HELSENORGE
Brannskadeavdelinga

Operasjon av brannskade

Store og djupe brannskadar gror ikkje av seg sjølv og må som oftast opererast.

Innleiing

Dersom ein har djupe brannskadar vil ikkje huda ha moglegheit for å gro av seg sjølv. Det er då nødvendig å operere. Fyrste steg er å ta bort all brent og øydelagt hud og underliggande vev. Deretter freistar ein å dekke dei åpne sårflatene med pasienten si eiga hud dersom dette er mogleg. Som oftast vil dette vere i form av ein delhudstransplantasjon.

Ved brannskadar som heilt sikkert er djupe, vil ein helst fjerne alt brent og øydelagt vev innan tre døger etter at skaden inntreff. For mindre skadar, og spesielt for skåldingsskadar som ofte har molegheit til å kunne gro av seg sjølv, vil ein nokre gongar vente opp mot to til tre veker før ein opererer. På denne måten får den huda som har potensial til å gro av seg sjølv moglegeit til det.

Før

  • Ein må faste frå midnatt kvelden før operasjonen.
  • Det vil bli teke blodprøvar og ein vil klargjere blod til blodoverføring, sidan det ofte er behov for dette ved store brannskadeoperasjonar.
  • Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose med riktig smertelindring

Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer ved brannskadeoperasjonar. Det trengs gjerne ein time med førebuande arbeid på operasjonsstova før sjølve operasjonen kjem i gang. I denne fasen ligg ofte pasienten alt i narkose.

Under

Ved operasjonen fjernar ein først den huda og dei underliggande strukturane som er brent i stykker. Ved store skadar er det mange kirurgar som arbeider saman, gjerne 3-4 stk. Dette vert gjort for å gjere operasjonen så effektiv som mogleg slik at påkjenninga for pasienten vert minst mogleg.

Når ein har fått fjerna alt brannskada vev, ynskjer ein om det er mogleg å dekke pasienten sine sår med hans/hennar eiga hud i form av ein delhudstransplantasjon.

I nokre tilfelle er det ikkje mogleg å dekke alle sårflater med pasienten si eiga hud. Ein vil då nytte syntetiske produkter og ulike spesialbandasjar i ein fase fram til det seinare vert mogleg å dekke sårområda med pasienten sin eigen hud.

Dersom djupareliggande strukturar er øydelagde kan det og vere aktuelt med komplekse plastikkirurgiske teknikkar som til dømes stilka og frie vevslappar (der ein flyttar musklar/bein/hud frå ein stad på kroppen til ein annan).

Mindre inngrep tar ned til 20-30 minuttar, medan store brannskadeoperasjonar gjerne varer ein heil arbeidsdag eller meir.

Les meir om Hudtransplantasjon ved brannskade

Hudtransplantasjon ved brannskade

Den vanlegaste forma for operasjonar ved brannskadar er hudtransplantasjonar.

Dei fleste større brannskadar treng omfattande kirurgi. Etter at ein har fjerna den huden og det underliggande vevet som er brent i stykker, er målet å få dekka såra med pasienten sin eigen hud. Dette vert hovudsakleg gjort gjennom det vi kallar delhudstransplantasjon.

Eit delhudstransplantat består av overhuda og litt av lêrhuda, og er ca 0,2-0,3 millimeter tjukt. Det vert gjennomhôla slik at det kan verte strekt ut og på den måten dekke eit større område. Hôla slepp óg ut væske eller blod som ligg under. Difor kan det sjå fiskegarnmønstra ut. Etter kvart som såret gror, vil ny hud dekke desse hôla. Denne type hudtransplantat vert gjerne nytta når store sår skal dekkast. Huda vert ofte teke frå ein av pasienten sine lår.

Ved små sår, spesielt i ansiktet og på hendene, kan det vere aktuelt å nytte eit fullhudstransplantat.

Eit fullhudstransplantat består av alle hudlaga. Huda vert gjerne henta frå halsen, bak eller framom øyret, fra innsida av overarmen eller frå lyskene.

  1. Før

    Dei alle fleste hudtransplantasjonar vert utførte på operasjonstove med pasienten i narkose.

    • Ein må faste frå midnatt kvelden før operasjonen.
    • Det vil bli teke blodprøvar og ein vil klargjere blod til blodoverføring, sidan det ofte er behov for dette ved store brannskadeoperasjonar.
    • Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose med riktig smertelindring.

  2. Under

    Dei fleste hudtransplantasjonar ved behandling av akutte brannskadar er det vi kallar delhudstransplantasjonar. For å redusere blodtapet mest mogleg vil ein gjerne infiltrere huda med ei løysing med fysiologisk saltvatn tilsett litt adrenalin før ein startar operasjonen, vidare vil ein gjerne nytte tøyklutar som er dyppa i ei liknande adrenalingløysing til å legge på såra for å stoppe blødning fortast mogleg.

    Ein haustar eit 0,2-0,3 millimeter tjukt hudlag frå ein stad på kroppen kor huden er uskada. Ofte nyttar ein hud frå låra eller hovudbotnen. Denne huden vert gjerne ekspandert ved å lage hôl i den omtrent som eit fiskegarn, alternativt ved å dele den opp til mange bitte små kvadratiske hudbitar.

    Ein nyttar så hudtransplantatet til å dekke dei reingjorde såra. Transplantata kan festast ved at ein syr, stiftar eller limer dei fast til såra. Ein kan og i nokre tilfelle fiksere transplantata ved å nytte det ein kallar vakuumbandasjar, det vil seie ein bandasje som dekkes med lufttett film og ein koplar på eit sug/undertrykk for at bandasjen skal halde seg på plass.

    Der ein har hausta hud ifrå får ein eit nytt sår som tilheler av seg sjølv i løpet av 2-3 veker.

    For svært små defektar på hender og i ansiktet kan det vere aktuelt å nytte fullhudstransplantat til å dekke sår. Desse består av alle hudens lag og gjer ofte mindre arrproblem vidare, men her har ein begrensa areal tilgjengelig og risikoen for å mislukkast er noko større. Ein vil oftast nytte dette i seinare fasar til dømes ved rekonstruktive inngrep.

    Etter at hudtransplantasjonen er ferdig dekker ein transplantata med bandasjar og det same gjeres med donorstaden, det vil seie områder kor ein hausta huden i frå.

    Operasjonstida avheng av kor stor skaden er. Den kan varierer frå 15-20 minuttar til mange timar.

  3. Etter

    Etter hudtransplantasjonar er det vanleg å vente 5-7 dagar før ein pakkar ut dei transplanterte områda. Då har huden fått sjansen til å feste seg på den nye staden og nye blodårer har fått vekse inn frå sårbotnen og inn i hudtransplantatet. Deretter vil ein gjerne stelle området om lag kvar tredje dag inntil alt er tilhela. På donorstaden freistar ein å la bandasjen ligge urørt dei fyrste 14 dagane. Her vil huden kunne gro ut igjen av seg sjølv, på mange måtar som ved eit stort skrubbsår. Dersom ein mistenker infeksjon, kan det vere aktuelt å skifte på dei opererte områda tidlegare.

    I dei fleste tilfelle vil pasienten kunne bevege seg fritt etter operasjonen. Dersom hudtransplantata ligg over ledd, kan det vere kirurgen legg inn ei gipsskinne i bandasjen for at ein ikkje skal bevege det aktuelle leddet for mykje dei fyrste dagane. Det kan og vere aktuelt at det vert lagt på ein vakuumbandasje.

Ver merksam

Dersom ein får feber, aukande smerte eller føler seg i dårlegare allmentilstand, kan dette vere teikn på infeksjon. Det er då viktig at ein kontaktar personalet og får dei til å vurdere om det er behov for å framskynde planlagde sårstell.

Gå til Hudtransplantasjon ved brannskade

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Etter

Etter operasjonen vil ein verte overvaka på ei spesialavdeling fram til ein er skikkeleg vaken, på same måte som for alle andre nyopererte pasientar. Deretter vil ein verte flytta tilbake til ei vanleg avdeling.

For store brannskadar kan det vere aktuelt å verte overvaka på ei intensivavdeling/brannskadeavdeling. Det kan og vere tilfelle ved svært alvorleg skadde der det ikkje er aktuelt å vekke pasienten dei fyrste dagane og ein vert liggande i ein samanhengande narkose fram til ein er stabil nok til å tole oppvakning.

I fasen etter operasjon ynskjer ein å få pasienten mobilisert og i stand til å ete og drikke godt sjølv så raskt som råd. Dette er med og sikrar best mogleg sluttresultat og reduserer også faren for komplikasjonar.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Pasientreiser

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Til besøkande på Brannskadeavdelinga

​Mange av pasientane våre har eit nettverk av familie og vener som ynskjer å komme på besøk og/eller ynskjer informasjon om korleis pasienten har det.

Til pasientar ved Brannskadeavdelinga

​Brannskadepasientane vi behandlar varierer frå den alvorleg kritisk sjuke intensivpasienten til den vakne snart utskrivingsklare pasienten som klarer å ete og drikke sjølv. Felles for dei er at dei gjennom opphaldet treng gjenteke sårstell og kirurgi.

  • Sjå all praktisk informasjon til deg som er pasient

 

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?