Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientdialog med MS-sjukepleiar

Nytt tilbod til deg som har multippel sklerose. No kan du ta kontakt med MS-sjukepleiar via dialogmelding på helsenorge.no.

Kvinne med nettbrett på helsenorge.no. foto

Du kan no nytte dialogmelding på helsenorge.no for spørsmål til oss om din MS-sjukdom. Merk at dette gjeld spørsmål som fastlegen ikkje kan svare på. Spørsmåla frå deg og svara frå oss blir ein del av journalen din og vert handert på ein sikker måte.

Fastlegen er viktig for å sikre at du får god og koordinert helsehjelp. Svar frå oss som vi vurderer at fastlegen din bør vite om, blir sendt dit.

Kva gjer du?

Logg deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «MS sykepleier» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til MS-sjukepleier.

Logg inn - Min helse (helsenorge.no)
Meir informasjon om korleis du loggar på, finn du ved å laste ned  brukarrettleiinga (pdf).

Plakat - Pasientdialog med MS-sjukepleiar (pdf)

Sist oppdatert 02.03.2023