Førebuingar heime
Blodfortynnande medisinar
Nokre blodfortynnamde medisinar må du ikkje ta før behandlinga, dette avtaler du med kirurg/tannlege. Elles skal faste medisiner takast som vanleg bortsett frå Insulin og andre sukkesjukemedisinar og vanndrivande medisiner. Hugs og å seie ifrå om du bruker naturmedisinar, for eksempel ginkgo, ginseng og kvitløk.
Ta med medisinar
Ta med deg alle medisinar som du bruker til vanleg (alternativt ei liste over alle medisinar). Det er viktig at sjukehuset veit kva medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin).
Bedøvingsmiddel/plaster Om ein ønskjer, kan ein kjøpe bedøvnigskrem/plaster reseptfritt på apoteket. Kremen er i eit plaster som kan settast på handa (og evt på innsida av olbogen) ein time før behandling startar. Dette kan vere spesielt til hjelp for barn.
Røyking
Det er påvist at røyking oftare fører til lungekomplikasjonar (lungebetennelse) og sårinfeksjon. Dersom du røyker tar det også lenger tid å bli frisk. Du bør derfor slutte å røyke 4-8 veker før operasjonen. Sjølv om du ikkje klarar å slutte å røyke fleire veker før inngrepet, er det viktig at du ikkje røyker den dagen du skal opererast.
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Barn (opptil 18 år): Med mindre anna er avtalt gjeld følgande: Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt) inntil 1 time før operasjon. Barnet kan få morsmjølk/-erstatning inntil 4 timar før operasjon. For mjølk og fast føde gjeld same reglar som for vaksne (6 timar).
Vaksne: Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Munnhygiene Skal du operere i munnen, bør du pusse tennene og tunga kvelden før og om morgonen operasjonsdagen og skylje med munnskyljevatn som Corsodyl eller Paroex i forbindelse med tannpuss
Påkledning
Briller og høyreapparat kan du ha på deg/med deg. Du må fjerne ringar, klokker, øyredobbar, piercingar, kontaktlinser, sminke og neglelakk før operasjonen.
Du må gjerne gå kledd i joggebukse eller anna lettsittjande tøy. Ta gjerne med eit ekstra par bukser.
Førebuingar på sjukehuset
Før du blir lagt i narkose vil du igjen bli spurt om nakkeplager, allergiar og tannstatus. Du har blitt spurt om dette tidlegare, men sjukehuset ønsker å vere på den sikre sida.
Tannstatus
Sjukehuset må vite om du har protesar, bru, kroner, stifter eller lause/kunstige eller dårlige tenner. Du kan bruke protesar frem til du kjem inn til operasjonsstova. Vi tek ut protesane før du sovnar.
Allergi
Du må seie ifrå om allergiar og matintoleranse. Det er viktig at vi får opplysningar om medisinar du ikkje toler eller kan bruke.