HELSENORGE
Klinisk nevrofysiologi KNF

Multippel søvnlatens test (MSLT)

Multippel søvnlatens test er ein standardisert test ved søvnigheit på dagtid. MSLT kan vera ein aktuell test å ta for personer som har eit ualminneleg stort søvnbehov og/eller som søv til uvanlege tider/i uvanlege situasjonar (for eksempel under aktivitet).



Innleiing

MSLT måler hjernebylgjer (elektroencefalografi), muskelaktivitet (elektromyografi) og rørsle av augo (elektrooculografi) som samla viser tidspunkt for vakenheit, inntreden av søvn og ulike søvnstadium.



Før

  • Et og ta dei vanlege medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking dersom ikkje andre beskjeder er gitt. Ver likevel merksam på at nokre medikament som påverkar vakenheitsgrad (berolegande- eller sentralstimulerande medisin) bør klarerast med lege på søvnsenteret, i så fall minst 2 veker før undersøkinga.
  • Ikkje drikk koffeinholdig drikke som kaffi / te/ cola eller energidrikk den dagen du skal på undersøking.
  • Røyk, snus (nikotin) bør ein ikkje ta og i alle fall ikkje dei siste 30 min. før registrering.
  • Det er av verdi å vite kor god søvnen har vore natta før ein MSLT. Difor vert dette  stort sett alltid gjort dagen etter ein polysomnografiregistrering.



Under

Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?

  • Etter avtale med sjukepleier, skal ein fire gonger i løpet av dagen leggja seg på eit rom i avdelinga, lukka augo og slappe av i 20 minuttar.
  • Det er viktig å ikkje sova mellom dei fire kvileperiodane.
  • Det kan vera lurt å ta med noko å gjera på.
  • Etter undersøkinga er det mogleg å ta en dusj på avdelinga.
  • Undersøkinga er ferdig ca. kl. 15:00.



Etter

Resultatet av testen blir sendt til den legen som har tilvist deg.



Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Endre eller avbestillie time Ved KNF

Dersom du ynskjer å avbestilla eller endra ein time ved KNF kan du lesa meir om korleis du gjera dette her. Det finst to måtar å gjere det på. Enten kan du rinja mellom kl. 08.00-15.00 alle kvardagar eller kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestilla time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakta oss på telefon.

Skal du på PSG og/eller MSLT undersøking?
Har du behov for å avbestilla time til Polysomnografi (PSG) og/eller Multippel søvnlatens test (MSLT), bør timen avbestillast 14 dagar i førevegen.


Dersom du ikkje møter fram til timen
Dersom du ikkje møter fram til timen utan å seia i frå innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med eit gebyr på kr 640,- fastsatt i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort.

Via internett
No kan du sjekka timeavtalane dine og skriva meldingar til avdelinga du har time hjå på nettet. I tillegg til å sjå timen din, kan du senda ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • få oversikt over dine timeavtalar
  • senda ei melding til avdelinga du har time hjå (ikkje røntgen)
  • sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

 
Innsyn for pårørande
Har du barn under 12 år, som bur på sama folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velja namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane.

Framleis brev i posten
Denne sida vil ikkje enno erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møta, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Via telefon
Du kan også rinja til oss for å endra eller avbestilla timen din. Vi har telefontid mellom 08.00-15.00 måndag til fredag, telefon: 55 97 51 20.

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettleiing

Elektronisk ID

Pasientopplysningar

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?