Du blir henta på venterommet av ein radiograf. Når du kjem inn på røntgenrommet, må du ta av deg på overkroppen. Dersom du har ei t-skjorte eller undertrøye uten metall eller pynt, kan denne som regel vere på.
Vi brukar ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.
For at bildene skal bli gode, må du drikke litt røntgenkontrast.
Den er kvit og litt tjukk, men smaker nesten ingenting. Dersom du vil ha litt god smak på den, kan vi blande i sjokoladepulver eller saft.
Bildene tas av og til medan du står, og av og til medan du ligg på ein benk. Vi tar røntgenbilder medan du svelger ein og ein slurk av røntgenkontrasten. Ofte må du snu deg litt på deg undervegs, så vi får bilder få ulike sider.
Sjølve undersøkinga tar om lag 15- 30 minuttar. Etterpå kan du kle på deg og reise heim.