Utbreiing og årsak
SLE debuterer oftast i alderen 16 til 55 år og er mykje vanlegare blant kvinner enn menn. Sjukdommen førekjem hos mellom 1 og 25 av 100000 i Europa, men er vanlegare blant afroamerikanarar og folk frå Asia.
Den direkte årsaka til SLE er ukjend, og mange ulike faktorar kan verke inn. Mykje tyder på at både arv, hormon, immunologiske årsaker og miljøfaktorar speler ei rolle.
Symptom og sjukdomsteikn
SLE kan gi symptom frå alle organ i kroppen. Ofte ser ein hudutslett, særleg på lysutsette område. Muskel- og leddverk er vanleg, og det same er nyrebetennelse. Mange kan oppleve sår i munnhole, og nokre får òg håravfall. I tillegg vil ein ofte kjenne seg trøytt og utmatta og ein del kan ha feber utan teikn til annan infeksjon.