Gassbobla skal ligge mot netthinna slik at hòlet gror. Dei tre første døgna etter operasjonen skal du derfor ikkje sjå oppover eller ligge på rygg. Om dagen kan du vere oppe som vanleg, og om natta kan du ligge på magen eller heilt over til ei av sidene.
For å beskytte auget blir det etter operasjonen lagt på eit gjennomsiktig skjold av plast foran auget. Du skal fortsette å drype auget allereie same dag, men elles behalde plastskjoldet på. Auget blir kontrollert dagen etter.
Etter dei første tre dagane treng du ikkje lenger halde den spesielle posisjonen. Gassbobla forsvinn i løpet av to-tre veker. Etter kvart som gassbobla forsvinn vil synet klarne ovanfrå og ned. Gassbobla vil du merke som ein svakt skjelvande kant liggande i synsfeltet. Så lenge du har gass i auget kan du ikkje reise med fly. Du kan heller ikkje vere sjåfør i bil i dei vekene. Du skal unngå å anstrenge deg hardt fysisk, men elles kan du leve som normalt. Auget skal du drype i fire-fem veker etter operasjonen, og etter det må det vanlegvis bli tilpassa nytt brilleglas for auget. Det vil ta fleire månader før synet blir ordentleg klart.