Operasjon gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker.
Operasjonsdagen må du ta det med ro. Ikkje snyte deg ut av nasen, berre dra slim inn og spytte, for elles kan det kome luft inn under huda. Dette gjeld i 4-5 dagar, deretter kan du snyte deg. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet). Det er ikkje tilrådeleg å køyre bil.
Ein kan ha nokre smerter/ubehag etter operasjon. Ta vanleg smertestillande, for eksempel Paracet.
Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid.
Unngå å klø og gni på huda og hold såra tørre. Ver forsiktig med dusj og hårvask slik at skyllevatn ikkje kjem i såret. Augesminke anbefaler vi ikkje før stinga er fjerna.
Viss du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.