HELSENORGE
Rusmedisin

Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) - pakkeforløp

Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) er nemninga på rus- og avhengigheitsbehandling på spesialistnivå. Behandlinga er eit samarbeid mellom deg og personar med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.

Innleiing

Rus- og avhengigheitsproblem kan ramme menneske i alle aldersgrupper og lag av befolkinga. Personar som blir tilvist til TSB for sine ruslidingar eller for annan avhengigheitsproblematikk (spelproblematikk, bruk av anabole androgene steroider) får tilbod om nasjonale pasientforløp TSB. Det same gjeld pasientar som blir innlagt akutt, under tvang innan rusbehandlinga, eller er i fengsel med rus- og avhengigheitslidingar.

Pasientforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig.  Vi legg til rette for at du skal vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.

Når du får tilbod om pasientforløp i TSB, bør det sikrast eit samarbeid med dine pårørande og/eller andre instansar, ut frå dine ønske og behov.

For å sikre at du får god oppfølging og for å unngå unødvendig venting har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørende som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet. Under "Kontakt", lenger ned på denne sida står telefonnummeret til forløpskoordinatoren hos oss.

Introduksjonsfilm - "Hva er TSB?"

 


 

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling for ditt rus- og avhengigheitsproblem i TSB, treng du ei tilvising. Dette kan du få frå lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell som har rett til å tilvise til TSB.

Du skal få tilbod om å vere med på å utforme di eiga tilvising til behandling, og saman med behandlaren skal du lage ein behandlingsplan. Når vi i spesialisthelsetenesta får tilvisinga di , vurderer vi om du har rett til helsehjelp i TSB, basert på prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet.



Utgreiing

Dersom du har fått rett til behandling i TSB, får du eit brev frå oss med informasjon om kven du skal møte til samtale med, kvar og når.

For å kunne gi best mogleg behandling, tilpassa deg og dine behov, er det nødvendig med ei utgreiing. Hensikta med dei første samtalane er å finne ut kva behov, mål og ønske du har for behandlinga og basert på det avtale vidare oppfølging.

I samtalen får du spørsmål om mellom anna rusbruk, alvorlegheit, varigheit, omfang og funksjon. Det kan også vere aktuelt å bruke nokre kartleggingsverktøy for at vi skal bli best mogleg kjent med deg. Saman skal vi også utgreie levevanane dine og di fysiske form, slik at eventuelt behov for ytterlegare behandling kan startast opp. 

Behandling

Saman med deg vurderer vi kva behandling du har behov for.

Behandling i TSB kan omfatte avrusing, kartlegging/utgreiing, poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og ambulerande oppfølging/behandling.

Som oftast får du tilbod om å starte behandlinga på poliklinikk. Saman med deg vurderer vi fortløpande om du har behov for eit anna behandlingsopplegg, som for eksempel døgnbehandling.

Avrusing

Mange kan ha behov for avrusing i starten eller undervegs i eit behandlingsforløp. Avrusinga kan skje poliklinisk ved dagbehandling eller ved innlegging i ei avrusingsavdeling.

Vi følgjer Nasjonal faglig retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler.

Poliklinikk

Poliklinikk er ofte hovudtilbodet i behandlinga og inneheld individuelle samtalar. Her startar og avsluttar som regel behandlinga. Undervegs i behandlinga, kan du ha behov for annan type behandling. I ein poliklinikk går du til regelmessige samtalar hos ein behandlar over ein periode.

Ambulante tenester/behandling

Prinsippet i ambulant behandling er at oppfølginga skjer der du har nettverket ditt. Behandlinga blir altså flytta ut frå vår institusjon og heim til deg og ditt nærmiljø. Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandling eller eit eige behandlingstilbod. Vi kan vere tett på, med moglegheit for dagleg oppfølging saman med deg, i ein intensiv, men tidsavgrensa periode.

Døgnbehandling

Dersom du og behandlaren din kjem fram til at poliklinisk behandling ikkje er tilstrekkeleg, kan det vere nødvendig med innlegging. Då vil behandlinga føregå ved ein døgnavdeling. Ei innlegging har vanlegvis ei varigheit på 3 – 6 månader (korttid), og 6 - 12 månader (langtid), men dette kan også tilpassast individuelt.
Les mer om Døgnbehandling av rusmiddelproblemer

Døgnbehandling av rusmiddelproblemer

Tverrfaglig spesialisert behandling av rusmiddelproblemer (TSB) omfatter tilbud om døgnbehandling.

  1. Før

    For at en døgninnleggelse skal gi best mulig resultat, er det viktig med godt forarbeid. Forarbeidet består i å avklare flere forhold relatert til din situasjon slik at vi er best mulig kjent med den før vi møtes. Dersom du allerede har lokal oppfølging, er det viktig at det blir knyttet kontakt mellom oss og ditt lokale hjelpeapparat.

  2. Under

    Under en døgninnleggelse bor du på behandlingsstedet. Tilbudet vårt består av individuelle samtaler og deltakelse i grupper. Vi tilrettelegger behandlingen ut fra dine behov. Det vil være ansvarlig behandlingspersonale tilgjengelig gjennom hele døgnet.

  3. Etter

    Etter et opphold i døgninstitusjon overtar det lokale hjelpeapparatet. Før avslutning av døgnbehandling vil vi ha møter/samtaler mellom oss og det lokale hjelpeapparatet.

    Ved utskrivelse mottar du og din henviser en epikrise som er en oppsummering av oppholdet og en anbefaling av videre tiltak.

Gå til Døgnbehandling av rusmiddelproblemer

Det finst fleire metodar og terapiformer for behandling av rusavhengigheit. Dei ulike behandlingsstadane har forskjellig tilnærming.

Dagbehandling

For nokre kan det vere aktuelt med eit dagtilbod. Dagtilbodet kan vere eit tilbod i ein døgnavdeling der du kan kome og følgje eit behandlingsopplegg på dagtid, eller tilbod i eige dagsenter.

Les mer om Dagbehandling rus

Dagbehandling rus

Tverrfaglig spesialisert behandling av rusmiddelproblemer (TSB) omfatter tilbud om dagbehandling. Dagbehandling er et tilbud til deg som har behov for behandling, men ikke trenger innleggelse. Dagbehandling skjer ofte i forlengelsen av et opphold på en døgninstitusjon.

  1. Før

    Før oppstart i dagbehandling er det viktig at du er kjent med behandlingstilbudet, og at behandlingsstedet kjenner deg.

    Det er nyttig med formøter og/eller planleggingsmøter i forkant av behandlingsstart.

  2. Under

    Dagbehandling består av individuell behandling i form av samtaler, og eventuelt kartlegginger eller deltakelse i ulike grupper. Gruppetilbudene varierer og kan være samtalegrupper, behandlingsgrupper, kreative grupper eller treningsgrupper.

  3. Etter

    Etter avsluttet dagbehandling sender behandlingsstedet en epikrise til deg og henviser som oppsummerer innholdet i behandlingen, og gir eventuelt forslag til videre behandling eller andre tilbud.

Gå til Dagbehandling rus

 

Oppfølging

Etter anbefalt utgreiing og behandling er gjennomført og avslutta, får du tett oppfølging av den som tilviste deg/fastlegen din eller fagpersonar frå ulike instansar, avhengig av situasjonen din eller etter avtale med den som tilviste deg.

Behandlingen du har vore gjennom vil vere førande for kva type oppfølging du har behov for og kor ofte. Etter avslutta behandling sender vi ein epikrise til deg og til tilvisar. Ein epikrise er ei samanfatning av utgreiinga og behandlinga hos oss og inneheld forslag til videre behandling og/eller andre tilbod.

Ved tilbakefall er det viktig å søke hjelp raskt for å unngå at du fell tilbake til rusbruk

Tilbakefall til rusmiddelbruk og avbot frå behandlinga kan skje med fleire. I samarbeid med behandlarane dine bør du raskt lage ein plan for å førebygge og handtere eventuelle tilbakefall. Denne planen blir kalla ein kriseplan.

For god meistring kan det vere viktig å inkludere livspartnar/pårørande i behandlinga. Det er også fornuftig å finne sjølvhjelpsgrupper, der du kan dele erfaringar med andre som er i same situasjon. Dette gjeld også for pårørande.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?