Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Våtbandasje (wet wraps)

Våtbandasje kan bli brukt ved eksem og kløe. Behandlinga er vanlegast på barn, men kan også bli brukt på vaksne.

Huda blir smurt godt før den blir dekt til med eit lag varme, fuktige bomullsbandasjar og deretter eit lag tørre bandasjar. Bandasjane skal sitte på i 12 eller fortrinnsvis 24 timar, opptil 5 dagar i strekk. Huda blir metta med fuktgivande krem og hindrar at barn klorar seg opp. Bandasjeringa kan bli brukt på enkelte lekamsdelar eller på heile kroppen.

Barn som har hardnakka eksem og/eller er svært plaga av kløe om natta, kan bruke våtbandasje berre om natta inntil betring. Nokre barn protesterer første gong dei får bandasjen på, men dei fleste barn synest denne bandasjen er behageleg. Det er viktig at barnet venner seg til den.



Før

Det er ingen spesiell førebuingar til denne behandlinga.

Under

I behandlinga bruker vi for eksempel TUBIFAST tubegas – gul til kroppen, blå til beina (for barn over 5 år) og grøn til armane (og beina for barn under 5 år). Det blir også laga spesialsydde plagg som ein kan kjøpe hos apotek eller bandasjist etter kroppsstørrelse.

Våtbandasje kan bli brukt opptil 5 dagar i strekk, 24 timar i døgnet.
våtbandasjer.jpg
Bandasjen blir målt og klipt slik:
  • Mål frå skulder til fingertupp og legg til nokre ekstra centimeter (armlengder – grøn).
  • Klipp til fire lengder.
  • Mål frå hofte til tåspiss og legg til nokre ekstra centimeter (beinlengder – blå).
  • Klipp til fire lengder.
  • Mål frå hake til lår og legg til nokre ekstra centimeter (kroppstrøye – gul).
  • Klipp to lengder og klipp hol til armane 10–15 cm frå den eine enden av bandasjen, breidde ca. 5 cm.
  • Klipp åtte band til å feste bandasjane med.
  • Legg bandasjane i kroppstemperert vatn: 2 armlengder, 2 beinlengder og 1 kroppstrøye.
  • Bad barnet på vanleg måte i desinfiserande (kaliumpermanganat), kløestillande (kli) eller smørande (olje) bad. Klapp hud forsiktig tørr.
  • Har barnet eksem, blir eksemområda smurt deretter med eit tynt lag kroppstemperert steroidkrem. Når denne har trekt seg inn i huda, blir heile kroppen smurt godt inn med kroppstemperert fuktgivande krem, slik at huda blir «kvit». Dersom barnet ikkje har eksem, blir det berre brukt rikeleg med fuktgivande krem.
  • Vri deretter dei våte bandasjane godt opp og trekk dei på den smurde huda. Ta deretter dei tørre bandasjane utanpå. Lag små hol og knyt begge lag bandasjar fast ved skuldrane og hoftene med banda.
  • Lag nå hol til tær og fingrar i denne doble bandasjen, eventuelt berre hol til tommelfinger/stortå og veslefinger/vesletå. Bandasjane kan også bli laga lengre slik at den berre blir snurra ved handa og foten.

Etter

Når huda har blitt bra, blir det brukt vanleg behandling med bad og fuktgivande kremar utan bandasjering. Blir huda igjen tørr og kløande, kan våtbandasjen bli brukt ei natt, eit par dagar eller etter behov.

Ver merksam

Nokre kan få kuldefølelse mens andre føler seg varme etter at bandasjen er lagt på. Dette er ikkje skadeleg. Bad og bandasjering bør bli gjort eit par timar før leggetid.
Bandasjane kan bli brukt fleire gonger, for eksempel ved å vaskast i eit putevar for å hindre at de flossar seg opp.



Kontakt

Hudbygget Hudavdelinga

Kontakt Hudavdelinga

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.