HELSENORGE
Revmatologisk avdeling

Raynauds fenomen

Raynauds fenomen er ein tilstand der blodårer, særleg i fingre og tær, trekk seg unormalt kraftig saman i kulde eller ved stress. Raynauds fenomen vert på folkemunne ofte kalla likfingre, då huda vert heilt likbleik under anfall.

Innleiing

Oftast er det eit skarpt skilje mellom normal hud og huda som vert kvit under anfall. Raynauds fenomen vert kalla primært Raynauds fenomen om ein får anfall med kvite fingrar utan å ha nokon underliggjande sjukdom. Ved nokre sjukdommar, blant anna ein del revmatiske sjukdommar, er Raynauds fenomen ein del av sjukdomsbildet. Tilstanden vert då kalla sekundært Raynauds fenomen. 

Utbreiing og årsak

Raynauds fenomen er relativt vanleg hos menneske som elles er friske. Ein antar at mellom 3 og 20 % av befolkninga er ramma. Fenomenet er vanlegare hjå kvinner enn menn, og ofte har fleire i familien same symptom. Primært Raynauds fenomen skuldast ei unormalt kraftig samantrekking av blodårar ved kuldeeksposisjon. Ein veit at røyking og arbeid med vibrerande verktøy kan auke sjansen for å verte ramma. 

Sekundært  Raynauds fenomen er sjeldan og Raynaud er då ein del av sjukdomsbildet til den underliggjande sjukdomen.

Symptom og sjukdomsteikn

Både primært og sekundært Raynauds fenomen rammar oftast hendene. Aller vanlegast er Raynauds fenomen i peikefinger, langfinger og ringfinger, medan tommelen sjeldan er utsett. Anfall med Raynauds fenomen kan elles oppstå i tærne, øyreflippar, nase, andlet og rundt brystvorter.

Eit typisk anfall med Raynauds fenomen førekjem oftast ved kulde og startar med at fingrane plutseleg vert kalde, samtidig som det kjem til syne eit skarpt avgrensa kvitt område. Etter kvart vert den kvite huda blåfarga på grunn av lite oksygen til vevet. Når varmen kjem igjen i vevet kjem det til slutt ein raudleg farge. Eit typisk anfall varar ofte rundt 15-20 minutt, men det er store skilnader. Det er heller ikkje alle som får alle fargeendringane  i løpet av eit anfall. 

Under anfall med Raynauds fenomen kan ein samtidig få smerter, eller verte nomen i dei affiserte områda. I alvorlege tilfelle kan ein få sår på fingertuppane. Dette skuldast at vevet har fått for lite blodtilstrøyming over for lang tid. 

Utgreiing

Fastsetting av diagnose

Raynauds fenomen er ein klinisk diagnose. Det vil seie at diagnosen vert sett på bakgrunn av symptom og funn. Ved mistanke om sekundært Raynauds fenomen gjer ein ofte meir omfattande undersøkingar for å kartleggje ein eventuell grunnsjukdom. 

Behandling

Behandlinga for Raynauds fenomen består for det meste i ikkje-medikamentelle tiltak. Det er viktig å unngå unødvendig kuldeeksponering ved å kle seg godt. Røykeslutt er ofte effektivt, og om mogleg bør ein prøve å unngå medikament som gjer at blodårene trekk seg saman. Batteridrivne varmehanskar og varmesokkar er òg nyttige for mange. 

Om ein er uttalt plaga med Raynauds fenomen og ikkje kjem til målet med ikkje-medikamentell behandling er blodtrykksmedisin i form av Kalsiumblokker (for eksempel Adalat) førsteval. Dette preparatet gjev auka blodgjennomstrøyming i affiserte vev. 

Oppfølging

Personar med primært Raynauds fenomen treng inga fast oppfølging. Ved sekundært Raynauds fenomen blir oppfølging vurdert ut frå grunnsjukdomen. 

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

​Tilvising

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Betaling

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Førebuingar

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Ventetider ved Revmatologisk avdeling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykeh usvalg.no.

Fann du det du leita etter?