Rullemanøver (barbecue)
Krystallsjuke eller Benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV) er ei vanleg årsak til svimmelheit. Ved krystallsjuke losnar krystall og flyttar seg over i bogegangane i øyret der dei fører til at du blir svimmel. Tilstanden er plagsam, men ufarleg.
Denne behandlinga har som mål å flytte krystalla ut av dei horisontale bogegongene, slik at dei ikkje lenger framkallar svimmelheit.
Tilvising og vurdering
Behandling av krystallsjuke blir oftast gjord hos fastlege. Dersom du ikkje blir kvitt svimmelheita, kan fastlege vise til vidare behandling hos spesialist.
Før
Behandlinga krev ingen førebuingar.
Under
- Du begynner med å leggje deg flatt på ein benk, snu deg med hovudet 45 grader mot den sida ein har funne krystall på avvegar. Slik skal du liggje inntil svimmelheita roar seg. Vent 30 sekund til.
- Snu hovudet mot taket, vent 30 sekund.
- Under rettleiinga til legen snur du hovudet 45 grader mot den friske sida. Ligg slik til svimmelheita minkar.
- Legg haka ned mot brystet. Legen held fram med å snu hovudet ditt samtidig som du følgjer rørsla med resten av kroppen mot frisk side slik at du blir liggjande på magen, vent 30 sekund.
- Snu hovud og kropp 45 grader til slik at du blir liggjande i den stillinga du starta og du har snudd deg 360 grader. Kvar rørsle blir halden inntil svimmelheita roar seg.
- Deretter set du deg opp og snur hovudet varsamt rett fram, haka er lett bøygd framover.
Etter
Det er viktig ikkje å unngå stillingar som gjer deg svimmel. Ver i rørsle og gjer gjerne balanseøvingar. Ved behov kan du bli tilvist til fysioterapeut for målretta balansetrening.
Dersom desse ikkje gir tilfredsstillande resultat, kan du heime repetere manøvrane du har fått tilrådd, 2 gonger morgon og kveld. Blir du ikkje kvitt plagene, kan du ta kontakt med fastlegen din igjen.
Trass i behandling kan det på eit seinare tidspunkt finnast tilbakefall av krystallsjuken. Du kan då trenge ei ny behandling.
Etter behandlinga kan du vere i aktivitet som vanleg.
Kontakt
Sentralblokka
Balanselaboratoriet
Oppmøtestad
Når du kommer til Haukeland Universitetssykehus, ta heis nord til 2 etasje i Sentralblokken og gå til høyre. Henvend deg i resepsjonen ved Øre-nese-halspoliklinikken, Klinikk for hode hals. Du blir der vist vei til riktig venterom.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen