Korleis utviklar sjukdommane seg?
Utviklinga av sjukdommen skjer gjerne i løpet av veker til månader. Ved polymyalgia revmatika (PMR) har ein typisk smerte og er stiv i skuldrer og/eller hofter, eventuelt og i nakke, overarmar og lår.
Det å vere stiv i kroppen om morgonen er ein typisk plage. Det kan vere så ille at mange kan ha problem med å komme seg ut av senga, kle på seg og løfte armane over hovudet. Nokre får og lette betennelsar i kne og anklar. Dei fleste føler seg sjuke.
Dei vanlegaste symptoma ved temporalarteritt (AT) er smerte i hovud og i tinning, tyggesmerte og forstyrringar i synet (dobbeltsyn, tåkesyn, skugge i synsfeltet eller forbigåande synstap hos opptil 20%). Omkring 5% kan få eit varig synstap. Nokre kan få betennelse i andre blodårar i hovudet eller armane. Derfor er AT rekna som ein meir alvorlig sjukdom.
Kva skuldast sjukdommane?
Begge er truleg uttrykk for ein betennelse i blodårer. Årsaka til at denne betennelsen oppstår er ukjent, men ein reknar med at den skuldast at kroppen sitt immunsystem reagerer mot strukturer i eige vev. Slik sjukdom kallar ein autoimmun sjukdom. Ein meiner både ytre faktorar og arvelege faktorar speler ei rolle for utvikling av autoimmun sjukdom.
Korleis stillas diagnosane?
PMR-diagnosen blir i all hovudsak stilt på grunnlag av sjukehistoria og fråvær av andre sjukdommar som kan gi liknande symptom.
Typisk sjukehistorie er:
- Sjukdomsstart etter 50 år og plager i meir enn 2 veker.
- Verk/smerte i begge skuldrer eller begge hofter - eller i både skuldrer og hofter
- Morgonstivleik som varer meir enn 45 minutt
- Høg senking eller andre teikn på betennelse i kroppen
AT-diagnosen kan bli stilt om tre eller fleire av følgjande kriterium er til stades:
- Sjukdomsstart etter 50 år.
- Nyleg oppstått lokalisert hovudverk.(pine)
- Øm tinningpulsåre ved trykk (berøring) og/eller redusert puls i blodåra.
- Høg senking.
- Positiv vevsprøve frå tinningpulsåra (som viser betennelse med spesielle kjempeceller) Vevsprøve frå pulsåra i tinningen er einaste måten å finne ut om ein har blodårebetennelse (AT) på. Prøven blir tatt ved eit lite kirurgisk inngrep i lokalbedøving.