Urinveisinfeksjon

Behandlingsprogram, Medisinsk avdeling

Urinveisinfeksjon inneber bakteriell infeksjon i urinvegane og omfattar både blærekatarr og nyrebekkenbetennelse. Med blærekatarr meiner vi bakteriell infeksjon av urinblæras og urinrørets slimhinner.

Innleiing

Dei vanlegaste symptoma på blærekatarr er hyppig og sviande vannlating, samt ubehag i nedste del av magen og eventuelt rygg. Blærekatarr kallast ukomplisert dersom pasienten er ei kvinne, som ellers er frisk og ikkje gravid. Hos menn blir urinveisinfeksjon alltid sett på som komplisert.

I nokre tilfelle kan infeksjonen spre seg til øvre delar av urinvegane og nyrane, dette kallast nyrebekkenbetennelse. Då har ein som regel også feber og i nokon tilfellle kvalme og oppkast.

Ukomplisert blærekatarr kan hos nokon gå over av seg sjølv, men det er vanleg å behandle med antibiotika ved plagsomme symptom. Ukomplisert blærekatarr blir behandla hos fastlege, men i nokre tilfelle vil kompliserte infeksjonar kunne kreve sjukehusinnlegging.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Henvisende lege eller andre helsetjenester bør vurdere følgende forhold:

  • Første gangs infeksjon?
  • Recidiverende infeksjon?
  • Hyppighet?
  • Kompliserende faktorer (komorbiditet, anomalier etc)?
  • Kjent resistensproblematikk?
  • Symptomvarighet og behandlingsforsøk?
  • Sikret bakteriologisk undersøkelse før prøvetagning?
  • Medikamentallergier? 

1. Utgreiing

Ved ankomst til sjukehuset vil du bli vurdert av lege for gjennomgang av sjukehistorie og klinisk undersøking. Det vil bli tatt bakterieundersøking av urinen og blodprøvar for å bekrefte diagnosen og utelukke anna forklaring på symptoma.

Les meir om  Urinprøve

Urinprøve

Ei urinprøve kan gi nyttig informasjon om ei rekke ulike tilstandar.
For at prøven skal gi eit best mogeleg bilde av ein eventuell sjukdom, må den vere så nøyaktig og rein som mogleg.

For å unngå forureina urinprøve anbefalar vi vanlegvis at den blir tatt som midtstråleprøve. Med midtstråleprøve meinar vi at prøven blir tatt midt i urineringa ved å føre beholdaren inn i urinstrålen. Du skal ikkje avbryta urinerina mens prøven blir teken. 
 

 

1. Før

Som behaldar kan du bruke eingongs plastglas/urinprøveglas som du får kjøpt på apoteket. Urinen bør ha stått i blæra i minimum 4 timar for å gje eit representativt bilde av urinprøven. Morgonurin gir det beste resultatet.

Det er inga førebuingar til denne undersøkinga.

2. Under

Ved urinprøvetaking skal du urinere direkte i eit prøveglas. For at urinprøven skal gje et best moglegg bilete av eventuell sjukdom, må du ta den på riktig måte. Kva som er riktig måte, avhenger av kva urinprøven skal brukast til. Korleis du skal gjere det får du informasjon om på førehand.


Slik gjer du når du skal ta urinprøve

  1. Urinprøven skal være morgonurin eller urin som har stått i blæra i minimum 4 timar sida siste vasslating.
  2. Vask rundt urinrørsåpningen med reint vatn/klut. Hos sengeliggande kvinner skal kjønnet også vaskast. Ved utflod, plasser ein kompress i vagina. Ved menstruasjon er det best å vente til den er over før ein leverer urinprøve.
  3. Ta urinprøven.
    Kvinner: Hold kjønnsleppene frå kvarandre mens urinprøven tas.
    Menn : Trekk forhuda tilbake medan urinprøven tas.
  4. La første del av urinstrålen gå i toalettet. Før så eit plastbeger/uringlas inn i urinstrålen for å samle opp urin.
     

For chlamydia og TBC skal prøven tas frå første urinstråle.
For prøve til mikrobiologisk undersøkelse skal steril behaldar/bolle nyttast.


Barn

  • Prøven skal dere ta, om mogeleg, som midtstråleprøve.
    Frå barn som er tørre (ikkje brukar bleie), bør ein helst ta prøve av morgonurin.
  • På bleiebarn vaskast kjønnet forsiktig med lunka vann.
  • Fest urinoppsamlingspose på barnet, som dere ser til kvart 15. minutt. Om barnet ikkje har urinert innan 1 time, må ein vaske igjen.
  • Tøm urinen frå posen over i prøveglaset.


 

3. Etter

Urinprøve
Les meir om  Blodprøve

Blodprøve

Ei blodprøve er ei undersøking av blodet for å kartlegge normale og sjukelege forhold i kroppen. Blodprøva kan og brukast for å påvise legemiddel eller giftstoff.

Å ta blodprøve, er å tappe ei lita mengde blod for å undersøke eventuelle endringar i innhaldet til blodet. Ved dei fleste sjukdommar vil blodet, som strøymer gjennom alle organ og vev i kroppen, vise ei rekke endringar. Dette gjeld tal blodceller, utsjånad og/eller konsentrasjonen av ulike biokjemiske stoff. Med ein enkel analyse kan vi få ein «spegel» av kva som skjer inne i kroppen.

1. Før

Førebuingar heime

Enkelte analysar vert direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt (rekvirert) blodprøva. Eventuelle spørsmål om faste eller diett kan rettast til tilvisande lege.

Barn kan ofte synest at det høyrest vondt og skummelt ut å ta blodprøve. Bioingeniørane på laboratoriet vil gjere det dei kan for at prøvetakinga ikkje skal bli ei negativ oppleving. For at det ikkje skal vere vondt å ta prøve, kan føresette kjøpe bedøvingsplaster eller krem på apoteket på førehand.
Plasteret/kremen heiter EMLA. Den må settast på minimum 1 time før og fjernast 10 minutt før prøvetakinga.

Førebuing på sjukehuset

Avdelinga sin prøvetakingspoliklinikk tar i mot pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar til prøvetaking i opningstidene. Prøvetaking på pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen, men vi kan ta imot desse pasientane om prøvetakinga byr på spesielle problem. Du må ta med deg rekvisisjon frå lege dersom dette ikkje er sendt laboratoriet tidlegare. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking hos våre prøvetakingspoliklinikkar, og du betalar heller ikkje eigendel.

2. Under

Gjennomføring

Den som skal ta prøva spør om namn og 11-sifra fødsel-/personnummer for å sikre riktig identitet ved merking av prøvene. Prøvetakar har god trening i å ta blodprøver og skal sørgje for at prøvene vert tatt på ein skånsam, effektiv og korrekt måte.

Når ei blodprøve skal takast i ei vene, stikk ein nåla inn i ei blodåre som ligg rett under huda di, ofte på innsida av olbogen. For at blodåra skal vere lett å treffe, strammar prøvetakar eit band på overarma, slik blir blodåra ståande litt utspent og er lettare å sjå. Venene på innsida av olbogen eignar seg godt til blodprøve; dei er passe store og ligg nær hudoverflata. Vener på handryggen og på føtene kan og nyttast, men hos pasientar  med dårleg sirkulasjon og hos pasientar med diabetes unngår ein å ta blodprøve på føtene.

Blod vert tappa i vakuumrøyr som trekk ut det blodet ein treng, ofte i fleire røyr. Toppene på røyra har ulike fargar. Kvar farge viser kva slags stoff røret er tilsett for å hindre at blodet koagulerer. Til vanleg tapper vi 1-5 røyr med blod, alt etter kor mange analyser legen din vil at vi skal gjere.

I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan vere litt ubehageleg når ein stikk gjennom huda, men det går fort over. Enkelte pasientar kan bli uvel under prøvetakinga. Dersom du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier frå til den som skal ta prøva.

Lokalbedøvande krem, EMLA kan brukast til barn eller andre som er svært engstelege. Denne bør i så fall smørast på huda 1-2 timar før prøvetakinga (kremen fungerer ikkje ved finger-/hælstikk). Kremen skal fjernast cirka 10 minutt før prøvetakinga.
 
Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Blodprøva vert som regel tatt i sittande stilling, og dersom det er mogleg, bør du ha vore i ro minst 15 minutt på førehand. På denne måten unngår ein at konsentrasjonen av stor-molekylære bindingar varierer som følgje av variasjonen i blod-volum.

Etter at blodprøva er tatt må ein trykke litt på staden der stikket er med ein bomullsdott, slik at det ikkje oppstår blødingar. Enkelte gonger tek ein blodprøva frå ein blodarterie, som oftast på handleddet. Etter slik prøvetaking er det svært viktig å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.  

3. Etter

Resultat av undersøkinga

Resultat på blodprøvene vil bli rapportert til lege/avdeling. Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller går poliklinisk til lege på sjukehuset, vil prøvesvara vere elektronisk tilgjengeleg like etter analysen er utført. Nokre prøvesvar vil vere ferdig etter nokre minutt, andre etter få timar, seinare same dag eller neste dag. Enkelte prøvesvar kan det ta dagar før svaret føreligg.

Det er legen som informerer om prøvesvar. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

Blodprøve

 

2. Behandling

I dei tilfella det er nødvendig med innlegging vil det som regel vere aktuelt å få gjennomført ein ultralyd av urinvegane for å sjå etter disponerande årsakar til infeksjon eller komplikasjonar.  

Les meir om  Ultralydundersøkelse

Ultralydundersøkelse

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen. 

1. Før

Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

  • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga.
  • Ved undersøking av urinblæra skal du møte med full urinblære.
  • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

 

2. Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé  på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.  Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

3. Etter

Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same.

Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga. 

Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

Resultatet av undersøkinga

Bileta blir granska av ein lege som lagar ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt legen som tilviste deg, normalt innan ei veke.
Bileta og beskrivinga blir lagra i datasystemet vårt.

Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. 

Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag. 

Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22 (Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00
Radiologisk avdeling
Telefon
55 97 24 00
Telefaks 55 97 51 40
Mammografisenteret 55 97 40 00
Seksjon for barn 55 97 52 20 (kl. 08-14.30)
Kysthospitalet 56 56 59 40
måndag - fredag 08.00-15.00

 

I nokre tilfelle vil det sjølv etter sjukehusinnlegging vere tilstrekkeleg med tablettbehandling, men ofte vil det vere nødvendig med intravenøs antibiotikabehandling i startfasen. Når tilstanda er i bedring vil ein bli utskrevet, ofte med tablettbehandling for å fullføre antibiotikakuren heime.

Ukomplisert blærekatarr hos kvinner behandlast vanlegvis med antibiotika av fastlege i 3-5 dagar. I meir kompliserte tilfelle og ved infeksjon som krev innlegging vil behandlingslengda vere lenger.

Urinveisinfeksjon hos menn reknast generelt som komplisert og vil derfor kreve lenger antibiotikabehandling. Ved innlegging er det vanleg å vere innlagt i 1-3 døgn før utskriing med tablettbehandling. I nokon tilfelle vil behovet for behandling på sjukehus vare lenger.

3. Oppfølging

Ved innlegging er det vanleg å vere innlagt i 1-3 døgn før utskriving med tablettbehandling. I nokre tilfelle vil behovet for behandling på sjukehus vare lenger

I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt med vidare oppfølging, då som oftast hos fastlege.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt

Medisinsk avdeling
Telefon
55 97 30 00
Open 08.00 - 15.00

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.


Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.


Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​