Revmatolog vil starte behandling tilpassa din sjukdom. Sjukdomsforløpet er variabelt over tid og mellom ulike pasientar. Det er naturleg at du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.
Medikamentell behandling
Symptomlindrande medikament av typen antiflogistika gir raskt effekt og kan nyttast dagleg eller etter behov. Døme på slike er ibuprofen, naproxen og diklofenak. Dersom du ikkje toler antiflogistika kan du bruke paracetamol.
Kortisoninnsprøyting kan settast i ledd som er hovne og treng rask behandlingseffekt.
Sjukdomsmodifiserande medikament (metotrexat, Arava, Salazopyrin o.l.) har langsam og immundempande effekt som minkar betennelse og tendens til skade på ledd.
Biologiske legemiddel blir gitt intravenøst eller som subkutan sprøyte. Gir ofte ei rask og god lindring av symptoma og kan dempe eller stoppe den revmatiske betennelsen. Dette er kostbare medikament som og gir ein liten auke i risiko for alvorlege infeksjonar.
Anna behandling
Trening og øvingar kan gjere at ein blir mindre stiv, får betre funksjon og kan vedlikehalde bevegelsesutslag i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Du bør i starten få rettleiing frå fysioterapeut om dette, i periodar kan det og vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gje råd og hjelp ved særskilde funksjonstap.
Personar med psoriasisartritt har litt auka risiko for overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. I samråd med fastlege bør du finne ut om dette gjeld deg og i så fall få behandling for dette.
Du bør følgje generelle kosthaldsråd for rett mengde og samansetting. Særleg kan det vere av betyding å ha godt nok inntak av antioksidantar, omega-3 fettsyrer og kalsium.