Det må ofte gå litt tid etter ei behandling er sett i gang, før ein kan seie om behandlinga er effektiv eller ikkje. Om du får medikamentell behandling, vil behandlingslengde vere avhengig av kva for medisin du får. Etter kirurgisk behandling ved operasjon vil du enten kunne reise heim etter nokon timar (dagkirurgi) eller du er innlagt på sjukehus i 1-3 dagar. Etter operasjon er det vanleg med sjukmelding. Varigheit på sjukmeldinga varierer etter kva slags operasjon som er utført.
Det kan vere aktuelt å komme til kontroll på sjukehuset, eller avtale kontroll hos fastlegen eller din eigen private gynekolog. Dette blir du einig med legen om. På ein slik kontroll er det viktig å kunne seie noko om du opplever at behandlinga har vore effektiv eller ikkje. Skriv gjerne ein slags dagbok over korleis menstruasjonsblødinga har vore etter at du har starta med behandlinga, og om du har smerter. Det vil då vere lettare å sjå effekten av behandlinga.
Dei fleste pasientane som har fjerna livmora og ikkje livmorhalsen (cervix), vil ikkje lengre ha menstruasjonsblødingar, og treng sjeldan kontroll.