Du vaknar opp på oppvakningsavdelinga. Her blir du observert nokre timar før du blir henta tilbake til sengeposten. Det er her vanleg å vakne med verk i skuldre og magen, irritasjon frå kateteret og kanskje noko svakheit i armane. Når du vaknar vil du også merke at du er kobla til ein del utstyr og har seks plaster på magen:
Mat og drikke
Du kan få drikke vatn rett etter operasjonen, og ete lett kost når du er tilbake på sengeposten. Ein bør være litt forsiktig med å ete for mykje då narkosen og laparoskopiteknikken gjer at tarmane treng litt tid på å kome seg i gang etterpå. Er ein for ivrig kan ein ende opp med å kaste opp, som er svært uheldig både fordi det er ubehageleg og smertefullt, men ein risikere også å strame bukmusklane for mykje og igjen risikere arrbrokk og skade på skøyten mellom urinblæra og urinrøyret der prostata var før.
Aktivitet
Alle skal vere litt oppe av senga same dag som dei er operert. Det er viktig å vere oppe og i aktivitet frå dagen etter operasjonen for å unngå medisinske komplikasjonar som blodpropp i føtene og lungeinfeksjon. Operasjonen kan medføre ein del luftsmerter og kjensle av å vere oppblåst/stinn i buken. Desse plagene forsvinn best ved aktivitet og bruk av reseptfri smertelindring som paracet og ibux, gjerne i kombinasjon.
Utreise
Heimreise skjer som regel dagen etter operasjonen.
Stell av sår og hygiene
Det blir brukt vanlege hudsting, og desse skal fjernast samtidig med kateteret 14 dagar etter operasjonen, enten i 5.etg her eller der du blei tilvist frå.
Bandasjane må skiftast etter dusjing eller dersom dei er gjennomtrekte av sårvæske. Du må ikkje dusje dei fyrste to dagane etter operasjonen, og du skal heller ikkje bade to veker etter operasjonen. Du får med deg bandasjar til to skift. Treng du fleire kan du kjøpe på apoteket, men i hovudsak tilrår vi å dekke til så lite som rå for at såra skal luftast og på den måten haldast tørre for å unngå overflatisk infeksjon.
Urinkateter
Urinkateteret skal du behalde i 14 dagar. Urinen vil som regel vere blodtilblanda dei første 2 vekene, og det ser ofte verre ut enn det er. Det er heilt normalt og skuldast blodrestar i blæra etter operasjonen og siving frå den nye skøyten mellom blæra og urinrøyret. Det er likevel viktig med god gjennomskylling for å få blodet ut, så drikk mykje vatn!
Det vil også vera lekkasje av slim, blod og urin ved sida av kateteret. Dette er også normalt og ikkje farleg, så lenge det også kjem urin i posen óg. Hvis du opplever at det ikkje kjem urin på slangen og inn i posen, samtidig med smerte i frå blæra, må du ta kontakt med lege med ein gong. Det som då er mest sannsynleg er årsak er at ein levra blodklatt har tetta kateteret og urin ikkje kjem ut. Det vil føre til ei full blære og dette igjen føre til strekk på skøyten som ein absolutt må unngå.
Når du reiser får du med deg ein nattpose som kan koplast til lår/ leggposen. I tillegg får du med ein ekstra lår/leggpose som du bytte etter éi veke. Det er viktig at kateteret er festa til lysken med tape, slik at det ikkje blir drag i det. To dagar etter operasjonen kan du dusje, og då kan du gjerne berre koble frå alt poseutstyr før du går i dusjen. For å førebygge urinvegsinfeksjon, må du vere nøye med reingjering under forhuda og ved kateterinngangen. Det er ingen auka fare for infeksjon sjølv om du åpner koblingane frå kateteret til posen, og det er mykje enklare å gjere seg rein i dusjen med berre kateteret mellom beina utan tilkobla pose.
Før du reiser får du vite kor du skal møte for å få fjerne kateter og stinga.
Det er normalt med mykje urinlekkasje den første tida etter at kate teret er fjerna. Hos dei aller fleste skjer det ei betydeleg forbetring i løpet av nokre veker til månader etter operasjonen. Det skjer ei gradvis forbetring av lekkasje inntil eitt år etter inngrepet.
Reseptar
Ved utreise ordnar kirurgen som opererte deg med reseptane du treng på utstyr og medisinar.
- Du får reseptar på inkontinensutstyr (bleier/truseinnlegg) i tilfelle lekkasje medan du har kateter, og etter at kateteret er fjerna.
- Om du har fått utført nervebesparande kirurgi, vil du få ei resept på potensframkallande medikament(Cialis 5mg tablettar). Dette skal ikkje brukast dagleg då det er svært dyr medisin og vil ikkje bidra til tilhelinga av nervevev eller betre sluttresultat. Ein må heller ikkje ta det før kateteret er fjerna. Dosen kan aukast til maksimalt 20mg dagleg, men det må gå 24 timar mellom kvar doseauke. Høgare dose vil ikkje gi effekt, men potensielt farlige hjartebiverknader. Ein kan ikkje vente effekt av dette tidleg etter operasjonen, og vi fraråde seksuell aktivitet dei fyrste fire vekene etter operasjonen uansett pga belastninga dette medføre på bukmuskulaturen.
- Om det ikkje er gjort nervesparing vil du få gjennomgang av alternativa og opplæring i seksualtekniske hjelpemiddel omlag 2 månader etter utskriving.
- Det er sjeldan behov for sterke smertestillande medikament (morfinpreparat) etter utskriving frå sjukehuset. Ved behov kan ein bruke reseptfrie medikament som f.eks Paracet og Ibux, der sistnemnde er veldig god på behandling av luftsmerter og irritasjon frå kateteret.
- Dei som har fått fjerna lymfekjertlane vil også få resept på blodfortynnande sprøyter (Fragmin). Før heimreise vil du få opplæring i å sette sprøytene sjølv. Dersom du skal stå på blodfortynnande medisin, skal du samstundes bruke støttestrømper. Du får med deg eitt par strømper heim. Dersom du ønskjer fleire par må du kjøpe dei sjølv. Dei som tek blodtynnande medisin frå før som førebygging for blodpropp i vener treng ikkje Fragmin og kan starte opp att på den medisinen ein tek frå før (t.d. Marevan, Eliquis, Pradaxa men gjeld ikkje platehemmarar som Albyl og Plavix)
Normale reaksjonar
Som regel er ein ganske utslått etter slik kirurgi, både fysisk og emosjonelt. Det er difor lurt å ta det litt roleg i etterkant, men ein må passe på og ikkje leggje seg ned då dette er svært uheldig med tanke på tilheling og å unngå komplikasjonar. Det er normalt med hevelse i scrotum (pungen) etter eit slikt inn grep. Scrotum og penis kan også bli heilt blå som følgje av hematom (blødning med blodutredelse) som søkk ned frå bekkenet og ned i pungen. Dette går vanlegvis tilbake etter nokre veker. Det er normalt at det nokre dagar etter heimreise kan bli hevelse i flanken (i sida). Dette er også på grunn av hematom som sig bakover under huda. Dette er ufarleg og skal ikkje behandlast, og vanleg aktivitet vil bryte det ned ila ein månads tid.
Sjukemelding
Vanlegvis vert ein sjukemeld i 4 veker. Ta deretter kontakt med fastlege dersom det er behov for å forlenge sjukemeldinga. Dei som har arbeid som er lite fysisk krevjande kan starte på jobb igjen etter 2 veker om dei ynskjer det.
Aktivitetar heime
Du kan og bør vere i aktivitet frå dagen etter operasjonen. Turar er bra, men bør ikkje vere lange i starten. Dei første 2 vekene skal du ikkje løfte meir enn 5 kilo. Du skal heller ikkje køyre bil sjølv i same periode, fordi ein kan kome i ein kritisk situasjon der ein må bremse hardt og ein risikere då å gjere skade på seg sjølv, og ikkje minst andre i trafikken. Det er heilt greitt å vera passasjer sjølvsagt, men ein kan ikkje køyre sjølv til og frå sjukehuset ved operasjonsopphaldet.
Dei påfyljande to vekene kan ein auke belastninga inntil 10 kilo, og ein kan køyre sjølv om ein smertefritt kan klemme hardt på kløtsj og bremsepedal. Unngå sykling og aktivitet som går direkte på magemusklane i inntil 4 veker etter operasjonen. Etter fire veker kan du utføre alle aktivitetar som før så lenge det ikkje gjer vondt. Dersom ein ikkje fyljer disse reglane er det fare for å brokk eller skade på skøyten mellom urinblæra og urinrøyret, og ein er personleg ansvarleg om ein ender opp i ei trafikkulykke der ein skader andre.
Kontrollar etterpå
-
Du vil få ein kontroll hos uroterapeut for opplæring i seksuelle hjelpemiddel om dette trengs, i tillegg til ei oppfølging av vannlating omlag 2 månader etter operasjonen. Dei som ikkje tilhøyre Haukelandsregionen må få denne oppfølginga lokalt der ein blei tilvist frå då vi har ikkje kapasitet til å ta alle her hos oss, uheldigvis.
- Du vil bli innkalla til kontroll hos urolog etter 2 månader på Prostatasenteret på Haukeland. Du må sjølv få målt PSA (blodprøve) ei veke før denne kontrolltimen, enten hos fastlegen eller ved Biokjemisk laboratorium på Haukeland universitetssjukehus, eller der du blei tilvist frå. På kontrolltimen vil du få svar på denne prøven og på den mikroskopiske/histologiske analysen av prostata og ev. lymfeknutar som blei fjerna under operasjonen. PSA og histologisvar vil bestemme kva som skal skje vidare ift. tilleggsbehandling.
- Neste kontroll hos urolog vil vere eit år etter operasjonen der ein vil kunne vurdere det endelege resultatet med tanke på urinlekkasje og potens. Dei som har lang reiseveg og som blir fulgt opp av lokalsjukehus eller privaturolog kan få disse kontrollane telefonisk og treng ikkje møte på Haukeland.
- Du vil få eit elektronisk skjema (EPIC-CP) på SMS før operasjonen, før 2-mnd. kontrollen og 12-mnd kontrollen som vi ynskjer at du svare på før du kjem.
- Du må sjølv gå til fasllegen og få målt PSA kvar 6. månad dei neste 5 åra etter operasjonen, deretter årleg i fem år til. Hvis denne stig til >0,2 med minst fire vekers intervall må du eller fastlegen gi beskjed til oss fordi dette vil tyde på tilbakefall med behov for tilleggsbehandling i form av strålebehandling eller hormonbehandling.