Nevrografi er ei objektiv måling av perifer nervefunksjon ved hjelp av nevrofysiologisk teknikk. Nevrografiske undersøking blir brukt til å måla generelle og lokaliserte forandringar i perifere nervar og nerve- muskelovergangar.
Resultata er eit supplement til klinisk diagnostikk og kan i nokre høve bli brukt for å følgja sjukdomsutvikling eller behandlingseffekt.
Undersøkinga kan vera aktuell ved utgreiing av skade i ein enkeltståande nerve (f. eks Karpal tunnel syndrom), ved generell skade i fleire nervar, muskelsjukdomar, motor nevron sjukdomar eller ved traumatisk skade.