Sårstell etter brannskade

Brannskade

Stell og reingjering av sår hos brannskadde er viktig for å redusere faren for infeksjonar.

Innleiing

Fram til ein brannskade er grodd vil ein ha behov for sårstell. Dette gjeld både om skaden vert operert eller om den vert behandla utan operasjon. Slike sårstell vil i varierande grad vere smertefulle. Ved omfattande skadar vil ein i byrjinga ha behov for narkose i samband med slike stell.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Ved større sårstell der det er behov for sedasjon eller narkose, må ein forberede stellet på same måten som ein forbereder ved andre operasjonar. 

  • Ein må vere fastande 
  • Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose/sedasjon med riktig smertelindring
  • Det er gjerne behov for å utføre stellet på ei operasjonsstove.

Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer når ein nyttar sedasjon/narkose. Det er og nødvendig å klargjere store mengder materiell til stell og bandasjar. Det trengs då gjerne opp mot ein halv time med forberedande arbeid før sjølve sårskiftet kjem i gang. 



Ved Brannskadeavdelinga har vi muligheit for å gje narkose på det rommet der pasienten befinn seg resten av døgeret. For pasientar som ligg ved andre avdelingar på Haukeland har vi og muligheit for å utføre sårstell på eit sårstellsrom inne på Brannskadeavdelinga. Avdelinga har eigne anestesilegar og anestesisjukepleiarar som tek vare på og overvakar pasienten i samband med narkose og sedasjon.

2. Under

Ved store skadar og omfattande sårstell vil pasienten gjerne ligge i narkose når stellet vert utført. Etter kvart som skadane gror og ved mindre skadar vil gjerne pasienten kunne vere vaken under sårstellet.

Ei startar med å fjerne alle gamle bandasjar. Deretter vaskar ein alle sårflater og inspiserer såra. Ved mistanke om infeksjon tek ein gjerne prøvar frå såroverflata for å sjå om det veks sjukdomsframkallande bakteriar der. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med meir hardhendt mekanisk reingjering av sårflatene, for å få bort skorper, gamle hudrestar og liknande. Såra vil gjerne bli tatt bilde av, slik at situasjonen kan dokumenterast i pasienten sin journal.
Dersom det er spørsmål om endring av behandling eller behov for operasjon, vil ein kirurg ta stilling til dette.

Ein vil til slutt bandasjere pasienten på best mogleg måte, her finns det ei rad ulike bandasjar og sårprodukt som ein velger blant. Hovudmålet er å finne den bandasjen som gjev best tilheling, samstundes som den gjev minst mogleg fare for infeksjon og bidreg til at ein slepp alt for hyppige sårskift.

Stell av store skadar kan ta fleire timar, medan stell av små skadar kan vere unnagjort på nokre få minuttar.

Ved stell av dei større skadane ved Brannskadeavdelinga, vil også fysioterapeut delta for å utnytte muligheten til passiv trening og tøying av ledd i samband med narkose/sedasjon. Vidare vil ein ofte nytte narkosen til å få utført andre tilsyn og undersøkingar som kan vere ubehagelege eller smertefulle.

3. Etter

Dersom det er nytta narkose eller sedasjon vil ein gjerne bli overvaka på same måte som nyopererte pasientar.

På Brannskadeavdelinga foregår sårskifta stort sett på pasienten sitt eige rom , og ein vil verte overvaka der fram til ein er skikkelig vaken.

Kontakt

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Brannskade
Telefon
55 97 35 60
Telefaks: 55 97 61 82
Postadresse
Haukeland universitetssjukehus
Brannskadeavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

Informasjon om flybussen i jula 2017

​Flybussen mellom Flesland og Haukeland universitetssjukehus går som normalt (sjå tekst under) til og med 22. desember, men er innstilt i jul og romjul. Oppstart etter nyttår blir 2. januar 2018.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Til besøkande på Brannskadeavdelinga

​Mange av pasientane våre har eit nettverk av familie og vener som ynskjer å komme på besøk og/eller ynskjer informasjon om korleis pasienten har det.

Til pasientar ved Brannskadeavdelinga

​Brannskadepasientane vi behandlar varierer frå den alvorleg kritisk sjuke intensivpasienten til den vakne snart utskrivingsklare pasienten som klarer å ete og drikke sjølv. Felles for dei er at dei gjennom opphaldet treng gjenteke sårstell og kirurgi.

  • Sjå all praktisk informasjon til deg som er pasient

 

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.