Under operasjonen blir det lagd på ein hofteortose som har som hensikt å halde beina så langt frå kvarandre som mogleg. Hofteortosen skal vere på mest mogleg gjennom døgnet (dag og natt) dei første 6 vekene etter operasjonen. Ortosen er festa med borrelås/klips og kan takast av og på i situasjonar der det er praktisk/nødvendig (toalettbesøk, stell, bilkøyring og liknande.).
Nokon har ein del smerter dei første dagane etter operasjon. Det er derfor viktig at ein sikrar at barnet/ungdommen får endra stillingar og at ein justerer litt på ortosen gjennom dagen.
Aktivitet og belastning
Du kan belaste beina rett etter operasjonen. Det er positivt å komme opp å stå så snart som mogleg etter operasjonen. Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det. Dette er gjerne 2-4 dagar etter operasjonen.
Kontroll
Barnet/ungdommen blir vidare følgd ved Habiliteringstenesta som barnet tilhøyrer.
Sting
Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker.
Hygiene
Når såra har grodd, kan du dusje som vanleg utan ortosane på. Dette er vanlegvis etter ca. 2 veker.
Smerter
Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
Ortosar/skjener
Hofteortosen skal vere på så mykje som mogleg gjennom døgnet dei første 6 vekene etter operasjonen. I tillegg bør barnet/ungdommen halde fram med å bruke andre ortosar, som til dømes ankelfotortosar (AFO), dagleg dersom barnet har det.
Hofteortose for maksimal sprik av beina. Hjelpemiddel
For å legge til rette for å bruke hofteortosen etter operasjonen, vil fleire barn/ungdommar ha behov for ein rullestol med noko breiare setebreidde enn dei vanlegvis har. Dersom det er vanskeleg å få tak i dette, bør ein avgrense tida barnet sit i den vanlege rullestolen utan hofteortosen og heller tenke alternative stillingar å vere i. Dette kan vere på matte, i saccosekk eller vogn.
Ståstativ eller anna stå-/ganghjelpemiddel er veldig viktig å komme raskt i gang med etter operasjonen. Eit ståstativ med sprik i hoftene sikrar tøying på innsida av låra og gir gunstig vektbering i hofteledda. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen. Ein må vere oppmerksam på at hoftene kan ha endra seg etter operasjonen og at det kan vere behov for justering av ståhjelpemiddelet barnet/ungdommen har. Justering av ståhjelpemiddel bør derfor avtalast 1-2 veker etter operasjonen.
Barnet/ungdommen kan sitje i vanleg bilstol og ta av hofteortosen under bilturane dersom det ikkje er plass til denne i bilstolen.
Opptrening
Første fase etter operasjonen (1-2 veker)
I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Med dette meiner ein at barnet/ungdommen blir trygg på bruk av hofteortosen, ulike teknikkar for å flytte på seg og det å ta belastning på beina. Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande).
Hofteortosen må takast av dagleg, slik at barnet/ungdommane òg kan røre fritt på beina. Då kan ein samtidig observere og lufte huda. På tidspunktet hofteortosen er av, er det godt tidspunkt for å legge inn øvelser hvor en beveger på beina (gjennombevegelsar av ledda i beina) . Så snart smertene tillèt det, blir det tilrådd ståtrening i ståstativ. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen.
Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet, det å flytte på seg og bruk av hofteortosen går fint.
Rehabilitering frå ca. 2 veker til 8 veker etter operasjonen
I denne fasen blir det tilrådd fysioterapi med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Mål for treninga er å halde oppe god sprik i hoftene og halde ved like funksjonen barnet/ungdommen har.
Det er viktig at ståtrening er godt etablert i denne fasen, helst 2 timar dagleg, gjerne oppdelt i fleire økter. Målet med ståtreninga i ståstativet er å få tøygd ledda i beina godt. I tillegg er ståande stilling positivt for kroppen generelt.
Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge. Barnet/ungdommen kan gå i basseng når såra er tørre, tidlegast etter 14 dagar.
Rehabilitering etter ca. 8 veker etter operasjonen
No er målet å ta opp att fysisk aktivitet som tidlegare. Fokus er funksjonstrening, styrke, uthald, rørsle og balanse.