Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skjoldbruskkjertelkreft

Skjoldbruskkjertelen (glandula thyreoidea) ligg på framsida av halsen like nedanfor strupehovudet og har form som ein sommarfugl, med ein midtlapp og to sidelappar. Kreft i skjoldbruskkjertelen startar oftast som ein knute på halsen i ein av lappane til kjertelen. Dei fleste knutane i skjoldbruskkjertelen er ikkje kreft – dei er godarta.

Kreft i skjoldbruskkjertelen (Cancer thyroidea) er relativt sjelden, og har gode prognoser.

Les meir på helsenorge.no

Om skjoldbruskkjertelen

Den viktigaste funksjonen til skjoldbruskkjertelen er å produsere tyreoideahormona tyroxin og trijodtyronin, også kalla T4 og T3. Jod er ein viktig bestanddel av desse hormona, som verkar inn på dei aller fleste cellene i kroppen, og er med i reguleringa av ei lang rekke funksjonar. Dersom du for eksempel har for lite tyreoideahormon i blodet, går dei fleste funksjonane treigare. Vi snakkar om at stoffskiftet er for lågt (hypotyreose). Dersom du derimot har for mykje tyreoideahormon i blodet, vil kroppen gå på høggir – du har for høgt stoffskifte (hypertyreose). Normalt er mengda hormon som blir skilt ut frå skjoldbruskkjertelen, nøye regulert av det tyreoideastimulerande hormonet (TSH), som blir laga i hypofysen. Har ein lågt nivå av tyreoideahormon i blodet, blir det skilt ut mykje TSH, mens høgt nivå fører til at utskiljinga av TSH blir undertrykt (supprimert). Normalt får ein som følge av denne mekanismen ein jamn konsentrasjon av hormon i blodet.

Kreft i skjoldbruskkjertelen startar oftast som ein knute på halsen i ein av lappane til kjertelen. Dei fleste knutane i skjoldbruskkjertelen er ikkje kreft – dei er godarta. Om knuten er godarta eller ondarta, blir som oftast avgjort av ei celleprøve.
Skjoldbruskkjertelkreft kan bli delt inn i ulike typar. Dei vanlegaste formene for skjoldbruskkjertelkreft er dei såkalla høgt differensierte. Det vil seie at vevet er svært likt normalt skjoldbruskkjertelvev. Høgt differensiert skjoldbruskkjertelkreft kjem frå follikelcellene (som utgjer mesteparten av kjertelen) og kan bli delt inn i:

  • Papillær skjoldbruskkjertelkreft (ca. 70 % av tilfella)
  • Follikulær skjoldbruskkjertelkreft (ca. 15 % av tilfella)
  • Andre typar skjoldbruskkjertelkreft:
    • Medullær skjoldbruskkjertelkreft kjem frå dei såkalla C‐cellene, som produserer kalsitonin (ca. 5–10 % av tilfella)
    • Anaplastisk skjoldbruskkjertelkreft er ein hurtigveksande og hissig krefttype som heldigvis er sjeldan (ca. 1–3 % av tilfella).

Eitt eller fleire av desse symptoma kan opptre som: 
  • Kul på halsen
  • Ubehag/smerter i halsen
  • Vanskar med å svelge
  • Vanskar med å puste
  • Stemmeforandringar / hås stemme

Vanlegvis kan ein ikkje peike på noka sikker årsak. Vi veit likevel at personar som tidlegare har fått strålebehandling mot halsen eller har vore utsett for radioaktiv stråling, har større risiko for å få skjoldbruskkjertelkreft. Førekomsten av kreft i skjoldbruskkjertelen auka for eksempel drastisk hos barn og unge i Kviterussland etter kjernekraftulykka i Tsjernobyl i 1986. Det er ikkje påvist noka auke i førekomsten i Noreg som følge av denne ulykka.

Vanlege røntgenundersøkingar av hals og munn (for eksempel hos tannlegen) gir ikkje auka risiko. Bruk av radioaktive stoff til undersøkingar og behandling av sjukdom i skjoldbruskkjertelen gir heller ikkje auka risiko. 

Nokre kreftformer er arvelege. Dette gjeld blant anna ei undergruppe av medullær skjoldbruskkjertelkreft, som kjem av ein mutasjon i eit spesielt gen (RET-onkogenet).

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiinga og behandlinga, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp, Helsedirektoratet
Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Før

De fleste svulstene eller knutene i skjoldbruskkjertelen er ikke kreft, men godartede forandringer. Det er svært vanlig å ha større eller mindre knuter i skjoldbruskkjertelen. Ved mistanke om kreft vil du undersøkes av lege. Standard for utredning av knuter er:

  • Klinisk vurdering (der legen kjenner på halsen) med anamnese/familieanamnese
  • Analyse av spesielle blodprøver
  • Ultralyd hvor det ofte også tas en liten prøve av eventuelle knuter. Ofte gjøres undersøkelsen både på bryst- og endokrinkirurgisk poliklinikk og ved senter for nukleærmedisin og PET
  • Celleprøve (ultralydveiledet finnålscytologi): Legen trekker ut celler fra knuten med hjelp av en tynn nål.
Når resultatene fra undersøkelsene og prøvene er klare, vil det som oftest kunne avklares om du har kreft eller ikke.

Ved påvist skjoldbruskkjertelkreft er det ofte aktuelt med ytterligere undersøkelser for å kartlegge sykdommens utbredelse både på halsen og ellers i kroppen. 

Pakkeforløp heim for kreft skal sørge for at du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga. Dette tilbodet er ikkje på plass for alle kreftdiagnosar riktig enda.

Behandling

Dersom du har kreft, blir det planlagt kva behandling som er best for deg. Ei avgjerd om behandlinga di blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte. 

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Skjoldbruskkjertelkreft blir som oftast behandla med operasjon.

Det er 3 viktige behandlingsprinsipp ved differensiert skjoldbruskkjertelkreft: kirurgi, radioaktivt jod og tablettbehandling med thyroksin‐natrium (Levaxin ®). Behandlinga av medullær skjoldbruskkjertelkreft er operasjon, mens behandling av anaplastisk skjoldbruskkjertelkreft er meir samansett og blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Differensiert kreft i skjoldbruskkjertelen

Dersom celleprøva viser at det er kreft, er behandlinga operasjon. Heile skjoldbruskkjertelen blir som regel fjerna, såkalla tyreoidektomi, og lymfeknutar på halsen blir også fjerna. Dersom celleprøva ikkje kan gi svar på om det er kreft eller ikkje, vil den eine halvdelen av skjoldbruskkjertelen der svulsten er, bli sendt til mikroskopisk undersøking. Dersom det er kreft, vil ein vurdere om det er nødvendig å fjerne resten av skjoldbruskkjertelen. 

Alvorlege komplikasjonar etter skjoldbruskkjerteloperasjonar er heldigvis sjeldne. Det vi fryktar mest, er skade av stemmebandsnerva (nervus laryngeus recurrens), som er ei tynn nerve som går kloss i skjoldbruskkjertelkapselen og kan derfor bli skada ved operasjonen. Denne nerva gir impulsar til små musklar som regulerer stramminga av stemmebandet, og ved skade kan pasienten bli svært hås. Vi gjer alt for å unngå denne komplikasjonen som i dag heldigvis er sjeldan.

Ein annan komplikasjon som kan oppstå dersom ein får fjerna heile kjertelen, er at ein får for lågt kalsium i blodet etter operasjonen fordi biskjoldbruskkjertlane blir skada eller får nedsett blodtilførsel. Desse kjertlane lagar eit hormon (PTH) som er viktig for reguleringa av kalsiumnivået i blodet. Dersom kalsiumnivået blir lågt, kan ein få plagsame biverknader blant anna i form av prikkingar rundt munnen, i fingrar, tær og nasetipp og ein følelse av uro i kroppen. Ein må ta kalsiumtablettar og nokre må også ete D‐vitamintablettar for å få rett kalsiumnivå. Som oftast er dette forbigåande plager, og vi reknar med at mindre enn 2–3 % treng å bruke tablettane for resten av livet pga. permanent nedsett funksjon i biskjoldbruskkjertlane etter operasjonen. Som etter alle operasjonar kan det også oppstå bløding eller infeksjon i operasjonssåret, men dette er også svært sjeldan.

Etter operasjonen må du ha tilførsel stoffskiftehormonet tyroksin (Levaxin®) resten av livet. Tyroksin erstattar tyreoideahormona som kroppen ikkje lenger lagar, og som er livsnødvendige, slik at du ikkje blir hypotyreot. Vidare veit vi at TSH frå hypofysen kan stimulere vekst av eventuelle restar av kreften. Derfor må du få så stor dose tyroksin at produksjonen av TSH i hypofysen blir redusert.

Etter behandling for skjoldbruskkjertelkreft vil dei fleste få slik suppresjonsbehandling med Levaxin®, slik at TSH-verdien blir låg eller ikkje målbar. Dette vil likevel vere avhengig av klassifiseringa til sjukdommen, så pasientar med lågast risiko for tilbakefall ikkje nødvendigvis treng suppresjonsbehandling. 

Alle pasientar treng ikkje behandling med radioaktivt jod. Her blir det gjort ei individuell vurdering. Dette vil seie at pasientar med tidleg oppdaga kreft og låg risiko ikkje nødvendigvis treng dette.

Av og til vil det vere nødvendig med fleire behandlingar med radioaktivt jod med 6–9 månaders mellomrom. Radiojodbehandling er også aktuelt ved tilbakefall av sjukdom. 

For at radiojodbehandlinga skal vere så effektiv som mogleg, er det viktig at skjoldbruskkjertelcellene forbigåande er tilstrekkeleg stimulert av eit høgt TSH‐nivå. Ei tilstrekkeleg TSH‐stimulering blir nådd etter 4–5 veker utan tyroksin. Her er det vanleg at ein bruker kunstig TSH (Thyrogen®) over 2 dagar som eit alternativ til 5 veker utan tyroksin, dersom det ikkje er slik at behandlinga blir gitt på grunn av tilbakefall av sjukdommen.

Når ein blir behandla med radioaktivt jod, må nokre pasientar vere innlagt på sjukehus. Av strålevernsutstyr vil pasienten ligge på isolat 1–3 dagar, og det vil vere avgrensingar i besøk den første tida etter behandlinga. Ved låge dosar radioaktivt jod kan «heimeisolering» vere tilstrekkeleg.

Medullær skjoldbruskkjertelkreft

Behandlinga av medullær skjoldbruskkjertelkreft er operasjon. Vanlegvis blir heile skjoldbruskkjertelen og lymfeknutane på halsen fjerna. Etter operasjonen må ein bruke tyroksin (Levaxin®) resten av livet. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å gi behandling med radionukleoid.
 
Anaplastisk skjoldbruskkjertelkreft

Anaplastisk skjoldbruskkjertelkreft er sjeldan. Behandlinga er ofte samansett og blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Det kan vere aktuelt med både cellegift, strålebehandling og operasjon.

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der ein ikkje kan kurere sjukdommen, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomforebygging og symptomlindring.
 
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.

Kliniske studiar

3 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Kontakt

  • Kontakt Bryst- og endokrinkirurgi poliklinikk

    Hudbygget, inngang vest

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    ​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

    Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Bryst- og endokrinkirurgi

    Oppmøtestad

    Sengepost (Kirurgisk post 2) held til i 4. etasje i Sentralblokka.

    Poliklinikken held til i underetasjen av Hudbygget.

    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 

    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​