Ulcerøs kolitt

Behandlingsprogram, Medisinsk avdeling

Ulcerøs kolitt er en kronisk betennelsessykdom i tarmen som ofte gir mye symptomer i form av diare og magesmerter. Legemidler kan holde symptomene i sjakk hos de aller fleste, men noen få trenger kirurgisk behandling.

Innledning

Ulcerøs kolitt er kronisk betennelsessykdom i tarmen med svingende forløp som man har hele livet. Pasienten får ulike grader av betennelse i endetarm og tykktarm. Noen har sykdom bare i endetarmen, andre i endetarm og deler av tykktarmen og noen har betennelse i endetarm og hele tykktarmen.

Symptomer og diagnose

Symptomene er i all hovedsak diare som svært ofte er blodtilblandet, samt magesmerter. Dette varierer både med utbredelse og grad av betennelse. Ved kraftig betennelse kan man føle seg syk og slapp og få feber, få økende blod og slim i avføringen og gå ned i vekt.

Noen pasienter har hatt plager i form av løs avføring i lang tid før de kontakter lege, mens andre får akutt innsettende plager. Diagnosen stilles ved hjelp av koloskopi.

Behandling

Hvis man har Ulcerøs kolitt og symptomer som diare, magesmerter og vekttap er det i de fleste tilfeller behov for behandling med medisiner. Behandlingen har som mål å slå ut betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglende effekt av medisiner eller ved sykdomskomplikasjoner er kirurgisk behandling nødvendig.

Ulcerøs kolitt krever livslang oppfølging. Pasienter med ukomplisert sykdom kan følges av primærhelsetjenesten, men stadig tilbakefall med betennelse og komplikasjoner bør følges ved sykehuset. Hensikten med oppfølgingen er å vurdere effekt av behandling samt identifisere og behandle tilbakefall og komplikasjoner.

Henvisning og vurdering

Pasientens fastlege henviser pasienten til sykehuset, enten til utredning av mistenkt Ulcerøs kolitt sykdom eller til behandling av kjent Ulcerøs kolitt.


Sjekkliste for henvisning - fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

Ofte kan fastlegen gjøre mye av utredningen ved mistanke om Ulcerøs colitt. Sykehistorien må kartlegges sammen med en alminnelig kroppsundersøkelse. Laboratorieundersøkelser, billedundersøkelser og endoskopiske undersøkelser kan utføres eller bestilles ved legekontoret.

Henvisningen skal være kort og innholde opplysninger om:

  • Laboratoriefunn og evt. kliniske funn
  • Evt. gjennomførte bildediagnostiske undersøkelser
  • Kort detaljert anamnese med vekt på tidligere sykehistorie, spesielt tidligere mage-tarm plager og klinisk undersøkelse
  • Opplysning om ernæringstilstand; vekt, høyde, BMI, evt vekttapshistorikk, hvis mulig med eksakte verdier 
  • Svar på orienterende blodprøver: Hb, leukocytter, trombocytter, MCV, transferrinreseptor, glukose, crp, , albumin, Na, K, Mg, Ca,  kreatinin, bilirubin, ALP, GT, ALAT og ASAT
  • Opplysning om tidligere endoskopiske eller billediagnostiske undersøkelser med resultat og biopsisvar


1. Utredning

Ventetid for utredning kan variere fra en uke til noen måneder, og det avhenger av hvordan symptomene er og hvor alvorlig henvisende lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfeller blir pasientene innlagt for utredning dersom allmenntilstanden er veldig dårlig.

Etter at diagnosen er stilt vil behandlingen starte umiddelbart, men det avhenger hvilke type medikamenter man har besluttet å gi.

Hva skjer under utredningen?

Sykehistorie og kroppsundersøkelse gjentas og tidligere undersøkelser gjennomgås sammen med pasienten. Manglende opplysninger innhentes og manglende undersøkelser bestilles. Alle pasienter med Ulcerøs kolitt får stilt diagnosen med koloskopiundersøkelse.

Aktuelle undersøkelser

  • Avføringsprøve for å utelukke infeksjoner og fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen
Les meir om Koloskopi

Koloskopi

Ved utredning / undersøkelse Ulcerøs kolitt gjøres koloskopi for å undersøke tykktarmen og siste del av tynntarmen.

Med koloskopi vert tjukktarmen din undersøkt. Dette blir gjort for å kunne påvise sjukdommar i tjukktarmen og nedste del av tynntarmen, som for eksempel betennelse eller sår. Vi kan ta vevsprøve (biopsi) frå slimhinna og utføre terapi.

Med kolonoskopi blir tjukktarmen din undersøkt. Utstyret liknar ein slange, omtrent like tjukk som peikefingeren, og det inneheld eit videokamera. 

  1. Før

    Det er svært viktig å lese godt det som står om førebuing i innkallingsbrevet.

    TARMTØMMINGA ER AVGJERANDE FOR RESULTATET.

    Det er viktig å stoppe med blodfortynnande medisinar som anført i innkallingsbrevet. 

    • Om du brukar blodfortynnande sprøyter, kontakt fastlege.

    • Om du brukar viktige medisinar om morgonen (t.d.hjarte eller lungemedisin) skal du ta desse saman med vatn slik du elles brukar gjere.

    • Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin (Insulin eller diabetestablettar) før undersøkinga er utført. Ta med deg mat slik at du har noko å ete 1 time etter undersøkinga. Vi prioriterer at du blir undersøkt tidleg på dagen, for å unngå unødige svingingar i blodsukkeret.

    7 dagar før undersøkinga må du stoppe med Plavix/Clopidogrel/Brilique og liknande, viss ikkje spesielle forhold tilseier noko anna.

    3 dagar før undersøkinga må du stoppe med Marevan. Du må ta INR hos fastlegen din dagen før kolonoskopien. ALTERNATIVT må du kome minst 1 time før undersøkinga for å ta INR. Prøvetakinga skjer på laboratoriet i 1. etasje. NB! Kontrollprøve for INR gjeld berre dei som brukar MAREVAN eller (Dikumarol). Ta alltid med Marevan-kortet ditt.

    Viss ikkje anna er sagt er det ikkje nødvendig å stoppe bruken av Albyl-E før undersøkinga.

    Viss ikkje anna står i innkallinga di skal du stoppe all bruk av jerntablettar/mikstur, multivitamin tablettar, romoppfyllande middel (til dømes loppefrø, linfrø, Visiblin, Lunelax), brød og frukostblandingar med heile korn, frørik frukt og grønsaker (druer, vannmelon, kiwi, multe, karve, bringebær) 5 dagar før kolonoskopien.  Dette fordi desse produkta blir liggande att i tarmen, sjølv etter ei tømming.

    Førebuing på sjukehuset

    Meld deg i luka når du kjem til poliklinikken. Nokre gongar gir vi avslappande og/eller smertelindrande medisinar. Gi beskjed når du melder deg viss du trur du treng medisinar. 

    Du må sitte litt på venterommet til ein sjukepleiar hentar deg. Du blir tatt med inn på eit undersøkingsrom der du  byter til pysjamasbukse som du får låne av oss.

    Ha med deg følgje, det kan vere lurt.

  2. Under

     

    Ei vellukka undersøking krev samarbeid mellom deg, sjukepleiar og lege. 

    Undersøkinga startar vanlegvis med at du ligg på undersøkingsbenken på di venstre side, etter ei stund legg du deg på ryggen. Det er viktig at du konstrerer deg om å puste normalt og ikkje stramme musklane i buken.

    Tarmen buktar seg. Når kolonokopet blir ført forbi svingar kan du kortvarig kjenne knipliknande smerte. Sjukepleiar held ofte eit trykk på magen din for å minske ubehaget.

    Undersøkinga varer frå 15-45 minutt.

  3. Etter

     

    Vanlegvis reiser du frå sjukehuset rett etter undersøkinga. Bilkøyring kan du tidlegast utføre neste dag viss du har fått smertestillande.

    Har du fått medisinar og det eventelt er utført terapi vil vi ofte at du skal vere igjen til observasjon 1-2 timar.

    Etter undersøkinga vil det vere litt CO2-gass att i tarmane dine, derfor kan du kjenne deg litt oppblåst eller få litt mageknip etter undersøkinga.

    Resultatet av undersøkinga

    Resultatet av undersøkinga, forslag til vidare utgreiing og/eller behandling får du oftast vite med ein gong. 

    Legen som undersøker deg sender også brev til fastlegen din, med resultatet av undersøkinga.

    Dersom du er innlagt på sjukehuset og blir undersøkt med kolonoskopi vil du få oppfølging på den avdelinga du høyrer til. Skriftleg rapport blir sendt til avdelinga di rett etter undersøkinga.

    Dersom det er tatt vevsprøve i forbindelse med undersøkinga blir desse sendt til til nærare undersøking i mikroskop.

    Oppfølging

    Oppfølging hos fastlege.

Ver merksam

 

Skadar på tjukktarmen av sjølve instrumentet skjer nesten aldri. 

Faren for komplikasjonar er størst viss det blir utført terapi, for eksempel viss ein fjernar polyppar eller blokkar tronge parti. Observasjon 1-2 timar etter prosedyren er ofte vanleg.

Kva skal du passe på?

Viss du får magesmerter som aukar på, eller teikn på bløding, må du raskt ta kontakt med sjukehuset. Bløding fører typisk til bekfarga, svart avføring, men av og til meir raudfarga.

Gå til Koloskopi

Avdeling
Medisinsk undersøking - fordøyingssjukdommar
Stad
Sentralblokka
Oppmøte
Meld deg i luka i 1. etasje ved Medisinsk undersøkelse.
Les meir om Ultralydundersøkelse

Ultralydundersøkelse

Ved utredning / undersøkelse Ulcerøs kolitt gjøres ultralyd av magen for å undersøke tykktarmen.

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen. 

  1. Før

    Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

    • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga.
    • Ved undersøking av urinblæra skal du møte med full urinblære.
    • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

    Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

     

  2. Under

    Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé  på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

    Undersøkinga gjer ikkje vondt.  Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

    I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.

    Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

    I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

    Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

  3. Etter

    Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same.

    Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga. 

    Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

    Resultatet av undersøkinga

    Bileta blir granska av ein lege som lagar ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt legen som tilviste deg, normalt innan ei veke.
    Bileta og beskrivinga blir lagra i datasystemet vårt.

    Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. 

    Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag. 

Gå til Ultralydundersøkelse


Hvis man har utelukket infeksjoner som årsak til tykktarmsbetennelse vil man hos de aller fleste pasienter kunne stille diagnosen ulcerøs kolitt ved første koloskopi, eventuelt når svar på vevsprøvene foreligger.

2. Behandling

Medisinsk behandling av ulcerøs kolitt har tre hovedprinsipper:

  • Anfallsbehandling for å slå ned akutt og kronisk betennelse slik at pasienten får mindre plager
  • Behandlingseffekt) eller ikke lenger har plager eller tegn til betennelse i tarmen (Remisjon)
  • Vedlikeholdsbehandling for å hindre tilbakefall

Noen medisiner brukes bare til å hemme betennelsen mens andre kan tilbys både som anfallsbehandling og vedlikeholdsbehandling.

  1. Betennelsesdempende midler
  2. Immunmodulerende behandling 
  3. Kirurgisk behandling: Ofte kan kirurgisk behandling være et meget godt valg.
    I de tilfeller hvor man velger å fjerne hele tykktarmen har man drøftet dette sammen med pasient, kirurg og behandlende mage-tarm spesialist. Hvilke type kirurgisk behandling som velges avhenger av hvordan tilstanden din er.

 

Ulcerøs kolitt er en sykdom man har hele livet og behandlingen kan således også være livslang. De fleste pasienter får behandlingseffekt av anfallsbehandlingen innen en uke. Det kan imidlertid ta betydelig lengre tid før man er i remisjon.

Effekten av medisiner som skal gi remisjon og brukes som vedlikeholdsbehandling vurderes vanligvis etter 3 måneder. Ved utilfredsstillende effekt vil man da vurdere alternativ behandling.

Les meir om Ulcerøs kolitt, operasjon

Ulcerøs kolitt, operasjon

Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll over symptoma, men hos enkelte kan betennelsen forårsake alvorleg sjukdom med blodforgifting, blødingar og sjukehusinnleggingar. I slike tilfelle kan det bli nødvendig med operasjon.

Ulcerøs kolitt er ein kronisk betennelsessjukdom som rammar tjukktarm og endetarm. Betennelsen varierer i alvorlegheitsgrad og dei vanlegaste symptoma er hyppige tømmingar med blodig diaré, magesmerter og vekttap.

Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll over symptoma, men hos enkelte kan betennelsen forårsake alvorleg sjukdom med blodforgifting, blødingar og sjukehusinnleggingar. I slike tilfelle kan det bli nødvendig med operasjon.

Pasientar med ulcerøs kolitt blir ofte behandla i spesialisthelsetenesta. Ved regelmessig oppfølging vurderer ein effekten av medikamentell behandling.

Kirurgisk behandling må vurderast når ein ikkje oppnår tilfredsstillande kontroll over sjukdommen med medisinar. Sjeldne komplikasjonar som perforasjon (hull på tarmen) eller fulminant kolitt (blodforgifting) krev nesten alltid operasjon.

Langvarig sjukdom (meir enn 10 år) medfører auka risiko for tykktarmskreft og pasientar med utbreidd sjukdom, og ved påviste forstadiar til kreft vil vi anbefale å fjerne heile tykktarmen.

  1. Før

    Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og sted. Dette inneber at du ikkje kan ete, drikke kaffi, mjølk eller mjølkeprodukt, tygge tyggegummi, ete pastillar eller røykje/snuse frå kl. 24.00 natta før planlagt operasjon. Du kan drikke klare væsker som vatn, saft eller te inntil to timar før frammøte på sjukehuset.

    På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.

  2. Under

    Kirurgisk behandling vil vere å fjerne heile tjukktarmen og endetarmen. Deretter blir tynntarmen kopla til endetarmsopninga. Operasjonen blir gjort i ein eller fleire seansar. I perioden mellom operasjonane vil pasienten få stomi (utlagt tarm).

    Total kolektomi med ileostomi

    Dette kan vere eit godt alternativ for pasientar med alvorleg sjukdom og lite kreftar. Dei vil då kunne oppleve å få ein solid opptur, dei får kreftane tilbake og på denne måten kan dei betre tolerere ein ny operasjon seinare.

    Inngrepet inneber fjerning av heile tjukktarmen med anlegging av ein tynntarmstomi. Dette er som regel første seanse. Seinare vil ein fjerne endetarmen og lage tynntarmsreservoar.

    Proktokolektomi med ileostomi

    Under dette inngrepet fjernar ein tjukk- og endetarm, og anlegg stomi. Her blir alt gjort i same seanse og ein kan lage reservoaret klart, men det vil fortsatt vere nødvendig med ein midlertidig stomi slik at avføringa blir ført bort og ikkje forstyrrar tilheilninga av reservoaret til endetarmsopninga. Den utlagte tarmen vil seinare kunne bli lagt tilbake.

    Bekkenreservoar (ileo-analanastomose)

    Denne operasjonsmetoden er i dag førsteval ved ulcerøs kolitt. Nedste del av tynntarmen blir brukt til å lage eit reservoar som blir kopla til endetarmsopninga med bevaring av lukkemuskelen. På denne måten får pasienten kontinuitet i fordøyelseskanalen.

    Dette er siste seanse av operasjonen. Ikke alle pasientar toler eller ønskar fleire store operasjonar, for desse pasientane vil ein varig stomi vere ei god løysing.

  3. Etter

    Oppfølging etter operasjon blir som oftast hos tilvisande lege på medisinsk avdeling.

    Pasientar med bekkenreservoar blir vanlegvis kontrollert årleg hos kirurg. Dersom du har fått utlagt tarm, får du oppfølging hos stomi-sjukepleiarar ved sjukehuset.

    Før du reiser heim vil du få informasjon. Du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukemelding.

Gå til Ulcerøs kolitt, operasjon

3. Oppfølging

Oppfølgingen skjer i samarbeid med fastlegen. Ved milde sykdomstilfeller kan all videre oppfølging håndteres av fastlegen som henviser til sykehuset ved behov.

Ved med mer uttalt sykdom bør sykehuset styre behandlingen av pasienten og ta de inn til jevnlige kontroller. Fremdeles vil fastlegen ha en viktig rolle i oppfølgingen mellom spesialistbesøkene.

Sjekkliste for utskriving - fastlege eller annen helsetjeneste overtar som primærkontakt

fastlege eller annen helsetjeneste overtar som primærkontakt

Faresignaler

Arrangement

  • Ulcerøs colitt

    Kurset er for personar med Ulcerøs colitt og deira pårørande. Du vil få kunnskap om sjukdommen som kan bidra til aukt tryggleik og meistring i kvardagen.

Kontakt

Medisinsk avdeling
Telefon
55973000
Open 08.00 - 15.00
Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22(Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​
 
Det er hyggeleg med blomar, men på grunn av liten plass, allergiar, nyopererte pasienter og lignander er det ønskelig at dette vert begrensa. Det kan jo være vel så kjekt å få en blome etter at ein er komen heim.
Fant du det du lette etter?
Tilbakemeldingen vil ikke bli besvart. Ikke send personlig informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.