Etter operasjonen vaknar du opp på Thorax kirurgisk intensiv og oppvaknings seksjon (TIO). Der vert du liggande nokre timar før du vert flytta til Hjarteavdelinga post 4, Thorax kirurgisk seksjon (sengepost).
Du vil ha ein del utstyr:
- Oksygen i nasen
- Veneflon (eit lite plastrør inn i ein blodåre som vi kan gje medisinar og væske i)
- Thoraxdren på den sida som er operert
- Smertepumpe tilkopla eit kateter i ryggen (epidural), dersom ein har måtte opne brysthola
- Urinkateter, dersom du har smertepumpe
Om ettermiddagen operasjonsdagen vil du få drikke litt, og etter kvart får du ete.
Fysisk aktivitet og opptrening
Etter operasjonen er det viktig at du kjem raskt i aktivitet. Eigenaktiviteten bidrar til å førebygge komplikasjonar, og gjer at du kjem raskare i form. For å betre blodsirkulasjonen bør du gjere nokre enkle øvingar allereie første dagen:
- Bøy og strekk i anklane 10-20 gongar
- Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, 10 gongar på kvart bein.
- Stram lår- og setemusklane, slepp. Gjenta 10 gangar.
Øvingane gjerast minst 3 gongar dagleg.
Operasjonssåret og drenet kan føre til smerter og ubehag. Det kan derfor vere vanskeleg å puste djupt, hoste og kremte. Da kan det hope seg opp slim i luftvegane. Det er viktig at du har god smertelindring så du unngår dette.
Aller viktigast både for blodsirkulasjonen og lungefunksjonen, er at du kjem deg opp av senga.
Dei første dagane etter operasjonen kan det på grunn av sårsmerter vere vondt å strekke armen på operert side helt opp over hovudet. Det er heller ikkje nødvendig å presse seg til å klare dette. Men etter eit par veker bør du kunne løfte armen like høgt som før operasjonen. Kontroller dette framfor ein spegel.
Restriksjonar
Dersom ingen annan beskjed er gitt, har du ingen grenser når det gjelder å bevege armen.
Sårsmerter og operasjonssåret
Noko smerte og ubehag forbunde med såret må du rekne med inntil det er grodd. Du vil få smertestillande medisin etter behov.
Til å begynne med kan det vere blåmerke og hevelse langs operasjonssnittet. Dette vil gradvis forsvinne.
Raudheit og hevelse i arret vil vanlegvis gå fort tilbake. Inntil arret er bleikt (hudfarga) bør du bruke solkrem med faktor 20 på arret før du soler deg.
Såret er vanlegvis lukka med tråd som vil forsvinne av seg sjølv. Unntaket er dei stinga som står igjen etter feste av thoraxdren. Stinga etter drenet skal fjernast ca. 2 veker etter operasjonen. Det vil bli gjort på lokalsjukehuset ditt, eller du kan få fjerna dei hos fastlegen din.
Det hender at ein får noko smerte/ubehag i skuldra etter operasjonen. Dette på grunn av stillinga armen ligg i under operasjonen.
Thoraxdren
Under operasjonen blir det lagt inn 1-2 drensrøyr (thoraxdren) som er kopla til eit oppsamlingssystem. Drenets hensikt er å fjerne sårvæske og luft frå brysthola på den opererte sida. Så snart væskemengda og luftlekkasjen avtar og røntgenbildet viser at lunga er fult utfolda, vil drenet bli fjerna. Dette skjer vanlegvis 2-5 døgn etter operasjonen. Nokre gongar vil det ta lengre tid.
Førebygge lungekomplikasjonar
Det kan, som følge av operasjonen samle seg slim i lungene. Det er viktig å hoste opp slimet for å førebygge lungebetennelse, derfor er det viktig med tidleg mobilisering etter operasjonen Rikeleg med drikke er også viktig for å løyse opp slim.
Observasjonar
Blodtrykk, puls, oksygenopptak og temperatur målast fleire gongar dagleg. Litt feber er vanleg dei første dagane.