- Etter prosedyren blir innføringskanylen fjerna.
- Vi måler blodtrykk og puls
- Du kan ete og drikke etter ein time.
- Kor lenge du må halde senga, er avhengig av om vi har gått inn i lysken eller handleddet.
- Du blir utskriven frå sjukehuset etter 1-2 døgn.
Dette må du ta hensyn til etter inngrepet:
- Følg nøye med innstikkstaden. Meld frå om du merkar teikn til bløding, hevelse eller om du får smerter.
- Det er vanlig med blåmerker rundt innstikkstaden. Det kan vera litt ømt dei første dagane.
- Du kan dusje som vanlig dagen etter behandlinga. Skift bandasje for å unngå forureining av innstikkstaden.
- Du skal ikkje løfte tungt dei to første dagane uansett innstikkstad.
- Du skal vera forsiktig med fysisk aktivitet dei første to dagane etter innstikk i lysken.
- Kontakt fastlegen din eller legevakt om du opplever komplikasjonar eller problem etter at du er utskriven.
Medisinar
Vær merksam på at du skal bruke to typar blodtynnande medikament i samband med behandlinga. Beskjed om dette får du av legen.
Acetylsalisylsyre (for eksempel Albyl-E®). Denne førebyggjer blodpropp. Tabletten skal du vanlegvis fortsetje å bruke i fleire år og som regel livet ut. Denne medisinen skal du ta dagen før og om morgonen behandlingsdagen.
I tillegg får du Plavix®, Brilique® eller Efient®. Ein av desse medisinane blir brukt i fleire månader etter utført PCI med innlegging av ”stent” og må startast opp før inngrepet. Medisinen førebyggjer blodpropp.
Dei aller fleste som har fått påvist sjukdom i kransårene, må bruke blodtynnande og kolesterolsenkande medisinar. Desse reduserer faren for at det blir danna nye innsnevringar eller at det oppstår akutte hjarteinfarkt. Andre medikament kan vere beta-blokkarar, nitroglycerinpreparat og blodtrykksmedisinar. Legen vil snakke om desse dersom det skulle vere aktuelt for deg.
Sjukmelding
Har du fått utført PCI (utblokking), er det vanlig med full eller delvis sjukmelding. Dette vurderer vi individuelt.
Bilkjøring
Du kan ikkje køyre bil same dagen som hjartekateterisering/PCI. Dette er på grunn av blødingsfare og fordi du kan få medikament som kan påverke merksemda di.
Ved andre typar førarkort enn førarkortgruppe 1, gjeld eigne reglar om midlertidig kjøreforbod. Legen orienterer deg om dette.
Seksualliv
Den fysiske belastninga av samleie er liten. Du kan ta opp igjen seksuallivet så snart du føler du er klar for det.
Psykiske reaksjonar
Det er normalt med kjenslemessige reaksjonar i forbindelse med hjartesjukdom. Du kan oppleve angst, irritasjon eller vera generelt nedstemt. Tillat deg å vise kjensler. Frisk luft, dagslys, aktivitet og sosial kontakt hjelper ofte på humøret.
Aktivitet
Det er viktig at du held deg i aktivitet på eige hand når du har kome heim.
Det er viktig å varme godt opp, og å ta det med ro i starten. Du skal ta pause dersom du får angina ved aktivitet.
Har du fått utført PCI (utblokking) i forbindelse med hjerteinfarkt eller ustabil angina, bør du unngå hard fysisk belastning dei to første vekene. I denne perioden er det anbefalt turgåing i rolig tempo i relativt flatt terreng; du skal vera i stand til å prate mens du går. Unngå tunge aktiviteter som å måke snø, slå plen, vedhogst og liknande.
Forsking viser at det er svært gunstig for hjertet at du er fysisk aktiv. Det er mange måtar å oppnå dette på. Alt frå turar i skog og mark til hard intervall-trening på treningsstudio er nyttig.
Oppfølging og trening
Mange sjukehus i landet har tilbod om trening til pasientar som har gjennomgått hjerteinfarkt og/eller PCI (hjarterehabilitering). Du som er i denne pasientgruppa har rett til gratis trening hos fysioterapeut i seks månader. Ein oppmodar til at du deltek på hjarterehabilitering. Du får tilvising frå spesialist, spør etter dette før du vert utskriven frå sjukehuset.
Oppfølging av medisinske spørsmål
Vidare oppfølging etter et hjerteinfarkt vil avhenge av tilbodet i ditt nærområde
Ved spørsmål om vidare oppfølging kan du ta kontakt med fastlegen din eller den hjartespesialisten du har vore til tidlegare. Røyking
Dine levevanar har også mykje å seie for korleis din hjartesjukdom/ angina pectoris utviklar seg. Røyking skadar hjarte- og lungefunksjonen. Derfor er det svært viktig at du ikkje røyker. Dersom du røyker, men klarar å slutte no, halverer du risikoen for å døy eller få hjarteinfarkt dei neste åra. Røyking skadar åreveggen og fører til at det lettare kan oppstå nye innsnevringar i årene. Vidare aukar røyking risikoen for blodpropp, blant anna fordi blodplatene blir meir klisne og kan danne proppar i årene. Røyking er desidert den viktigaste faktoren ein sjølv kan gjere noko med.
Kosthald
Kosthaldet har mykje å seie for korleis sjukdomen utviklar seg. Generelt bør du redusere inntaket av animalsk fett, raffinert sukker og salt, og auke inntaket av grønsaker og fiskeprodukt. For nærare informasjon, sjå kosthaldsråd frå Helsedirektoratet på: www.helsedirektoratet.no/ernaering/kostholdsrad/