Etter operasjonen kjem du tilbake til sengeposten. Der skal du halde senga i 2-4 timer, dette for å førebygge blødning frå operasjonssåret. Du kan få mat og drikke når du er i form til det.
Det vil kunne vere smerter frå operasjonssåret dei første dagane. Du kan eventuelt bruke smertestillande som paracetamol for sårsmertene. I løpet av kvelden eller formiddagen dagen etter vert det tatt røntgen-bilete av brystkassen for å sjekke at ledningane fortsatt ligg på plass. Det blir også gjort ein kontroll av pacemakeren for å sjå at denne fungerer som planlagt før du drar heim. Vanlegvis treng du ei overnatting på sjukehus etter operasjonen før du kan dra heim.
Du kan bruke armane normalt etter operasjon. Hald såret tørt og reint i 12 dagar til du fjernar sting hos eigen lege. Unngå å dusje rett på såret, bruk handdusj. Unngå hard fysisk aktivitet som gjer deg svett under bandasjen til stinga er fjerna. Dette for å hindre infeksjon. Når det er gått 4 veke etter operasjonen skal ein ikkje lenger trenge å tenkje på at ein har ein pacemaker og ein kan leve livet som vanleg.
Kontrollar
Pacemakeren skal kontrollerast jamnleg, enten her på Haukeland eller på ditt lokalsjukehus. Første kontroll er vanlegvis 1-3 månader etter operasjonen, deretter kvart halvår, årleg eller annakvart år. Kontrollen vert gjort ved hjartepoliklinikken og tek ca 30 min. Du får innkalling i posten.
På kontrollane vil ein kunne sjekke batteriets tilstand, funksjonen til ledningane og sjå korleis hjarterytmen har vore. Nokre pasientar kan få heimekontrollar via telenettet, slik at ein kan sende informasjon frå pacemakeren eller hjartestartaren til sjukehuset der ein lækjar eller sjukepleiar ser på målingane. Dette vil veksle med oppmøtekontrollar ved sjukehuset.
Pacemaker batteriet har ei levetid på 5-15 år, avhengig av type, funksjon og kor mykje den er i bruk. Ved bytte av batteri vert ein kalla inn til sjukehuset om morgonen, operert i løpet av dagen og kan dra heim samme dag. Vanligvis vert berre batteriet bytta, medan ledningane kan nyttast vidare. Etter et batteribytte er det viktig å halde såret tørt og reint til fjerning av sting hos eigen lege etter 12 dager. Det er ingen restriksjonar i forhold til armbevegelsar dersom du ikkje har fått nye ledningar, men vere varsom den fyrste veka slik at såret får gro.