Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Vestibularisschwannom

Svulst på balansenerven (Vestibularisschwannom)

Vestibularisschwannom (VS), også kalla acusticusnevrinom eller «svulst på balansenerven». Dette er ein godarta og vanlegvis langsomtvoksende svulst. Den veks ut frå balansenerven (den 8. hjernenerven) i indre øyregang.

Symptom

Dei vanlegaste symptoma er høyrselstap på eitt øre, øyresus (tinnitus), svimmelheit og balanseplager. Det er generelt liten samanheng mellom symptom og størrelse på VS. Sjølv små svulstar kan gi sterke symptom, mens større VS kan gi milde symptom. VS forårsakar sjeldan smerte, men ei dottkjensle eller ubehag i øreregionen førekjem. Nokre pasientar oppgir hovudverk.  

Vestibularisscwhannom (VS) er ein relativt sjeldan tilstand der behandlinga krev vurdering hos spesialist, som er Nasjonal kompetanseteneste for Vestibularisschwannom. 

Tilvising og vurdering

Både fastlegar og spesialistlegar kan vise til behandlingstenesta.  

Ventetid for vurdering er vanlegvis 1-3 månader.

  • MR bilde, med beskriving (på CD eller overført elektronisk), og informasjon om når og kvar MR er tatt.
  • Audiogram
  • Symptom og plager, og varigheit av plager/ symptom som
    • Høyrselsnedsetting
    • Tinnitus
    • Ustøheit
    • Svimmelheit
    • Andre nevrologiske utfall 
  • Medikament
  • Andre relevante sjukdommar
  • Sjukdomshistorie/tidlegare behandling 

Ved små svulstar skal tilvising sendast til:  

Haukeland universitetssjukehus 

Nasjonal behandlingsteneste for vestibularisschwannom 

Øyre-nase-hals avdelinga 

Postboks 1400 

5021 Bergen 

  

Ved store svulstar skal tilvising sendast til:  

Haukeland universitetssjukehus 

Nasjonal behandlingsteneste for vestibularisschwannom 

Nevrokirurgisk avdeling 

Postboks 1400 

5021 Bergen 

  

Når tilvisinga, med alt nødvendig bildemateriale og kliniske opplysningar, er mottatt vil ho bli vurdert på eit vekentleg tverrfagleg møte. Hastesaker blir fortløpande vurderte. 

 

Diagnose og henvisning

De vanligste symptomene på vestibularisschwannom er: ensidig hørselsnedsettelse, øresus (tinnitus), svimmelhet og balanseforstyrrelser. Personer som har ensidig hørselsnedsettelse, eventuelt kombinert med flere av disse symptomene bør henvises til en MR av hodet med spørsmål om vestibularisschwannom.


Nydiagnostiserte

Alle pasienter med MR-funn som gir mistanke om vestibularisschwannom skal henvises.
 

Henvisningen skal inneholde:

 
  • MR-bilder med beskrivelse
  • Audiogram
  • Sykehistorie og klinisk undersøkelse, spesielt med opplysninger om:
    • Varighet
    • Hørselsnedsettelse
    • Tinnitus
    • Ustøhet
    • Svimmelhet
    • Andre nevrologiske utfall (ansiktssensibilitet, smakssans)
 
Pasienter under 70 år mottas rutinemessig for undersøkelse.
 
Pasienter over 70 år med små svulster følges på hjemsted etter råd fra NBT uten konsultasjon her.
NBT skriver epikriser/notater til henviser med råd om oppfølging på alle henviste pasienter.

Utredning

Ved spørsmål om vestibularisscwhannom blir du undersøkt med MR og du må ta ei høyreprøve.  

Du kan lese meir om desse undersøkingane her: 

 

Behandling

Spesialist vil vurdere kva behandling pasienten er best tent med.  

Dette avheng av størrelsen til svulsten (volum), plassering, vekst og kva symptom pasienten har. Symptoma ved VS kan vere plagsame og vil ofte halde fram også etter behandling med gammakniv eller kirurgi.  

  • Den vanlegaste behandlingsforma ved VS er observasjon med MR.
  • I nokre tilfelle blir behandling tilboden med gammakniv eller kirurgi. 

Observasjon med MR er den behandlingsstrategien som er mest vanleg. I dette tilfellet blir MR-undersøkingar gjentatte med jamne mellomrom. Dei første åra er det vanleg med årlege undersøkingar, men etter kvart vil intervalla mellom kvar MR aukast. Dersom svulsten veks vil ein vanlegvis behandlast med gammakniv. 

Gammakniv (strålekniv) ein metode som kan behandle ei rekke sjuklege tilstandar i hjernen, blant anna vestibularisschwannom. Gammakniv er ei høgspesialisert strålemaskin der svulsten blir strålet av mange strålar frå fleire vinklar. Strålane blir rett retta mot behandlingsområdet med høg presisjon. Strålingskjelda er radioaktivt kobolt og kan formast slik at ho er forma til nøyaktig tilpassa svulsten, utan å skade omliggande friskt vev. Metoden gjer det mogleg å behandle små område djupt inne i hjernen. Gammaknivbehandling er ei eingongsbehandling der formålet er å få svulsten til enten å stoppe å vekse eller bli mindre. Da er behandlinga vellykka. Effekten blir jamleg undersøkt med MR (som regel lokalt) i mange år etter behandlinga. 

Dersom du vil lese meir om gammakniv kan du gå inn på denne sida: https://helse-bergen.no/avdelinger/nevroklinikken/nevrokirurgisk-avdeling/nasjonal-behandlingstjeneste-i-stralekniv#les-meir-om-nasjonal-behandlingstjeneste-i-stralekniv   

Kirurgi ved vestibularisschwannom blir gjennomført av eit team beståande av kirurgar frå den nasjonale behandlingstenesta (Nevrokirurgisk- og Øre-nase-halsavdelinga). 

Pasienten vil vere i narkose under operasjonen. Val av operasjonsmetode avheng av fleire faktorar, og kan utførast via ulike tilgangar. Dette blir vurdert av kirurgane i forkant av operasjonen. Den vanlegaste operasjonen er såkalla “retrosigmoid kraniotomi” kor ein går inn bak øyret på den aktuelle sida. Ved slike operasjonar blir omfattande overvaking nytta av nervesystemet slik at kirurgane kan følge med på nervefunksjonen mens dei opererer. 

Operasjonane tar ofte mange timar fordi ein må gå varsamt fram. Alvorlege komplikasjonar er i våre dagar svært sjeldne etter denne typen kirurgi. 

Oppfølging

Uavhengig av behandlingsmetode er oppfølging viktig. Oppfølging skjer på heimstaden eller i nokre tilfelle ved Nasjonal behandlingsteneste for VS på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.  

Pasientar som blir opererte blir rutinemessig følgt opp på Haukeland universitetssjukehus den første tida. Alle pasientar blir kontrollerte med MR-undersøkingar i opptil 10 år. 

Uansett behandling har pasienten med vestibularisschwannom godt av å vere i fysisk aktivitet.  

Treningsinnhald, aktivitet og mengde variere ut frå plager og evnar. Nokre pasientar kan trenge oppfølging frå fysioterapeut på sin heimstad.  

Pasientar med høyrselstap eller øyresus kan ha utbytte av høyreapparat eller høyrselstekniske hjelpemiddel. Dette kan organiserast på heimstad.  

Pasient- og pårørandeopplæring blir arrangert fleire gonger i året i på Haukeland universitetssjukehus. Kurset går over to dagar og har fokus på informasjon, meistring og fysisk aktivitet. Det å treffe andre i same situasjon er for mange også svært nyttig.

Sist faglig oppdatert 13.12.2023

Kontakt

Sentralblokka Nasjonal behandlingstjeneste for vestibularis­schwannom

Kontakt Nasjonal behandlingstjeneste for vestibularis­schwannom
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.