Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Somatosensorisk fremkalte responser (SER)
Ved SER undersøker ein kor raskt nerveimpulsar frå huda vert transportert til ryggmarg og hjerne. Ved å stimulere ulike nervar i huda, kan ein få opplysningar om det perifere og det sentrale nervesystemet.
Det mest vanlege er å stimulera store nervar i armar eller føter ved undersøkinga. Kva nervar som vert undersøkt, kjem an på problemstillinga og symptoma personen har.
Før
Førebuing:
Et og ta dei vanlege medisinane du pleier å ta den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje anna er avtalt.
For at undersøkinga skal bli teknisk god bør håret vera nyvaska og tørt. (ikkje bruk andre hårprodukt enn nøytral shampo) Kroppen bør også vera rein og utan hudlotion.
Barn kan ha med eigne leikar, smokk, tåteflaske etc.
Førebuing:
Et og ta dei vanlege medisinane du pleier å ta den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje anna er avtalt.
For at undersøkinga skal bli teknisk god bør håret vera nyvaska og tørt. (ikkje bruk andre hårprodukt enn nøytral shampo) Kroppen bør også vera rein og utan hudlotion.
Barn kan ha med eigne leikar, smokk, tåteflaske etc.
Under
Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
Personen som vert undersøkt ligg på benk eller i seng.
Barn kan sitja på fanget til ein av foreldra eller liggja i barnevogn.
Det er viktig å sitja / liggja roleg, og slappe godt av under testen. Uro kan gi forstyrring i registreringsresultata.
Huda bør halda normal temperatur. Dersom ein er kald / kjøleg på hender eller føter, pakkar ein dei gjerne inn med pledd / varmepute.
Elektrodar vert festa på hovudet, nakke, kragebein, armar, evt. også rygg, mage og bein.
Sjukepleiar stimulerar dei aktuelle nervane med svak straum ved å plassere ein stimuluselektrode på huda.
Einskilte kan oppleva dette som noko ubehageleg, men ikkje smertefullt. Grad av ubehag heng ofte saman med grad av generelle spenningar i kroppen.
Undersøkinga vert alltid gjort alltid i begge armane, evt. også i begge beina.
Undersøkinga tar ca.1- 2 timer, men kan vare lenger.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.