Når undersøkinga begynner, må du ligge på et undersøkelsesbord. Du må kle av deg bukse og truse, så får du eit håndkle over magen. Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking. Dersom du ynskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.
Vi setter inn eit tynt kateter eller plastpropp i endetarmen. Så fyller vi forsiktig tarmen med kontrastvæske. Kontrastvæska er flytande og enten kvit eller gjennomsiktig. Den gjer at vi kan sjå tarmen på røntgenbildene, og er viktig for å få ei god undersøking.
Du kan kjenne eit lett press i mageregionen og for nokre kan det kjennes ut som om ein må på do.
Bilda vert tatt medan du ligg på sida, på magen eller på ryggen. Ofte må du snu litt på deg i løpet av undersøkinga. Sjølve undersøkinga tar om lag 30 minuttar. Etterpå kan du kle på deg og reise heim.
Etter undersøkinga og resten av dagen er det viktig å drikke litt ekstra for å skylle ut restar av kontrastvæska.