Du blir henta på venterommet av ein radiograf når det er din tur. Undersøkinga går føre seg medan du sit.
For å få gode bilde, er det nødvendig å bruke kontrastmiddel. Dette er ei tjuktflytande, kvit væske som vises godt på røntgenbilda. Når undersøkinga byrjar, set vi litt av dette kontrastmiddelet forsiktig i nasen din. Du skal så prøve å snufse det inn i nasen slik at det kjem bak i svelget. Det vil så bli gjort røntgenfilmopptak av ganen medan du seier ord eller lydar som du hermar etter logopeden.
Det kjem til å vere ein del folk i rommet som har forskjellige oppgåver. Ein logoped vil gje deg ord og lydar du skal gjenta, ein radiograf og ein medisinteknikar styrer apparatet som tar bilde og lagrar bilda, ein radiolog og plastikk-kirurg vurderer bilda.
Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.
Dersom du ynskjer det, kan du ha med deg pårørande inn til undersøkinga.