Ved store skadar og omfattande sårstell vil pasienten gjerne ligge i narkose når stellet vert utført. Etter kvart som skadane gror og ved mindre skadar vil gjerne pasienten kunne vere vaken under sårstellet.
Ei startar med å fjerne alle gamle bandasjar. Deretter vaskar ein alle sårflater og inspiserer såra. Ved mistanke om infeksjon tek ein gjerne prøvar frå såroverflata for å sjå om det veks sjukdomsframkallande bakteriar der. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med meir hardhendt mekanisk reingjering av sårflatene, for å fjerne skorper, gamle hudrestar og liknande. Såra blir ofte tatt bilete av, så situasjonen kan dokumenterast i pasienten sin journal.
Dersom det er spørsmål om endring av behandling eller behov for operasjon, vil ein kirurg ta stilling til dette.
Ein vil til slutt bandasjere pasienten på best mogleg måte, her finns det ei rad ulike bandasjar og sårprodukt som ein velger blant. Hovudmålet er å finne den bandasjen som gjev best tilheling, samstundes som den gjev minst mogleg fare for infeksjon og bidreg til at ein slepp alt for hyppige sårskift.
Stell av store skadar kan ta fleire timar, medan stell av små skadar kan vere unnagjort på nokre få minuttar.