Svimmelheit og balanseforstyrringar
Svimmelheit er ei kjensle av å vere ustø, ør eller ha ei kjensle av at omgivnadene spinn rundt. Svimmelheit er eigentleg eit lite presist omgrep, som kan ha mange ulike årsaker.
Symptom
Når svimmelheit oppstår plutseleg og uventa, er rask legeundersøking viktig for å avklare om symptoma kan komme av alvorleg sjukdom. Sjølv om svimmelheit kan ha ei ufarleg årsak, kan det i nokre tilfelle vare lenge og opplevast som svært plagsamt for pasienten.
Tilvising og vurdering
Både fastlegar og spesialistlegar kan vise deg til denne utgreiinga/behandlinga.
Utgreiing
Vi anbefaler alle å starte utgreiinga hos fastlege eller eventuelt legevakt, som vurderer om du treng vidare undersøkingar hos spesialist.
Det viktigaste for legen er den beskrivinga du gir av plagene dine, eventuelt kva sjukdommar du har og om du bruker nokon medisinar som kan gjere deg svimmel. I tillegg er følgande undersøkingar vanlege:
- Lytte på hjartet, måle blodtrykk og puls
- Undersøking av nervesystemet (koordinasjon, kjensle, kraft i bein og armar)
- Undersøking av balansesystemet
- Blodprøver
Utgreiinga avheng av symptoma dine og av kva fastlegen finn ved dei innleiande undersøkingane sine.
Ein spesialist vil legge stor vekt på kva du fortel om svimmelheita, når og korleis ho oppstod, og om du merka andre symptom samtidig. Ein øre-nase-halsspesialist vil fokusere på sjukdommar i balanseorganet i det indre øyret. Du får utført ei generell undersøking av øyre, nase og hals i tillegg til høyreprøve og undersøkingar av balansesystemet.
Undersøkingar av augerørslene er særleg viktige for å avdekke sjukdommar i balanseapparatet. Nokre legar har spesialutstyr (videobriller) som gjer det lettare å undersøke augerørslene dine.
Ein nevrolog vil fokusere på korleis hjernen og resten av nervesystemet fungerer. Du får utført ei generell undersøking av dei ulike delane i nervesystemet.
I nokre tilfelle er det nødvendig å bestille bilde av hovudet og det indre øyret.
Ein hjartelege vil sette søkelys på korleis hjartet og blodsirkulasjonen fungerer. Blodtrykksfall eller hjarterytmeforstyrringar kan vere årsak til svimmelheit.
Det er ikkje alltid like lett å finne årsaka til svimmelheita. Utgreiinga gir auka forståing for årsakssamanhengar, og du kan få råd om øvingar for å meistre problemet.
Nokre aktuelle utgreiingar
CT
Behandling
Behandlinga er avhengig av diagnosen og vil i dei fleste tilfelle også omfatte eigentrening og eventuelle spesifikke øvingar. Hovudbodskapen er: Rørsle er bra!
Oppfølging
Vidare oppfølging avheng av diagnosen som blir stilt.
Kontakt
Sentralblokka
Balanselaboratoriet
Oppmøtestad
Du finn oss i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen