Barnet/ungdommen kan belaste inntil smertegrensa etter 12-14 dager, og det er vanleg at auke av belastning skjer gradvis.
Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det. Dette er gjerne 1-2 dagar etter operasjonen.
Kontroll
Ved akillesseneforlenging vil barnet/ungdommen bli kalla inn til Ortopedisk poliklinikk for kontroll ca. 3 veker etter operasjonen. Det vil då bli gjennomført eit gipsskifte og ortopediingeniør vil vere til stades for å ta støyp til nye ortosar. Neste kontroll er hos ortopediingeniør ved overgang til ortose 5-6 veker etter operasjonen. Kontroll hos ortoped etter 3 månader.
Fjerning av sting
Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker
Hygiene
Så lenge barnet/ungdommen har gips kan han/ho ikkje dusje foten.
Smerter
Dei fleste barn klarer seg med smertestillande Paracet og Ibux. Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
Ortosar/skjener
Ved operasjon med akillesseneforlenging får barnet/ungdommen ein avtale ved eit ortopediteknisk firma 6 veker etter operasjonen. Der blir gipsen klipt av over ankelen og denne blir no erstatta med ein ortose. Ortosen(e) skal brukast 7-8 timar dagleg. Ved operasjon med gastrocnemiusglidning blir gipsen erstatta med ortose etter 3-4 veker.
Eksempel på ortose som brukast etter operasjonen.
Hjelpemiddel
Krykker
Nokre barn/ungdommar treng ganghjelpemiddel for å avlaste den opererte foten. Dette kan vere krykker eller gåstativ. Krykker kan lånast på sjukehuset. Gåstativ må bestillast via ergo- og fysioterapitenesta i kommunen på førehand.
Rullestol
Fleire barn/ungdommar treng òg rullestol i perioden etter operasjonen, som avlastning til krykkene/gåstativet. Rullestol må bestillast gjennom ergo- og fysioterapitenesta i kommunen på førehand.
Opptrening
Opptrening i ulike faser.
Gipsperiode 0-6 veker etter operasjon
I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Dette kan til dømes være at barnet/ungdommen blir trygg på gipsen, finn ulike teknikkar for å flytte på seg og blir trygg på å ta belastning på operert bein etter 12-14 dagar. Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande). Resten av kroppen kan trenast som vanleg.
Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet og det å flytte på seg går fint.
Rehabilitering frå 6 veker til 12 veker etter operasjonen
I denne fasen blir det tilrådd intensiv trening med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Behovet for oppfølging av fysioterapeut vil vere individuelt. Nokre barn/ungdommar treng tett oppfølging av fysioterapeut, medan andre kan trene meir sjølvstendig under rettleiing av fysioterapeut.
Mål for treninga er å betre dei funksjonane som er viktige for barnet/ungdommen. For gåande barn kan dette vere å optimalisere gangfunksjonen ved å få betre knestrekk når dei går eller forsøke å få et gangmønster der foten landar med hælen først.
For barn/ungdommar som ikkje har gangfunksjon, kan målet vere å få ein god fot å stå på slik at ein held oppe ståfunksjon (enten med eller utan ståstativ). Pasienten treng hjelp av fysioterapeut med å finne rett progresjon i treninga. Treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabilitering.
For dei gåande barna/ungdommane bør den aktive treninga mellom anna bestå av styrketrening for leggmusklane. Dette kan bestå i av øvingar for å aktivere leggmuskulatur, hoppe på trampoline og gå i trapp. Ein bør òg tenke på fart, balanse og uthald.
Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge.
Rehabiliteringsperioden kan variere, men 12 veker etter operasjonen kan ein tenke at barnet/ungdommen er tilbake til vanleg fysisk aktivitet og idrett som dei held på med til vanleg.