Behandlinga blir innleia med bronkoskopi på stråleterapirom. Under behandlinga vil det vere legar og sjukepleiarar frå Lungeavdelinga til stades saman med strålefysikarar, onkolog og radiografar som samarbeidar om prosedyren.
Pasienten vil bli kopla opp med overvakingsutstyr som følgjer med blodtrykk, puls og oksygenmetning, og det blir lagt inn venflon på armen.
Bronkoskopi blir gjennomført med lokalbedøvande spray i svelg og luftveg, samt beroligande medikament intravenøst. Området som skal strålebehandlast blir identifisert og markert under røntgengjennomlysing med 2 metalltrådar utanpå huda på brystkassa. Deretter førast ein applikator (2 mm tynt plastrøyr) gjennom bronkoskopet, og denne blir liggande igjen når bronkoskopet trekkast opp. Frå her er det veldig viktig at pasienten ligg heilt stille på bordet, og ikkje snakkar eller hostar før strålinga er ferdig.
Det tar vanlegvis 10-15 minutt for fysikar å teikne opp strålefeltet på datamaskinen. Det kan derfor bli litt venting, men personalet vil vere i rommet og kan fylle på med bedøving og ev. suge bort spytt / slim i svelget ved behov.
Applikator koplast på strålemaskinen og strålekjelda vandrar kortvarig ned til det området som skal strålast. Sjølve strålinga tar vanlegvis rundt 5 minutt. Dørane er lukka i denne tida og pasienten er aleine i rommet under video og lydovervaking. Etter strålinga blir applikator fjerna frå luftvegane og markørane tatt av brystkassa.
Behandlinga blir gjentatt til saman 3 ganger, vanlegvis med 1 dags intervall, for eksempel måndag - onsdag - fredag.