Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Transplantasjon av bein frå hoftekam til kjeve, nynorsk
Denne operasjonen kan vere aktuell for nokre barn og unge som er fødd med leppe-kjeve-ganespalte.
Barn som har spalte i kjevekammen vil få behov for beintransplantasjon. Hensikta med operasjonen er at tennene skal ha godt med bein å vokse, og bryte fram i.
Tilvising og vurdering
Det er kjeveortopedane som bestemmer tidspunktet for operasjonen, og det er tennenes frambrudd som avgjer når det ideelt sett skal utførast. Opphaldet på sjukehuset varar frå 1-5 dagar.
Før
Før sjølve operasjonsdagen.
Det blir konsultasjon med både sjukepleiar, turnuslege, plastikkirurg, og anestesilege dagen før operasjonen. Det kan også vere behov for å ta nye bilde av tennene på Odontologen. Dersom barnet har problem med øyrene blir det også ein konsultasjon med og øyre-nase-hals lege. Anestesilegen vurderer om barnet har behov for beroligande medisin i forkant av operasjonen. Avgjerda blir tatt under konsultasjonen dagen før operasjonen.
Kvelden før operasjonen skal barnet dusje.
Faste startar som avtalt med avdelinga
Operasjonen blir utført i generell anestesi
Operasjonsdagen
Barnet må være fastande som avtalt.
EMLA-krem blir lagd på hendene ein time før oppmøte på operasjonsdagen. Her finner du en bildeserie for barn om emlakrem
Følge av foreldre og føresette
Begge foreldre får følge barnet til operasjonsavdelinga, men berre ein forelder får følge barnet til det er lagt i narkose. Når operasjonen er ferdig vil foreldre bli kontakta, slik at dei kan komme til barnet på oppvakningesavdelinga. Etter nokre timar på oppvakningsavdelinga vil barnet bli overført til sengepost.

Under
Operasjonen vil føre til at barnet får sting i munnen og på eine hoftekammen. Operasjonssåret på hoftekammen vil vere dekka med strips og eit plaster.
Operasjonen vil føre til at barnet får sting i munnen og på eine hoftekammen. Operasjonssåret på hoftekammen vil vere dekka med strips og eit plaster.
Etter
All mat og drikke skal vere avkjølt/kald (under 37 grader).
På sjølve operasjonsdagen etter operasjonen, kan barnet ta til seg flytande mat. Eksempel på flytande mat er: vann, saft, milkshake, yoghurt, is, buljong, suppe, smoothie.
Første og andre dag etter operasjonen kan barnet ete mosa mat som grøt, gele, potetstappe med saus, og mosa banan.
Tredje dag etter operasjonen kan barnet også ete myk mat som brødskive utan skorpe, og mjuk pasta etc.
Når det har gått 2 veker etter operasjonen kan ein ete vanleg mat.
Så lenge barnet er innlagd på sjukehuset vil det få smertestillande gitt etter alder og smertenivå. Ved smerter eller ubehag etter utskriving frå sjukehuset, anbefalast det å gi Paracetamol og eventuelt Ibux i tillegg.
Det er lov å gå på foten og belaste hofta med ein gong etter operasjonen. Det er viktig at det ikkje førekjem slag eller støt mot ansiktet i ein periode.
Det betyr at aktivitetar som gymnastikk, svømming, sykling, ballspel eller liknande, må vente til det er gått 3 veker etter operasjonen. Det anbefalast derfor at barnet er heime frå skolen i 1-2 veker etter operasjonen.
Det går fint å dusje når etter utskriving frå sjukehuset. Dersom bandasjen på hofta blir våt, må bandasjen skiftast. La stripsa lufttørke før ny bandasje blir lagt på. Stripsa på operasjonsåret skal ligge på til dei fell av.
God munnhygiene etter operasjonen er viktig for at såret i munnen skal få gro og at tennene held seg reine. Det går fint å pusse tennene nede med ein mjuk tannbørste etter operasjonen. I tillegg anbefalast det å bruke GUM-munnskyljevatn 2 – 3 gonger om dagen i til saman 2 veker.
Etter to veker kan tennene opp også bli pussa forsiktig. For nokon kan GUM-munnskyljevatn vere sterk på smak. Da er det mogleg å tynne ut munnskyljevatnet med litt vatn.

Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Rettar/Rettane dine Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt. Les meir om rettane dine ved pasientreiser
I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.
Betale eigendel Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.
Bestille drosje Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:
Lån av rullestol Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum.
Følgeteneste Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.
Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.
Hittegods Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.