Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til deg som ventar heime før operasjon ved ortopedisk avdeling

Ved ein del planlagde operasjonar kan du vente heime i tida mellom undersøking og operasjon. Her er informasjonen du treng.

Før

Avbod/endring av operasjonstidspunkt

Om du blir forhindra frå å komme til det avtalte tidspunktet eller om du blir sjuk (feber, naseforkjølt, halsvonde/hoste etc.) ber vi deg kontakte oss.

Slik førebur du deg heime før operasjonen

På operasjonsdagen kan du ta dei vanlege medisinane dine bortsett frå om du bruker medisinar mot diabetes, det vi kallar Ace-hemmar, A2-blokkere og vassdrivande. Desse medisinane skal du IKKJE ta. Om du er usikker på om nokon av dei medisinane du bruker tilhøyrer nokre av desse medikamentgruppene så la vere å ta medisinane. Ta dei heller med deg til sjukehuset, så tar du dei rette medisinane i samråd med oss.

Du kan ete og drikke som vanleg fram til midnatt. Etter midnatt skal du ikkje ete meir, men du kan røyke, snuse og drikke vatn, saft, jus, brus, te og svart kaffi fram til 1 time før oppmøtetidspunktet ditt.

Ta på deg tøy som er lett å få av og på etter at du er operert, og skotøy som er stødig og enkelt å få av og på.

Når du kjem til sjukehuset vil du få snakke med ein sjukepleiar og få utlevert sjukehustøy som du skal ta på deg. Sidan det kan bli litt ventetid denne dagen anbefaler vi at du tar med deg lesestoff, musikk eller anna underhaldning.

  • Om du skal opererast ved innlegging på sjukehuset: Ei stund før du skal opererast vil du ofte bli køyrd til eit mottaksareal og der blir du liggande fram til operasjonsstua er klar. I mottaksarealet vil du få lagt inn ein venekanyle og om du skal opererast i blokade vil også denne leggast der.

  • Om du skal opererast dagkirurgisk ventar du i same område som du blir køyrd tilbake til etter inngrepet.

Kontaktinformasjon 

Hvis du blir forhindret fra å komme til det avtalte tidspunktet eller hvis du blir syk (feber, neseforkjølet, halsonde/hoste etc) ber vi deg kontakte oss på: 

  • 55972837 (for de som møter på Sengepost 1 Øst/operasjon i Sentraloperasjonen)
  • 55970452 (for de som møter og opereres på Dagkirurgen i 2.etg).  

Under

Korleis går ein blokade-bedøving føre seg?

Blokade er ei lokalbedøving som bedøver heile armen din eller nedste del av foten din (avhengig av kva du skal opererast for). Denne blokaden held armen/foten kjenslelaus og smertefri i 10–16 timar (for nokon opptil 24 timar). Du vil i denne perioden ikkje kunne bruke armen/foten din som normalt.

Det er ein anestesilege som legg blokaden. Du blir ultralydskanna i området der blokaden skal leggast. Om du har ein handleddsskade kan det vere i armhola eller like over kragebeinet og dersom det er i foten du har skadd deg så kan det vere i knehasen og framfor på låret.

Ultralyd blir brukt for at anestesilegen skal vite presis kor lokalbedøvinga skal leggast. Det blir gjort med ei tynn nål like under huda. Før operasjonen startar, vil anestesipersonalet sjekke at bedøvinga sit korrekt slik at du ikkje skal kjenne smerter undervegs. Nokon vil merke trykk og berøring og det er heilt normalt.

Under operasjonen kan du få lytte til musikk (ta gjerne med deg din eigen mobil og høyretelefonar/pods). Nokre pasientar ønsker å sove undervegs. Dette blir avtalt med anestesilegen individuelt.

Ein del inngrep blir gjorde i full narkose som alternativ til blokade. Narkosen blir sett i ein venekanyle som blir lagd på armen. Anestesilegen bedømmer kva anestesiform som er best for deg.

Korleis går narkose føre seg?

Ein del inngrep blir gjorde i full narkose som alternativ til blokade. Narkosemidla blir sette i ein veneflon (venekanyle) som blir lagde på armen. Narkosen blir starta etter at du er køyrd inn på operasjonsstua og har fått kopla på deg overvaking (EKG, blodtrykk og ei klype på fingeren for å måle at du pustar godt). Etter at operasjonen er ferdig, blir du vekt inne på operasjonsstua og køyrd til postoperativ avdeling. Der vil vi ha deg i minst éin time, gjerne meir, til vi ser at du har det bra.

Anestesilegen bedømmer kva anestesiform som er best for deg.  

Etter

Om du har sove under operasjonen blir du køyrd til postoperativ avdeling eller tilbake til venteområdet på dagkirurgisk avdeling. Der ligg du til du er heilt vaken. Deretter blir du eventuelt køyrd opp igjen til ortopedisk sengepost der du får kle deg om til dine eigne klede. Før du reiser heim får du all nødvendig informasjon om korleis du skal starte dei smertestillande medisinane dine. Vi anbefaler at du har ein vaksen pårørande hos deg den første dagen/natta.

Kirurgen informerer deg om korleis operasjonen har gått og kva som er planen vidare.

Det er viktig at du klarer å late vatnet i løpet av kvelden den dagen du blir operert.

Om du ikkje har klart å tisse 6–8 timar etter at du reiste frå sjukehuset, må du kontakte oss.

Kva skal eg gjere så lenge blokaden verkar?

Så lenge armen/foten din blir opplevd nomen er det viktig at du passar på enkelte ting:

  1. Ikkje plassar varme/kalde gjenstandar direkte på det bedøvde området.
  2. Ikkje la armen/foten ligge på hardt underlag. Legg pute/dyne under.
  3. Dersom du har operert handa/armen din vil du bli skriven ut med ein fatle som du skal bruke i alle fall så lenge blokaden verkar, men ofte lenger. Det vil ortopeden i tilfelle informere deg om.
  4. Dersom du har fått laga til gips etter operasjonen bør du sjekke fingerneglene dine så lenge blokaden verkar og gi beskjed til ortoped om du ser fargeendring.
  5. Dersom du er operert i foten vil du vanlegvis ikkje kunne belaste foten/gå på den så lenge blokaden verkar. Ikkje forsøk å gå utan å ha nokon til å hjelpe deg første gongen.
  6. Om du har fått armbedøving kan balansen vere endra så ver varsam med trappegang så lenge armen er nomen.

Smertestillande behandling

Dei fleste vil trenge smertestillande tablettar etter at blokaden har slutta å verke. Du vil få skriftleg informasjon om kva tablettar du skal ta etter operasjonen og når du skal ta dei. Det er svært viktig at du følger våre oppfordringar og spesielt viktig at du tar smertestillande allereie før blokaden har slutta å verke. Dette er for å få ein overlappande effekt.

Dersom blokaden framleis verkar når du skal gå og legge deg om kvelden skal du uansett ta dei anbefalte smertestillande tablettane for å unngå at du vaknar midt på natta med sterke smerter.

Sist faglig oppdatert 01.08.2024

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad

Du skal enten møte på dagkirurgen i Sentralblokka, eller på sengeposten du tilhører. Du får informasjon om dette ved innkalling.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.