HELSENORGE
Gastrokirurgisk avdeling

Ulcerøs kolitt, operasjon

Ulcerøs kolitt er ein kronisk betennelsessjukdom som rammar tjukktarm og endetarm. Betennelsen varierer i alvorsgrad og dei vanlegaste symptoma er hyppige tømmingar med blodig diaré, magesmerter og vekttap.

Innleiing

Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll over symptoma, men hos enkelte kan betennelsen forårsake alvorleg sjukdom med blodforgifting, blødingar og sjukehusinnleggingar. I slike tilfelle kan det bli nødvendig med operasjon.

Pasientar med ulcerøs kolitt blir ofte behandla i spesialisthelsetenesta. Ved regelmessig oppfølging vurderer ein effekten av medikamentell behandling.

Kirurgisk behandling må vurderast når ein ikkje oppnår tilfredsstillande kontroll over sjukdommen med medisinar. Sjeldne komplikasjonar som perforasjon (hol på tarmen) eller fulminant kolitt (blodforgifting) krev nesten alltid operasjon.

Langvarig sjukdom (meir enn 10 år) medfører auka risiko for tjukktarmskreft. Pasientar med utbreidd sjukdom, og ved påviste forstadium til kreft vil vi anbefale å fjerne heile tjukktarmen.

Tilvising og vurdering

Legen vil undersøke deg med blodprøver og ein koloskopiundersøking for å kunne vurdere utbreiinga av betennelsen frå innsida av tarmen. I nokre tilfelle er det også nødvendig med røntgenundersøkingar som for eksempel ei CT-undersøking.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Tidlegare sjukdommar
  • Behandling som har vore forsøkt
  • Utgreiing (koloskopi med biopsiar), inkludert spesialistundersøkingar og bildediagnostikk
  • Medisinliste
  • Ernæringsstatus

Før

Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og stad. 

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.

Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før
Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

På sjukehuset

På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.

Under

Kirurgi ved ulcerøs kolitt kan bli gjort enten akutt eller planlagt. 

Akutte operasjonar blir gjort dersom du får ei kraftig forverring av sjudommen, som ikkje blir betre på intensivert medisinsk behandling. Operasjonen er da å fjerne heile tjukktarmen og leggje ut pose på magen, ein tynntarmsstomi.  Dette blir gjort enten med kikhull eller åpent. Pasientane vil oppleve rask betring.
 
Etter operasjonen brukar vi saman god tid til å vurdere og planlegge kva vi gjer vidare. Uavhengig av kva som blir bestemt, gjer vi videre kirurgi planlagt. 

Planlagt kirurgi

Det er ulike kirurgiske mogelegheitar for pasientar med ulcerøs kolitt. Dette har pasienten bestemt saman med kirurg i god tid før operasjonen. Det er ulike faktorar som spiller inn på kva som er det rette for den enkelte, som alder, annen sjukdom og personlige preferanser.

Dei ulike operasjonane


Ved total kolektomi og endeiliostomi fjerner vi heile tjukktarmen og vi legger ut stomi av tynntarm. Endetarmen blir ikkje fjerna. Dette er ofte øyeblikkeleg hjelp-kirurgi, men blir også planlagt hos nokre pasientar. Da er det mogeleg å lage reservoar seinare, sjå under.

Ved proktokolektomi og endeiliostomi fjerner vi heile tjukktarmen og endetarmen i same operasjon og du får ein stomi av tynntarm. Da er det ingen mogelegheit for reservoar senere. 

Ved bekkenreservoar/pouch fjerner vi endetarmen og lager ein kunstig endetarm av tynntarm, som blir kobla på endetarmsåpningen. Da slipper du stomi. 

Etter

Etter operasjon med fjerning av tjukktarm og eventuelt endetarm (med og uten bekkenreservoar) blir du innlagt på kirurgisk avdeling i nokre dagar, opp mot ei uke.

Etter operasjonen har vi fokus på smertelindring, at du kommer deg på beina, eter, og etablerer ein god væskebalanse. Dersom du har fått stomi, får du trening hos stomisjukepleiar på å handtere stomien.

Ved utreise får du sjukemelding og resepter på medisin du treng.

Du skal til kontroll hos kirurgen som har operert deg etter nokre veker. Pasientar med endetarm eller reservoar bør bli kontrollert årleg. 

Har du fått stomi vil du også bli følgt opp av stomisykepleier poliklinisk. 

Ver merksam

Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Det kjem store mengder væske på stomi, eller diare.
  • Urinen blir konsentrert sjølv om ein drikker godt
  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.



Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?