Når pasienten kjem inn på sjukehuset vil han/ho bli tatt imot umiddelbart. Det vil bli gjennomført ein standarisert traumeundersøkelse for å avdekke eventuelle livstrugande og alvorlege problem som det hastar å få gjort noko med.
Deretter vil det gjerne bli supplert med nødvendige billedundersøkingar, til dømes røntgenbilder.
Ein sjeldan gong kan det vere aktuelt at pasienten må takast direkte til operasjonsstova for akutt kirurgi. Det er då oftast snakk om eskarotomiar (å dele den uelastiske, brannskadde huden slik at ein unngår skadeleg auke av vevstrykket i den aktuelle delen av kroppen) eller fasciotomiar (å dele ei muskelhinne for å unngå skadeleg auke av vevstrykket inne i ein muskel).
Vidare vil ein gjennomføre ei systematisk gjennomgang og vurdering av brannskadane pasienten har pådrege seg. Ein vil freiste å finne ut kor mykje av huden som er skada og kor djupt skada denne huden er. Til slutt vil ein vaske og stelle alle brannsåra og dekke desse med reine bandasjar.
Det akutte mottaket og vurderingane tek gjerne 30-60 minuttar. Dersom det er snakk om svært omfattande skadar kan sårstellet ta fleire timar.
Operasjon av brannskade
Store og djupe brannskadar gror ikkje av seg sjølv og må som oftast opererast.
Dersom ein har djupe brannskadar vil ikkje huda ha moglegheit for å gro av seg sjølv. Det er då nødvendig å operere. Fyrste steg er å ta bort all brent og øydelagt hud og underliggande vev. Deretter freistar ein å dekke dei åpne sårflatene med pasienten si eiga hud dersom dette er mogleg. Som oftast vil dette vere i form av ein delhudstransplantasjon.
Ved brannskadar som heilt sikkert er djupe, vil ein helst fjerne alt brent og øydelagt vev innan tre døger etter at skaden inntreff. For mindre skadar, og spesielt for skåldingsskadar som ofte har molegheit til å kunne gro av seg sjølv, vil ein nokre gongar vente opp mot to til tre veker før ein opererer. På denne måten får den huda som har potensial til å gro av seg sjølv moglegeit til det.
-
Før
- Ein må faste frå midnatt kvelden før operasjonen.
- Det vil bli teke blodprøvar og ein vil klargjere blod til blodoverføring, sidan det ofte er behov for dette ved store brannskadeoperasjonar.
- Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose med riktig smertelindring
Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer ved brannskadeoperasjonar. Det trengs gjerne ein time med førebuande arbeid på operasjonsstova før sjølve operasjonen kjem i gang. I denne fasen ligg ofte pasienten alt i narkose.
-
Under
Ved operasjonen fjernar ein først den huda og dei underliggande strukturane som er brent i stykker. Ved store skadar er det mange kirurgar som arbeider saman, gjerne 3-4 stk. Dette vert gjort for å gjere operasjonen så effektiv som mogleg slik at påkjenninga for pasienten vert minst mogleg.
Når ein har fått fjerna alt brannskada vev, ynskjer ein om det er mogleg å dekke pasienten sine sår med hans/hennar eiga hud i form av ein delhudstransplantasjon.
I nokre tilfelle er det ikkje mogleg å dekke alle sårflater med pasienten si eiga hud. Ein vil då nytte syntetiske produkter og ulike spesialbandasjar i ein fase fram til det seinare vert mogleg å dekke sårområda med pasienten sin eigen hud.
Dersom djupareliggande strukturar er øydelagde kan det og vere aktuelt med komplekse plastikkirurgiske teknikkar som til dømes stilka og frie vevslappar (der ein flyttar musklar/bein/hud frå ein stad på kroppen til ein annan).Mindre inngrep tar ned til 20-30 minuttar, medan store brannskadeoperasjonar gjerne varer ein heil arbeidsdag eller meir.
-
Etter
Etter operasjonen vil ein verte overvaka på ei spesialavdeling fram til ein er skikkeleg vaken, på same måte som for alle andre nyopererte pasientar. Deretter vil ein verte flytta tilbake til ei vanleg avdeling. For store brannskadar kan det vere aktuelt å verte overvaka på ei intensivavdeling/brannskadeavdeling. Det kan og vere tilfelle ved svært alvorleg skadde der det ikkje er aktuelt å vekke pasienten dei fyrste dagane og ein vert liggande i ein samanhengande narkose fram til ein er stabil nok til å tole oppvakning.I fasen etter operasjon ynskjer ein å få pasienten mobilisert og i stand til å ete og drikke godt sjølv så raskt som råd. Dette er med og sikrar best mogleg sluttresultat og reduserer også faren for komplikasjonar.
Gå til
Operasjon av brannskade
-
Oppmøte
Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.
Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.
Sårstell etter brannskade
Fram til ein brannskade er grodd vil ein ha behov for sårstell. Dette gjeld både om skaden vert operert eller om den vert behandla utan operasjon. Slike sårstell vil i varierande grad vere smertefulle, og ved omfattande skadar vil ein i byrjinga ha behov for narkose. Stell og reingjering av sår hos brannskadde er viktig for å redusere faren for infeksjonar.
-
Før
Ved større sårstell der det er behov for sedasjon eller narkose, må ein forberede stellet på same måten som ein forbereder ved andre operasjonar.
- Ein må vere fastande
- Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose/sedasjon med riktig smertelindring
- Det er gjerne behov for å utføre stellet på ei operasjonsstove.
Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer når ein nyttar sedasjon/narkose. Det er og nødvendig å klargjere store mengder materiell til stell og bandasjar. Det trengs då gjerne opp mot ein halv time med forberedande arbeid før sjølve sårskiftet kjem i gang.
Ved Brannskadeavdelinga har vi muligheit for å gje narkose på det rommet der pasienten befinn seg resten av døgeret. For pasientar som ligg ved andre avdelingar på Haukeland har vi og muligheit for å utføre sårstell på eit sårstellsrom inne på Brannskadeavdelinga. Avdelinga har eigne anestesilegar og anestesisjukepleiarar som tek vare på og overvakar pasienten i samband med narkose og sedasjon.
-
Under
Ved store skadar og omfattande sårstell vil pasienten gjerne ligge i narkose når stellet vert utført. Etter kvart som skadane gror og ved mindre skadar vil gjerne pasienten kunne vere vaken under sårstellet.
Ei startar med å fjerne alle gamle bandasjar. Deretter vaskar ein alle sårflater og inspiserer såra. Ved mistanke om infeksjon tek ein gjerne prøvar frå såroverflata for å sjå om det veks sjukdomsframkallande bakteriar der. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med meir hardhendt mekanisk reingjering av sårflatene, for å fjerne skorper, gamle hudrestar og liknande. Såra blir ofte tatt bilete av, så situasjonen kan dokumenterast i pasienten sin journal.
Dersom det er spørsmål om endring av behandling eller behov for operasjon, vil ein kirurg ta stilling til dette.
Ein vil til slutt bandasjere pasienten på best mogleg måte, her finns det ei rad ulike bandasjar og sårprodukt som ein velger blant. Hovudmålet er å finne den bandasjen som gjev best tilheling, samstundes som den gjev minst mogleg fare for infeksjon og bidreg til at ein slepp alt for hyppige sårskift.
Stell av store skadar kan ta fleire timar, medan stell av små skadar kan vere unnagjort på nokre få minuttar.
Ved stell av dei større skadane ved Brannskadeavdelinga, vil også fysioterapeut delta for å utnytte muligheten til passiv tøying av ledd i samband med narkose/sedasjon. Vidare vil ein ofte nytte narkosen til å få utført andre tilsyn og undersøkingar som kan vere ubehagelege eller smertefulle.
-
Etter
Dersom det er nytta narkose eller sedasjon vil ein gjerne bli overvaka på same måte som nyopererte pasientar.
På Brannskadeavdelinga foregår sårskifta stort sett på pasienten sitt eige rom , og ein vil verte overvaka der fram til ein er skikkelig vaken.
Gå til
Sårstell etter brannskade
-
Oppmøte
Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.
Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.