Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Urinprøvetaking

Ei urinprøve kan gje nyttig informasjon om ei rekke ulike tilstandar.

For at urinprøven skal gje eit best mogeleg bilete av ein eventuell sjukdom, så må den takast på riktig måte. For å unngå forureina urinprøve anbefalar vi vanlegvis at den blir tatt som midtstråleprøve. Med midtstråleprøve meinar vi at prøven blir tatt midt i urineringa ved å føre behaldaren inn i urinstrålen. Du skal ikkje avbryta urineringa mens prøven blir teken. 

NB: For seksuelt overførbare sjukdommer som Chlamydia trachomatis, Neisseria gonorrhoeae og Mycoplasma genitalium skal urinprøven være fra første urinporsjon. Egne regler gjelder også for samleurin/døgnurin. 


Før

Du skal bruke egna og rein prøvebehaldar for urinprøvetaking som du bl.a. får kjøpt på apoteket (sjå bilde). Urinen bør ha stått i blæra i minimum 4 timar for å gi eit representativt bilde av urinprøven. Morgonurin gir det mest pålitelige resultatet i dei fleste tilfelle.

urinprøve_foto

Prøvebehaldar for urinprøvetaking får du blant anna kjøpt på apoteka.


Under

Vask hendene godt før du tar urinprøven.

Prøvetaking av midtstråleurin

Midtstråleurin er standardmetode for taking av urin hos pasientar som har kontroll på vasslatinga, og som kan samarbeide om prøvetakinga. Den midtre porsjonen av urinen, er mest representativ for blæreurin. 

  1. Vask rundt urinrørsåpningen med reint vatn/klut. 
    Hos sengeliggande eller inkontinente kvinner skal også kjønnet vaskast. Ved utflod eller blødning bør vaginalåpninga lukkast med ein kompress eller tampong. 
  2. Ta urinprøven på følgande måte:
    Kvinner: Hald kjønnsleppene godt frå kvarandre før urinprøven takast.
    Menn: Trekk forhuda tilbake før urinprøven takast. 
  3. La fyrste del av urinstrålen gå i toalettet, deretter samle urin i prøvebehaldaren, ca 2/3 fullt, og la siste urinstråle gå i toalettet. 

Urinprøvar tatt frå urinbekken kan unntaksvis nyttast hos sengeliggande pasientar som ikkje kan samarbeide om prøvetaking, eller når midtstråleprøve eller prøve tatt ved eingongskateter ikkje lar seg gjennomføre. 

  1. Hud og slimhinner rundt urinrøyrsopninga, samt alle andre område som kan komme i kontakt med urinen, skal vaskast med såpe og vatn og tørkast. 
  2. Hos kvinner med utflod eller bløding bør vaginalopninga lukkast med kompress eller tampong. Plasser eit sterilt bekken under pasienten. 
  3. Bekkenet fjernes straks etter vasslatinga, og urinen overførast til prøvebehaldaren. 

Urinprøve frå eingongskateter kan nyttast for pasientar der det ikkje er mogleg å ta prøve på annan måte. 

  1. Urinprøvar frå eingongskateter bør takast om morgonen, eller minst 2-3 timar etter siste vasslating. Urinen tappast frå urinblæra ved hjelp av et eingongskateter (RIK eller SIK). 
  2. La fyrste del av urinstrålen gå i toalettet. Før prøvebehaldar inn i urinstrålen for å samle midtre urinporsjon. La siste urinstråle gå i toalettet. 

Prøvetaking av barn er avhengig av barnets alder. Hos barn som har kontroll over vasslatinga skal urinprøven, om mogleg, takast som midtstråleurin (se under prøvetaking av midtstråleurin).

Hos barn som ikkje har kontroll over vasslatinga: 

1. Clean catch urinprøve: 

Ha ein prøvebehaldar tilgjengeleg når ein tar av blei, mange tissar da spontant når dei vaknar. Evt kan ein ha barnet nakent på stellebordet, ein prøvebehaldar tilgjengeleg og vente på at barnet tissar. 

Tips til stimulering av urinering: Forsiktig tromming over blæra eller massere nedre del av barnet sin mage, ved bruk av ein rein klut/bomullsdott bløytt med kaldt vatn. 

I den grad ein rekk å gjere førebuingar, skal desse tiltaka gjerast før prøvetaking: 

  1. Kjønnet på barnet vaskast forsiktig med lunka vatn:
    Jenter: Vask framifrå og bakover, fleire gonger.
    Gutter: Vask penishovudet og trekk forhuda tilbake før prøvetaking. 
  2. Ta loket av prøvetakingsbehaldaren. 
  3. Så snart urinering startar, hald behaldaren under urinstråla. Hald prøvebehaldaren unna barnets hud, for å unngå forureining. 

2. Poseprøve: 

På barn som brukar bleie blir pose nytta til å samle urin. 

  1. Vask kjønnet på barnet med ren klut og lunket vatn: Jenter: Start foran og vask bakover. Gutter: Vask penishovudet.
  2. Fest urinoppsamlingspose på barnet. Posen sjekkast kvart 15. minutt. Om barnet ikkje har urinert innan 30 minutt, må ein vaske igjen og skifte til ny pose. 
  3. Tøm urinen frå posen over i prøvebehaldaren.

Etter

Merk behaldaren med: fullt namn, fødsels- og personnummer og dato/klokkeslett for prøvetakinga.

Det er er anbefalt at urinprøver vert analysert så raskt som mogeleg etter prøvetaking og blir levert same dag som den er tatt. Prøver som skal transporterast til laboratoriet må være godt lukka og reine på utsida av røyret. Prøverør eller behalder bør transporteras i ein plastpose for å unngå søl.

Oppbevar prøvebehaldaren kjøleg inntil den blir leverte til lege eller poliklinikk for å hindre oppvekst av bakteriar og nedbryting av komponentar.

Urinprøver til analysering av bilirubin og porfyriner skal beskyttast mot lys.

Kontakt