Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vanedannende legemidler, rus- og avhengighetsbehandling

Bruken av vanedannande legemiddel kan medføre at du utviklar ein avhengnad. Langvarig bruk gir auka risiko for dette. Behandlinga vil hjelpe deg med å få kontroll over impulsane og trongen til å bruke legemidla – uansett årsak. Dette kan gjerast med poliklinisk behandling eller i kombinasjon med døgninnlegging.

Tilvising og vurdering

Du må ha tilvising for å få eit tilbod innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Det er ein fordel om du sjølv deltek når tilvisinga blir skriven, slik at rette opplysningar om deg, din situasjon og kva du ønskjer å oppnå med behandlinga kjem fram. Tilvisinga blir vurdert, og du får beskjed innan ti dagar om du får eit tilbod i TSB. Dei fleste får først ein time på ein ruspoliklinikk.

TSB omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenester.

Kven kan tilvise?

Tilvising til TSB kan komme frå

  • sosialtenesta/NAV
  • barneverntenesta
  • fastlege/allmennpraktiserande lege
  • privatpraktiserande legespesialist eller psykolog(spesialist)
  • lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • lege i fengselshelsetenesta
  • anna helsepersonell som har rett til å vise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at ho inneheld mest mogleg komplett informasjon om deg (pasienten) og forhold rundt deg.

Tilvisinga skal innehalde følgjande informasjon:

  • personopplysningar (namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer)
  • familieforhold/sosial status
  • sysselsetjing/trygdestatus/eventuelle økonomiske vanskar
  • uteståande dommar/planlagd soning
  • historikk for rusproblematikk, inkludert tidlegare behandling og beskriving av dagens situasjon
  • historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
  • medisinering
  • mål for iverksett eller planlagd habilitering/rehabilitering
  • involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjonar
  • vurdering av rett til individuell plan
  • samtykke til innhenting av relevante opplysningar
  • relevante epikriser
  • forslag til type tiltak
  • vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling

Før

Under

Etter

Kontakt

Østre Murallmenningen 7 Rusmedisin AFR
Ventetid: 4 uker

Ventetid: 4 uker

Kontakt Rusmedisin AFR

Oppmøtestad

Vi har fleire einingar med ulike behandlingstilbod. Sjå fleire behandlingsstader og kontaktinformasjon

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Foto av en bygning

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen

Ventetid

4 uker til poliklinisk utredning/behandling

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.