Reaktiv artritt

Revmatologisk avdeling

Reaktiv artritt er en type artritt (leddbetennelse), hvor leddene blir smertefulle og hovne etter en infeksjonsepisode. Vanligvis har infeksjonen vært i tarmen, kjønnsorganene eller urinveiene.

Innleiing

Årsaker

En immunologisk reaksjon på en infeksjonstilstand med visse mikroorganismer. Bakterier som medfører tarmsykdommer: Salmonella, Shigella, Campylobacter, Yersinia. Mikroorganismer som medfører kjønssykdommer: Chlamydia. Disponerende genetiske årsaker: Vevstypen HLA-B27. Imidlertid er det ikke alle med reaktiv artritt som har denne vevstypen.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Symptomer

Smerter og hevelse som kommer plutselig, vanligvis 1-4 uker etter en infeksjon. Ofte involveres få ledd (opp til 4 ledd).  Typiske ledd som rammes er kne, ankel, ledd i føttene.  Noen pasienter har senebetennelse i akillessenen eller i senefester i fotsålen.

Øye-symptomer som konjunktivitt (betennelse/inflammasjon på øyets overflate) kan også forekomme.

Diagnosen

Avhenger av utbredelsen og lokalisasjon av smerter og hevelse i armer/ben. I tillegg må der være en sykehistorie med symptomer i form av diare eller seksuelt overført sykdom. Bakterie identifikasjon er nyttig ved kjønnssykdom, men ikke absolutt nødvendig ved diaresymptomer.

2. Under

Behandling

Antibiotika ved seksuelt overført kjønnssykdom.
Antiflogistika som f.eks Ibuprofen, Naproxen eller Diclofenac.
Kortisoninjeksjon i ledd.
Kortison tablett-kur.
Ved langvarig kroniske tilstander forsøkes evt antirevmatisk behandling i form av Salazopyrin eller Methotrexate. I sjeldne langvarige tilfeller forsøkes evt med anti-TNF hemmer behandling, hvis de andre medikamentene ikke har hatt effekt.

Øyesymptomer

Behandles noen ganger med kortisondråper. Hvis der oppstå r øyesmerter eller uklart syn bør man  vurderes av øyelege for å få undersøkt om det kan være iridocyklitt (regnbuebetennelse).

3. Etter

Sykdomsvarighet

De fleste blir raskt bedre uten å få tilbake symptomene. Hos noen vil sykdommen innimellom gi symptomer. Hos en liten gruppe blir sykdommen kronisk. 

Kontakt

Revmatologisk avdeling
Telefon
Ekspedisjon: 55 97 54 00
Sengepost: 55 97 54 02
Dagpost: 55 97 54 01
Poliklinikk: 55 97 53 97
For øyeblikkeleg hjelp: 55 97 54 27

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Pasientreiser

​Lov om pasientrettar gjer rett til å få dekt utgifter ved reise til/frå offentleg behandling i helsetenesta tilsvarande billigaste rutegåande transport.

Les meir om pasientreisar

Praktisk informasjon

​Tilvising

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 30 virkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost eller sengepost.

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Betaling

Du betaler ingen ting når du er innlagt på dagpost eller sengepost ved avdelinga. For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 320 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigenandelstaket. Dersom du har frikort må du vise dette.


I tillegg til eigenandelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigenandelsordninga.


Avdelinga tek ikkje imot kontantar, men du kan betale med kort eller fårekning med deg når undersøkinga/behandlinga er ferdig.
Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta med 640 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Førebuingar

Er du ny hos oss ber vi om at du tar med en morgonurinprøve til undersøkinga. Vi ber deg også ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege, og vi ber om at du opplyser om kven som er din fastlege når du møter til undersøking/behandling hos oss.


Dersom du har frikort ber vi deg om å vise viss du er satt opp til poliklinisk undersøking/behandling.
Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.


Skal du til rehabilitering (på sengepost, dagpost eller poliklinikk) må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Informasjon ved innlegging i avdelinga

Det er tillate å bruke eigen mobiltelefon under opphaldet, men vi ber om at ein tar omsyn til andre pasientar ein deler rom med. Viss du ønskjer kan du ta med eigen berbar pc eller nettbrett som du kan kople til vårt gjestenett.


Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.
Skal du til rehabilitering (på sengepost, dagpost eller poliklinikk) må du ta med deg treningstøy og badetøy.
Det er høve til å ta med seg pårørande til utskrivingssamtale.

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Ventetider ved Revmatologisk avdeling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykeh usvalg.no.

Visittid

​Det er ingen fast visittid, dette må avtalast mellom pasient og besøkande.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.