Samling av spyttprøve gjer du med behaldarane du har fått utlevert.
Før du skal bruke behaldarane må dei oppbevarast tørt og i romtemperatur.
Vask ansikt og hender grundig før du tar prøvane dersom du brukar kortisonsalve.
- Du tar prøven mellom kl. 22.00 – 24.00 (om ikkje legen har sagt noko anna).
- Ta av korken, hell tampongen direkte i munnen. Du må ikkje ta på tampongen med fingrane.
- La tampongen bli i munnen i nokre minutt.
- Når tampongen er gjennomfukta av spytt skal tampongen plasserast tilbake i salivetterøyret. Ikkje ta på tampongen med fingrane.
Hugs to prøvar med eit døgns mellomrom eller meir.
Bilete av salivetterøyret og tampongen.