Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Søvn-EEG
Ved søvn-EEG, vert hjernen sin elektriske aktivitet undersøkt både i vaken tilstand og under søvn.
Utgreiiga vert gjort ved mistanke om epilepsi utan avklaring etter eitt eller fleire standard EEG. Det vert også gjort ved anfall eller mistanke om auka epileptisk aktivitet i samband med innsovning, søvn eller oppvakning.
Det å sova lite før undersøkinga kan vera ein effektiv måte å få epileptiform aktivitet tydelegare frem.
Før
Vaksne skal ikkje sova natta før undersøkinga, og barn under 12 år skal ikkje sove etter kl. 03.
Et og ta dei vanlege medisinane den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje anna er avtalt.
Skriv ned kva medisinar du brukar.
For at prøven skal bli teknisk god bør håret vere nyvaska og tørt. (ikkje bruk andre hår produkt enn nøytral shampo)
Ha med eigen kam, børste, evt. hårpleiemidlar.
Barn kan ha med seg leikar, smokk, tåteflaske etc.
Barn/personer som treng ekstra førebuing (f.eks. ved autisme, eller psykisk utviklingshemming) kan avtala å koma til avdelinga før undersøkinga for å sjå undersøkingsrommet, sjå/kjenna på utstyr, evt. låne med seg heim noko utsyr for å øva på undersøkinga. Ta kontakt med avdelinga dersom dette er aktuelt.

Under
Undersøkinga er smertefri.
Undersøkinga vert utført på same måte som ved vanlig EEG.
Spesielt for søvn-EEG er at testen vert utført om morgenen, og ein ynskjer å registrera både vakenheit og søvn. Registreringen bør innehalda minst 30 minuttar med søvn.
Ein blir gjerne vekt 1-2 gonger i løpet av undersøkinga.
Ofte gjer ein lysblinkstimulering, og/eller hyperventilasjon i løpet av søvn-EEG.
Heile undersøkinga varer ca. 1-1,5 time.
Undersøkinga er smertefri.
Undersøkinga vert utført på same måte som ved vanlig EEG.
Spesielt for søvn-EEG er at testen vert utført om morgenen, og ein ynskjer å registrera både vakenheit og søvn. Registreringen bør innehalda minst 30 minuttar med søvn.
Ein blir gjerne vekt 1-2 gonger i løpet av undersøkinga.
Ofte gjer ein lysblinkstimulering, og/eller hyperventilasjon i løpet av søvn-EEG.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.