HELSENORGE
AKILLESSENEFORLENGELSE OG GASTROCNEMIUSGLIDNING / Ortopedisk avdeling Haukeland

Operasjon ved stram leggmuskulatur (spissfot)

Leggmuskulaturen kan av ulike årsaker bli for kort og det kan då vere behov for behandling av denne muskulaturen. Eit behandlingsalternativ er operasjon.



Innleiing

Det finst fleire behandlingsalternativ for stram leggmuskulatur. Ein prøver gjerne behandling med tøyingar, ortosar, gips eller medikament først. Nokon gonger kan det bli behov for operasjon med forlenging av akillessena eller operasjon med gastrocnemiusglidning.



Tilvising og vurdering

Lege kan tilvise til Ortopedisk avdeling for vurdering for operasjon.

Før

Før operasjon vil barnet/ungdommen bli undersøkt av ein ortoped som kartlegg kva utfordringar barnet/ungdommen har i kvardagen og kva årsakene til problema kan komme av. For fleire pasientar er det aktuelt å bli undersøkt og vurdert av eit tverrfagleg team saman med ortopeden. Av og til blir det gjort tilleggsundersøkingar som tredimensjonal ganganalyse. 

Når det blir vedtatt at behandlinga blir operasjon, er det viktig at det blir gjort nokre førebuingar. Dersom du har jamleg oppfølging i habiliteringstenesta, vil lokal habiliteringsteneste/ortopedisk avdeling vere med på nokon av førebuingane. 

Det kan vere lurt å ha førebudd følgjande:
  • Trening med fysioterapeut etter operasjon
  • Hjelpemiddel (rullestol/ganghjelpemiddel)
  • Ortosar/skjener til etter gipsfjerning
  • Transport til og frå skule/barnehage

Faste

Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Barn (opptil 18 år): Med mindre anna er avtalt gjeld følgande: Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt) inntil 1 time før operasjon. Barnet kan få morsmjølk/-erstatning inntil 4 timar før operasjon. For mjølk og fast føde gjeld same reglar som for vaksne (6 timar)

Vaksne: Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.





Under

Barnet/ungdommen blir enten operert ved Dagkirurgisk avdeling eller Sentraloperasjonen. Viss barnet/ungdommen blir operert ved Dagkirurgisk avdeling reiser barnet/ungdommen heim nokre timar etter operasjonen.

Akilesseneforlenging

Inngrep som blir gjorde når begge musklane i leggen er korte (både gastrocnemius og soleus). Det kliniske bildet er då dårleg rørsle oppover i ankelen (dorsalfleksjon i ankel) både med strakt og bøygt kne. 

Sjølve inngrepet kan vanlegvis gjerast som dagkirurgisk pasient. 

Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på magen. 

Det blir laga eit hudsnitt på 8-10 cm rett ved sida av akillessena. Når sena er tilgjengeleg blir det laga ein Z-plastikk i denne. Vi klarer då å forlenge sena 2-3 cm, og seneendene blir sydde saman side-mot-side. Denne tråden løyser seg opp av seg sjølv, når sena er grodd saman igjen. Huda blir lukka med tråd som løyser seg opp av seg sjølv, slik at ein slepp å fjerne sting. Ved slutten av inngrepet, blir det lagd ein gips der foten blir tøygd opp maksimalt.


Dei fleste pasientar klarer seg med smertestillande ibuprofen og paracetamol etter operasjonen.

Skjematisk framstilling av korleis inngrepet blir gjennomført:

illustrasjon

Gastrocnemiusglidning

Inngrepet blir gjort når berre den lange leggmuskelen er stram (gastrocnemius). Då har pasienten dårleg dorsalfleksjon i ankel på strakt kne, men betre rørsle når kneet er bøygd. Kan òg vere eit alternativ hos pasientar der ein er redd for at dei skal tape for mykje kraft i fråsparket ved ein full akillesseneforlenging.

Sjølve inngrepet kan vanlegvis gjerast som dagkirurgisk pasient.

Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på magen.

Det blir laga eit hudsnitt midt bak på tjukkleggen, ca. 5-6 cm. Ein frilegg senebladet til gastrocnemius-muskelen og snittar gjennom heile sena, men lèt muskulaturen stå igjen. Den korte leggmuskelen (soleus), gjer ein ikkje noko med. Når senebladet er kutta, pressar ein ankelen opp i maksimal dorsalfleksjon, slik at seneendane blir trekte frå kvarandre. Senene blir ikkje sydde. 

Huda blir lukka med tråd som går i oppløysing av seg sjølv, slik at ein slepp å fjerne sting. Ved slutten av inngrepet, blir det lagd ein gips der foten blir tøygd opp maksimalt.

Dei fleste pasientar klarer seg med smertestillande ibuprofen og paracetamol etter operasjonen.

Skjematisk framstilling av korleis inngrepet blir gjennomført:

illustrasjon



Etter

Ved operasjonen får barnet/ungdommen ein gips frå tærne og opp til kneet. 

gips_foto

Gips frå terna og opp til kneet.

  • Akillesseneforlenging: Gipsen skal vere på dei første 6 vekene, men etter 3 veker blir det gjort eit gipsbyte. Du kan belaste og gå på gipsen frå 12-14 dagar etter operasjon. 
  • Gastrocmeniusglidning: Gipsen skal vere på dei første 3-4 veker. Du kan belaste og gå på gipsen frå 10 dagar etter operasjon. Barnet/ungdommen har gips fram til ortosen er klar.

Aktivitet og belasting 

Barnet/ungdommen kan belaste inntil smertegrensa etter 12-14 dager, og det er vanleg at auke av belastning skjer gradvis.  

Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det. Dette er gjerne 1-2 dagar etter operasjonen.

Kontroll

Ved akillesseneforlenging vil barnet/ungdommen bli kalla inn til Ortopedisk poliklinikk for kontroll ca. 3 veker etter operasjonen. Det vil då bli gjennomført eit gipsskifte og ortopediingeniør vil vere til stades for å ta støyp til nye ortosar. Neste kontroll er hos ortopediingeniør ved overgang til ortose 5-6 veker etter operasjonen. Kontroll hos ortoped etter 3 månader. 

Fjerning av sting

Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker

Hygiene

Så lenge barnet/ungdommen har gips kan han/ho ikkje dusje foten. 

Smerter

Dei fleste barn klarer seg med smertestillande Paracet og Ibux. Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.

Ortosar/skjener

Ved operasjon med akillesseneforlenging får barnet/ungdommen ein avtale ved eit ortopediteknisk firma 6 veker etter operasjonen. Der blir gipsen klipt av over ankelen og denne blir no erstatta med ein ortose. Ortosen(e) skal brukast 7-8 timar dagleg. Ved operasjon med gastrocnemiusglidning blir gipsen erstatta med ortose etter 3-4 veker. 

ortoser_foto

Eksempel på ortose som brukast etter operasjonen.

Hjelpemiddel

Krykker
Nokre barn/ungdommar treng ganghjelpemiddel for å avlaste den opererte foten. Dette kan vere krykker eller gåstativ. Krykker kan lånast på sjukehuset. Gåstativ må bestillast via ergo- og fysioterapitenesta i kommunen på førehand.

Rullestol
Fleire barn/ungdommar treng òg rullestol i perioden etter operasjonen, som avlastning til krykkene/gåstativet. Rullestol må bestillast gjennom ergo- og fysioterapitenesta i kommunen på førehand. 

Opptrening

Opptrening i ulike faser. 

Gipsperiode 0-6 veker etter operasjon

I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Dette kan til dømes være at barnet/ungdommen blir trygg på gipsen, finn ulike teknikkar for å flytte på seg og blir trygg på å ta belastning på operert bein etter 12-14 dagar. Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande). Resten av kroppen kan trenast som vanleg.

Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet og det å flytte på seg går fint. 

Rehabilitering frå 6 veker til 12 veker etter operasjonen

I denne fasen blir det tilrådd intensiv trening med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Behovet for oppfølging av fysioterapeut vil vere individuelt. Nokre barn/ungdommar treng tett oppfølging av fysioterapeut, medan andre kan trene meir sjølvstendig under rettleiing av fysioterapeut. 

Mål for treninga er å betre dei funksjonane som er viktige for barnet/ungdommen. For gåande barn kan dette vere å optimalisere gangfunksjonen ved å få betre knestrekk når dei går eller forsøke å få et gangmønster der foten landar med hælen først. 

For barn/ungdommar som ikkje har gangfunksjon, kan målet vere å få ein god fot å stå på slik at ein held oppe ståfunksjon (enten med eller utan ståstativ). Pasienten treng hjelp av fysioterapeut med å finne rett progresjon i treninga. Treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabilitering. 

For dei gåande barna/ungdommane bør den aktive treninga mellom anna bestå av styrketrening for leggmusklane. Dette kan bestå i av øvingar for å aktivere leggmuskulatur, hoppe på trampoline og gå i trapp. Ein bør òg tenke på fart, balanse og uthald. 

Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge. 

Rehabiliteringsperioden kan variere, men 12 veker etter operasjonen kan ein tenke at barnet/ungdommen er tilbake til vanleg fysisk aktivitet og idrett som dei held på med til vanleg.        



Ver merksam

Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:

  • Raudfarge
  • Aukande smerte og / eller hevelse
  • Puss, gul eller grøn væske frå såret
  • Feber
  • Sjukdomskjensle 



Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

Sør for Haukeland (line 5 og 6)​, nord for Haukeland (line 12 og 16E), Ibsensgate (arbeidsruter) og Haukelandsveien (line 5,6 og 16E).

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.

Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøksreglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Informasjon ved utreise

Her finn du utreiseinformasjon frå ortoperdisk avdeling 

Utreiseinformasjon (PDF)

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?