kognitiv atferdsterapi, og behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Ein viktig del av angstbehandlinga er å systematisk utsetje seg for situasjonar som fører til angst og å arbeide systematisk med å få nye erfaringar i møte med angst. I depresjons-programmet jobbar ein også med å kome igang med aktivitet og skape gode vanar i kvardagen.

Kognitiv atferdsterapi er godt dokumentert av psykologisk forskning, og vert anbefalt i nasjonale retningslinjer for depresjonsbehandling i dei fleste land i verda.

Her kan du lese første kapittel i behandlingsprogramma. Desse vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi anbefalar at du les gjennom desse før du søker behandling hjå oss.  

Her er nokre tilbakemeldingar vi har fått frå tidlegare pasientar:

"Eg er ikkje lenger så redd symptom som kjem med angsten"

"Eg forstår angsten og er ikkje lenger så redd han"

"Eg er blitt mindre redd for panikkangsten"

"Eg har lært at dette er normale reaksjonar for menneske, og at eg ikkje er aleine med å ha eit angstproblem"

"Eg har fått tillit til teknikkar som hjelper meg til å meistre angsten"

"Eg tenkjer at eg skal klare å takle situasjonar som før synast umogelege"

"Eg har lært å puste med magen, no køyrer eg bil"

Les meir om behandlingsprogramma:

Brukarstøtte eBehandling

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eBehandling kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga.

Brukarstøtte
Store puslespillbiter med tre personar plassert ulike stader.
Sist oppdatert 24.04.2024