Har du kjent skoliose, og har fått time til operasjon?
Som eit ledd i førebuing til operasjon, er det vanleg med ei røntgenundersøking som tar litt lenger tid. I tillegg til dei vanlige bilda, skal vi ta nokre bilde som kartlegger kor stor del av ryggen din som er bevegelig, og kor mykje den kan bevege seg.
Vi tar bilde der du skal bøye ryggen sidevegs til høgre og venstre. Desse tar vi helst medan du står. I tillegg skal vi ta bilde medan du ligg på ein undersøkelsesbenk. For å få eit bilde av kor bevegelig ryggen er, kjem vi til å trekke i skuldre og bein før bildet tas.
Når undersøkinga er ferdig kan du kle på deg og forlate avdelinga.