HELSENORGE
Medisinsk klinikk

Malabsorpsjonssyndromer

Malabsorpsjon betyr manglende evne til å ta opp næringsmidler i tarmen. Dette kan skyldes spesifikke medfødte tilstander eller komme som følge av sykdommer som affiserer mage eller tarm.

Innledning

Vurdering av mulighet for malabsorpsjon gjøres både ved generelle symptomer fra mage-tarm og ved tilstedeværelse av kroniske sykdommer som Crohn sykdom, cøliaki, eller sykdommer som affiserer bukspyttkjertelen. Spesiell oppmerksomhet omkring malabsorpsjon er nødvendig etter kirurgi som affiserer mage-tarm. Malabsorpsjon kan gi seg til kjenne både som generelt redusert næringsopptak med påfølgende vekttap og kraftløshet, eller som mer spesifikke mangeltilstander som for eksempel jernmangel, folatmangel, mangel på vitamin B12, D-vitamin eller andre enkeltvitaminer.

Ved enkelte tilstander som for eksempel medfødt laktoseintoleranse eller manglende fettopptak ved svikt i bukspyttkjertelfunksjonen, kan en oppleve mer generelle symptomer fra magetarmsystemet som diarè, mageknip eller luftsmerter.

Ofte vil evaluering av malabsorpsjon gjøres som ledd i generell oppfølging av kroniske sykdommer i mage-tarm. Et program vil som regel inneholde både en samtale med klinisk undersøkelse, en generell gjennomgang av kosten, blodprøver og eventuelle supplerende undersøkelser med avføringsprøver eller endoskopi som er nødvendige for å avdekke underliggende årsaker.

Henvisning og vurdering

Ofte vil fastlegene kunne gjennomføre mye av den første utredningen for malabsorpsjon. Både oversikt over matinntak og relevante blodprøver kan sendes fra fastlegekontoret.

Henvisning videre til spesialist er nødvendig der det avdekkes spesifikk sykdom som krever oppfølging i spesialisthelsetjenesten eller der en ikke finner noen klar årsak til malabsorpsjonen.

Henvisning direkte til gastroskopi eller koloskopi kan også sendes direkte fra fastlegen dersom det er klar indikasjon for dette ut fra de innledende undersøkelsene.

Helsepersonell

Sjekkliste for henvisning - fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

Helsepersonell

fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

  • Kort anamnese med vekt på tidligere sykehistorie, spesielt tidligere mage-tarm kirurgi, symptomer og klinisk undersøkelse.
  • Opplysning om ernæringstilstand; vekt, høyde, BMI, eventuelt vekttapshistorikk.
  • Svar på orienterende blodprøver: Hb, MCV, ferritin, transferrinreseptor, Kobalamin, folat, trombocytter, crp, Ca, albumin, Na, k, Mg, kreatinin
  • Svar på andre relevante supplerende undersøkelser: Cøliakiantistoffer, gentest laktose intoleranse, avføringsprøver (Parasitter, kalprotectin, elastase).
  • Opplysning om tidligere endoskopiske eller billediagnostiske undersøkelser med resultat og biopsisvar. 

Utredning

Slik utredning skjer oftest poliklinisk på sykehuset. Her vil en gjennomgå sykehistorien på nytt med vekt på tidligere sykehistorie, symptomer og klinisk undersøkelse. En vil også gjøre en gjennomgang av ernæringstilstand; vekt, høyde, BMI og vekttapshistorikk.

Følgende undersøkelser vil være aktuelle 

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

  1. Før

    Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).

    Ta med legitimasjon

    Du må ta med deg legitimasjon. Rekvisisjon kan vera sendt til laboratoriet før prøvetaking, om du har fått ein papirrekvisisjon må du ta med denne. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

    Du betalar ikkje eigendel for å ta blodprøve.

    Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.

    Blodprøver av barn

    Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

    Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma og avleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

    Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

    Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

    Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

    Ofte stilte spørsmål
    Korleis skal eg førebu meg?

    Analyseresultatet blir påverka av ei rekkje forhold, følg derfor instruksane om faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.

    Kvifor skal eg sitje i 15 minutt før prøvetaking?

    Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.

    Kva vil det seie å vere fastande?

    Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.

    Kan eg ta medisinar før blodprøvetakinga?

    Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om det.

    Kan eg trene før blodprøvetakinga?

    Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.

    Tidspunkt for blodprøvetaking?

    Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du rekvirerande lege.

    Skal eg ta med rekvisisjon?

    Dersom du har fått rekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til Poliklinikk for blodprøvetaking. Pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta (f. eks. fastlege) må ha med utfylt papirrekvisisjon dersom denne ikkje er sendt laboratoriet elektronisk.

    Gjer det vondt?

    I dei fleste tilfelle er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle det ubehageleg og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom det gjeld deg, slik at forholda kan leggjast til rette for ei god prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast til venepunksjon, men må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.

    Korleis går blodprøvetakinga for seg?

    Prøvetakaren spør om pasientens fulle namn og fødselsdato/fødselsnummer. Blodprøven blir vanlegvis teken i armen, og det er en fordel å ha klede som er lette å rulle opp på overarmen. Prøvetakaren strammar eit band rundt overarmen for å få fram tydelege blodårer, deretter blir kanylen ført inn i blodåra. Det blir brukt sterilt eingongsutstyr ved blodprøvetaking. Prøvetakingsrøyret blir automatisk fylt med blod når kanylen er godt plassert i blodåra. Vanlegvis blir det tappa éin til fem prøvetakingsrøyr med blod, avhengig av kor mange analysar legen har bestilt.

    Korleis går blodprøvetakinga på barn for seg?

    Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.

    Kor lang tid tek det å ta ein blodprøve?

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Det er tilrådd å sitje i ro i om lag 15 minutt før prøvetakinga. Glukosebelastingar og andre belastingsprøvar må avtalast på førehand og går for seg i løpet av eit par timar ved at det blir teke fleire blodprøvar i løpet av denne tida.

    Når får eg analyseresultatet?

    Analyseresultatet blir rapportert til rekvirerande lege eller avdeling. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller tilknytt ein av poliklinikkane til sjukehuset, vil analyseresultata vere tilgjengelege elektronisk like etter analyseringa. Dei fleste analyseresultata blir ferdige same dagen, mens nokre analyseresultat tek lengre tid.

    Laboratoriet kan ikkje oppgi analyseresultatet til pasienten. Det er legen som informerer om analyseresultata. Det er berre dei komponentane som legen har bestilt, som blir analyserte.

    Skal eg betale eigendel?

    Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.

  2. Under

    Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

    Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør.

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sitte i ro i minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.

    Sei ifrå om du bli uvel undervegs

    For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.

  3. Etter

    Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

    Ein sjeldan gang blir blodprøva tatt frå ein arterie. Da vil du få beskjed om å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

    Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

    Resultat av undersøkinga

    Resultat på blodprøva blir sendt til den som har bestilt prøven for deg. Tilvisande lege informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

    Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

    Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.

    Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.

Gå til Blodprøve

Oppmøte

Les meir om kor du kan ta blodprøvar og våre opningstider

Les meir om Gastroskopi

Gastroskopi

Gastroskopi er ei undersøking av spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein skjerm. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar som betennelse, sår eller godarta/ondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast. 
  1. Før

    Prosedyrar kan variere noko frå stad til stad, men vanlegvis gjeld følgande:

    • Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter kl. 24:00 kvelden før undersøkinga - eller seinast 6 timar før undersøkinga.

    • Dersom du brukar Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg anførte råd i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlege. Hensikta er å unngå alvorleg blødning i forbindelse med undersøkinga. Brukar du insulin må du kontakte fastlegen din slik at medisinen kan justerast.

    • Det kan vere at du blir gitt ein beroligande medisin i forbindelse med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. Før undersøkinga kan du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime.

    • Om du brukar Albyl-E, som einaste blodfortynnade medisin, treng du ikkje stoppe med denne.

    • Du vil få plassert ein plastring mellom tennene for å hindre at du biter i skopet. Eventuelle lause tenner må tas ut før undersøkinga tek til.

  2. Under

    Gastroskopet er ein fingertjukk bøyeleg slange som er tynnare enn mykje av den maten du svelger ned.

    Vi fører gastroskopet inn gjennom munnen, nedover spiserøyret og vidare ned i magesekken og tolvfingertarmen. Luft blir blåst inn for å utvide området slik at undersøkaren får best mogleg oversikt. Når undersøkinga pågår, ligg du på venstre side på ein benk. Brekningstendens, trykkfornemmelse og oppblåsthet er vanlege ubehag. Undersøkinga tek vanlegvis mellom 5 og 10 minutt.

  3. Etter

    Det forekjem nesten aldri skadar av sjølve skopet. Hvis det blir fjerna polyppar, kan det imidlertid ein sjeldan gong oppstå blødningar og det kan då bli nødvendig at du blir på sjukehuset til observasjon.

    Vidare oppfølging

    Legen fortel deg om resultatet av undersøkinga. Fastlegen din får ein rapport om undersøkinga, og resultat av eventuelle vevsprøver i løpet av 1-4 veker. Dersom prøvene viser forandringar som krev spesiell kontroll, eller anna oppfølging, som for eksempel tilvising til operasjon, blir dette ordna av legen som undersøkte deg eller fastlegen din.

Ver merksam

Dersom det oppstår spesielle problem etter undersøkinga, som oppkast av blod, svart og tjæreaktig avføring eller kraftige magesmerter, kan du ta kontakt med sjukehuset direkte.

Gå til Gastroskopi

Oppmøte
Meld deg i luka i 1. etasje i Sentralblokka, Medisinsk undersøkelse
Les meir om Koloskopi

Koloskopi

Koloskopi er ei undersøking av tjuktarmen. Dette blir gjort for å kunne sjå etter sjukdommar eller sår i tjukktarmen, og nedste del av tynntarmen. Vi kan ta vevsprøve (biopsi) frå slimhinna, fjerne polyppar og behandle blødingar.

Utstyret som blir brukt ved koloskopi er ein bøyeleg slange, omtrent like tjukk som ein peikefinger, med eit lite kamera og lys i tuppen.

  1. Før

    Det er svært viktig at du les godt det som står om førebuingar i innkallingsbrevet!
    Tarmtømming er heilt avgjerande for resultatet.
    Føresetnaden for ei vellykka tarmundersøking er at tarmen er heilt rein, det vil seie at avføringa er vasstynn og har tilnærma klar/lys farge.
    I innkallingsbrevet står det kva tarmtømmingsmiddel du skal bruke (for eksempel Picoprep, Plenvu, Citrafleet med fleire).
    Dersom du har tendens til forstopping, kan det vere behov for ekstra tarmtømming i forkant.
    Om du bruker viktige medisinar om morgonen, for eksempel hjarte eller lungemedisin, skal du ta desse saman med vatn slik du elles bruker å gjere.
    Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin, insulin eller diabetestablettar.
    Blodfortynnande medisinar skal ein som oftast slutte med frå 2-10 dagar før inngrepet. Kor mange dagar vil avhenge av kva medisinar du bruker. Dersom dette ikkje er klart ut frå innkallingsbrevet du har mottatt, ta kontakt med fastlegen din eller sjukehuset i god tid.
    Viss du står på Albyl-E treng du ikkje slutte med dette før inngrepet.
    Pasientar med mekanisk hjarteklaff eller nyleg koronarstent skal ikkje slutte med blodfortynnande medisinar.

  2. Under

    Sjølve undersøkinga varer vanlegvis mellom 15 og 45 minutt. Koloskopet blir ført inn i tjukktarmen og blir så trekt langsamt tilbake og vi får då sett innsida av heile tykktarmen.
    Det er viktig at du konsentrerer deg om å puste normalt og ikkje stramme musklane i magen.
    Når skopet blir ført forbi svingar på tarmen kan du kortvarig kjenne knipliknande smerte. Sjukepleiar trykker ofte på magen din for å minske ubehaget.
    Avslappande og/eller smertelindrende medisinar bruker vi av og til. Viss du på førehand trur du treng dette, gi beskjed når du melder deg.
    Du må gjerne ha med følge.
    Viss du har fått smertestillande eller avslappande medisinar kan du tidlegast køyre bil dagen etter undersøkinga.

  3. Etter

    Vanlegvis reiser du frå sjukehuset rett etter undersøkinga.
    Har du fått medisinar, og det eventuelt er utført behandling, vil vi ofte at du skal vere til observasjon 1-2 timar etter behandlinga.
    Etter undersøkinga vil det vere litt CO2-gass igjen i tarmane dine, derfor kan du kjenne deg litt oppblåst eller få litt mageknip etter undersøkinga.
    Dersom det er tatt vevsprøve i samband med undersøkinga blir desse sendt til nærare undersøking i mikroskop.
    Resultat av undersøkinga
    Resultatet av undersøkinga, forslag til vidare utgreiing og/eller behandling, får du som regel vite med ein gang.
    Legen som undersøker deg sender òg brev til fastlegen din, der han samanfattar resultatet av undersøkinga. Resultatet av vevsprøver som er tatt vil som oftast vere klart innan 4 veker, kopi av resultatet blir sendt til fastlegen og som regel pasienten sjølv.
    Er du innlagt på sjukehuset, og skal ha koloskopiundersøking, vil du få oppfølging på den avdelinga du høyrer til eller av legen som undersøkte deg. Skriftleg rapport blir sendt til avdelinga di rett etter at undersøkinga er ferdig.
    Oppfølging
    Du får oppfølging anten hos fastlegen din eller hos legen på sjukehuset.

Ver merksam

Skader på tjukktarmen av sjølve instrumentet skjer svært sjeldan.
Faren for komplikasjonar er størst viss det blir utført behandling, til dømes at vi må fjerne store polyppar eller må blokke tronge parti.
Viss du får magesmerter som aukar på, eller teikn på bløding, må du raskt ta kontakt med sjukehuset.

Gå til Koloskopi

Oppmøte
Meld deg i luka i 1. etasje ved Medisinsk undersøkelse.

Det kan også være aktuelt med mer spesifikke undersøkelser relatert til årsak: Cøliakiantistoffer, gentest laktose intoleranse, avføringsprøver (Parasitter, kalprotectin, elastase).

Andre undersøkelser kan også være relevante: 
Les meir om Ultralydundersøkelse

Ultralydundersøkelse

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Bruk av ultralyd er ikkje skadeleg for kroppen. 

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

  1. Før

    Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

    • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga. Du skal heller ikkje tygge tyggegummi eller ete pastillar. Er du avhengig av medisinar, skal du ta desse som vanleg med lite vatn.
    • Ved undersøking av urinblæra skal du drikke rikeleg i forkant og møte med full urinblære.
    • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

    Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i forkant av undersøkinga.

  2. Under

    Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

    Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

    I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

    I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

    Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

  3. Etter

    Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same. Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga.

    Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

    Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag.

Ver merksam

Ultralydundersøkinga medfører ingen komplikasjonar.

Gå til Ultralydundersøkelse

Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader

 

Mangel på andre vitaminer eller sporstoffer krever vanligvis ikke spesifikk utredning dersom ikke symptomer gir mistanke om annen sykdom.

Hvor lang tid tar normalt utredningsfasen:

Ventetid for utredning av malabsorpsjon vil variere mye. Alarmsymptomer som alvorlig vekttap, jernmangel med anemi, mye smerter eller nyoppstått kronisk diarè vil få en prioritet på 4-6 uker. Ved fravær av alarmsymptomer vil en malabsorpsjonsutreding typisk få prioritet 3-4 mnd.

Behandling

Behandling av malabsorpsjon vil avhenge av hvilken mangeltilstand som foreligger og hva som er årsaken. Oftest vil behandling foregå poliklinisk og i samarbeid med fastlegen.

Behandlingstid vil avhenge av årsak. Ofte kan mangeltilstander suppleres ganske raskt. De bakenforliggende tilstander er ofte kroniske og krever behandling som er tilpasset den enkelte tilstand.

Les mer om:

Crohns sykdomCystisk fibrose Cøliaki (helsenorge.no) Laktoseintoleranse (helsenorge.no) Jernmangel (helsenorge.no)

I tillegg er følgende tilstander aktuelle:

  • Bukspyttkjertelsvikt 
  • Kort-tarm
  • B12 mangel
  • Folatmangel
  • D-vitaminmangel
Les meir om Crohns sjukdom - operasjon

Crohns sjukdom - operasjon

Morbus Crohn er ein kronisk betennelsessjukdom i mage-tarm-kanalen. Sjukdommen kan vere flekkvis i heile fordøyingskanalen, men oppstår oftast i siste del av tynntarmen og kan forårsake diaré og vekttap. Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll med symptoma, men hos enkelte kan betennelsen forårsake forsnevringar i tarmen som fører til redusert eller manglande passasje. Hos desse pasientane kan kirurgi vere nødvendig.

  1. Før

    Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og stad.

    Faste

    Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

    Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

    Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

    På sjukehuset

    På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurg som skal operere deg.

  2. Under

    Kirurgisk behandling består som regel av å fjerne den sjuke delen av tarmen. Ein forsøkjer alltid å fjerne så lite tarm som mogeleg. Av og til nyttar ein kirurgiske teknikkar med korreksjon av forsnevringar utan at ein fjernar noko av tarmen.

    Tarmreseksjon (tynntarmreseksjon eller tykktarmreseksjon)

    Ved dette inngrepet fjernar ein kun det tarmavsnittet som forårsakar pasientens symptom og / eller komplikasjonar. Det er viktig for å unngå uønska påverknad av tarmfunksjon og næringsopptaket. Tarmreseksjon involverer ofte tynntarm, men kan også dreie seg om delar av tykktarmen. Den resterande delen av tarmen blir kopla saman igjen.

    Strikturoplastikk

    Når det ikkje er ønskeleg eller gunstig med fjerning av (ytterlegare) tarm, korrigerer vi forsnevringa og gjenopprettar uhindra passasje i tarmen.

    Stomi (utlagt tarm)

    Nokre pasientar må få utlagt tarm (stomi). Det vil seie ein pose på magen for oppsamling av tarminnhaldet.

  3. Etter

    Som regel vil du bli følgt opp hos tilvisande lege på medisinsk avdeling. Det er inga rutinemessig kontroll hos kirurg etter operasjon, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa ditt behov.

    Dersom du har fått utlagt tarm, får du oppfølging hos stomi-sjukepleiar.

    Før du reiser heim får du utfyllande informasjon, og du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukemelding.

Gå til Crohns sjukdom - operasjon

Oppfølging

Oppfølging av mangeltilstander som følge av malabsorpsjon vil avhenge av avdekket årsak. Ofte vil dette være et samarbeid mellom spesialist poliklinikken og fastlegen.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøksreglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 09.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?