Ved operasjonen fjernar ein først den huda og dei underliggande strukturane som er brent i stykker. Ved store skadar er det mange kirurgar som arbeider saman, gjerne 3-4 stk. Dette vert gjort for å gjere operasjonen så effektiv som mogleg slik at påkjenninga for pasienten vert minst mogleg.
Når ein har fått fjerna alt brannskada vev, ynskjer ein om det er mogleg å dekke pasienten sine sår med hans/hennar eiga hud i form av ein delhudstransplantasjon.
I nokre tilfelle er det ikkje mogleg å dekke alle sårflater med pasienten si eiga hud. Ein vil då nytte syntetiske produkter og ulike spesialbandasjar i ein fase fram til det seinare vert mogleg å dekke sårområda med pasienten sin eigen hud.
Dersom djupareliggande strukturar er øydelagde kan det og vere aktuelt med komplekse plastikkirurgiske teknikkar som til dømes stilka og frie vevslappar (der ein flyttar musklar/bein/hud frå ein stad på kroppen til ein annan).
Mindre inngrep tar ned til 20-30 minuttar, medan store brannskadeoperasjonar gjerne varer ein heil arbeidsdag eller meir.