Undersøking
Visuelt fremkalte responer (VER)
VER undersøkjer synsnervane sine evner til å leia impulsar frå auga til synsbarken i hjernen. Ein aktiverer synsnerven med lys eller ulike typar mønsterstimulering. Slik stimulering framkalla (oftast) ein respons i synsbarken.Før
Førebuingar:
- Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje andre beskjeder er gitt.
- For at prøven skal bli teknisk god, bør håret vere nyvaska og tørt. (ikkje bruk andre hårprodukt enn nøytral shampo)
- Personer som bruker briller bør ha dei med.
- Barn kan ha med leikar, smokk, tåteflaske etc.
Under
Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
- Undersøkinga er smertefri.
- Under undersøkinga er det mørkt i rommet.
- Personen sitter vanleg vis på ein stol under undersøkinga. Er ein sengeliggjande, kan undersøkinga utførast i seng. Barn kan sitte på fanget til ein av foreldrene, evt. Liggja i barnevogna.
- Elektrodar vert festa på hovudet.
- Auga vert undersøkt kvar for seg. Det auga som ikkje vert stimulert vert tildekt med ein augelapp.
- Personer som kan sitja og konsentrera seg under undersøkinga, får synsnerva stimulert med eit svart og kvitt rutemønster som beveger seg på ein TV skjerm.
- Personer som er sengeliggjande, og mindre barn vert stimulert med blinkande lys.
- For å unngå forstyrringar under undersøkinga, er det viktig å vere roleg og slappe godt av.
- Undersøkinga tek ca.1/2 time, men kan vara lengre.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Klinisk nevrofysiologi KNF
Kontakt Klinisk nevrofysiologi KNF
Oppmøtestad
Du finn oss i Gamle Hovudbygg på Haukeland Universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen