Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Sjøgrens syndrom

Sjøgrens syndrom (SS) er ein kronisk revmatisk sjukdom dominert av autoimmun betennelse i tåre- og spyttkjertlar gjer redusert kjertelfunksjon og dermed tørre auge og munn.

Sjøgrens sykdom er en revmatisk sykdom med kronisk betennelse som først og fremst rammer vev som produserer sekret (væske). Slike vev finnes i spyttkjertler, tårekjertler, bronkier og tarm. Resultatet av betennelsen er nedsatt produksjon av væske og at slimhinnene blir derfor blir tørre.

Les meir på helsenorge.no

Trøttheit og muskel- og leddsmerter er også vanlege plager ved sjukdommen, og påverking av indre organ kan førekomme. Sjøgrens syndrom oppstår primært (ikkje knytt til andre sjukdommar), eller sekundært som tilleggsfenomen til andre revmatiske sjukdommar, for eksempel leddgikt eller systemisk lupus.

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om Sjøgrens syndrom kan fastlege tilvise til revmatologisk poliklinikk. Revmatolog vurderer tilvisingane ut i frå nasjonal prioriteringsrettleiar om du har behov for vurdering i spesialisthelsetenesta, i så fall får du vanlegvis time til utgreiing innan 12 veker.  

Sjøgrens syndrom er en sjelden årsak til tørrhetsplager, men hvis tilstanden mistenkes er første trinn å måle ANA. Hvis det ikke påvises SSA/B-antistoff er diagnosen lite sannsynlig.                         
         
En henvising ved mistanke om Sjøgrens syndrom må inneholde:    
  • Tørre øyne eller munn over 3 måneder                    
  • Allmennsymptomer eller symptomer/funn fra andre organer
  • ANA-status med evt subklasser og eventuelle andre avvik i laboratieundersøkelser                    
  • Medikamenter pasienten bruker som kan gi munntørrhet
  • Evt. undersøkelse fra øyelege
  • Evt. røntgenundersøkelser
    


    

Utredning

I utgreiinga gjer vi først ein måling av spytt- og tåreproduksjon, og tek blodprøvar. Du får informasjon om dette på førehand. Videre utgreiing er avhengig av opplysningane i tilvisninga, og resultat av spytt- og tåremålingane. I nokre tilfelle får du time hos sjukepleiar, og nokre ganger hos lege. Legen vil undersøke deg og oppsummere tidlegare sjukehistorie. 

Det er viktig at du tar med oversikt over medikamenta du bruker til utgreiinga. Ta også med informasjon om bruk av alternativ medisin. 

Hvis du ikkje har SSA-antistoff, er det ikkje sannsynleg at Sjøgrens syndrom er årsaka til plagene med tørrleik. Men i nokre sjeldne tilfelle er det eit sterkt ønske om endeleg avklaring, og da er det aktuelt å ta ein spyttkjertelbiopsi i tillegg.

    


Behandling Sjøgrens

Behandling

Kunstig tårevæske er den mest vanlege behandlinga for tørre auge. Når det gjeld tørr munn tilrår ein å drikke vatn eller anna sukkerfri drikke. Mange har nytte av å bruke sukkerfri tyggegummi og syrlege drops, og nokre kan òg ha effekt av kunstig spyttvæske.

Det er viktig med god munnhygiene med regelmessige besøk hos tannlege og bruk av fluortannkrem. Om ein er uttalt trøytt og har store plager med tørre auge og tørr munn, kan det i enkelte tilfelle vere aktuelt å prøve ein antirevmatisk medisin som heiter Plaquenil. 

Oppfølging Sjøgrens

Ikkje alle med Sjøgrens syndrom treng oppfølging på sjukehus. Om ein treng oppfølging av spesialist eller kan følgjast hos fastlege blir vurdert i kvart enkelt tilfelle ut frå kor uttalte symptom ein har, og om ein har betennelsesmarkørar og antistoff i blodet. 

Vil du vite meir?

In English